Hopp til innhold

UP og Røde Kors: Dette bør du hugse i påska

Påskeutfarten er i full gong, men onsdag er det venta mest trafikk. Ta pausar under køyreturen og sjekk skredvarselet er råda frå ekspertane.

Leirvassbu påske 2024

Bildet er frå Leirvassbu i Jotunheimen.

Foto: Marius Dalseg / DNT

– Vi må ta med oss at dei fleste blir teke av skred når det er faregrad 2 og 3, ikkje når han er høgast. Oppfordringa mi er å ta desse faregradene veldig alvorleg.

Det seier distriktsleiar i Røde Kors Hjelpekorps i Agder, Alexander Øen.

Måndag viser snøskredvarselet på varsom.no faregrad 2 for fjellområda i Agder. Det vil seie at det er moderat snøskredfare.

Skitur

Røde Kors vil ha folk i beredskap på dei fleste hyttedestinasjonane i Agder denne påska.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Lover god beredskap

Øen fortel at dei vil ha folk i beredskap på dei fleste hyttedestinasjonane i Agder denne påska.

– Vi har folk på Hovden, Brokke, Bortelid, Ljosland og Høgås. Beredskapen vår er ganske god, seier Øen.

Men det viktigaste er at folk gjer sine eigne undersøkingar før dei drar ut på tur, meiner han.

– Ein bør planlegge turen ut frå vêrmeldinga og skredvarslinga.

Øen minner om uttrykket «følg rygg, vêr trygg».

– Det vil seie at viss ein følger fjellryggen er ein trygg. Snøskred kjem i hellingar som er over 30 grader.

Påske på Hovden

Det er lurt å hugse kart, kompass og spade. Og at dei som har skredsøkar må ha den med og påslått.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

– Ta pausar i køyringa

Mange med påskeferie har allereie reist på fjellet eller andre stader, men det er først onsdag at det tar skikkeleg av i trafikken.

Distriktsleiar i Utrykkingspolitiet (UP), Karin Wallin, seier politiet vil vere til stades der hyttetrafikken går.

Særleg gjeld det stor veg som E18, Riksvei 41, Riksvei 9 og Fylkesveg 42.

Karin Wallin

Distriktsleiar i Utrykkingspolitiet (UP), Karin Wallin, seier politiet er der påsketrafikken er.

Foto: PHILIP HOFGAARD / NRK

– Vi er der folk ferdast og vil ha særleg fokus på fart, rus, åtferd og pakking av bil, seier Wallin.

Når det gjeld pakking av bilen har ho følgande råd:

– Det som er tyngst må først inn i bagasjerommet. iPader og liknande flaksar godt rundt viss det blir ein smell, og må sikrast. Sjølv små gjenstandar kan skade passasjerar i bilen.

Éin ting er Wallin særleg oppteken av i påsketrafikken.

– Ta gode pausar og unngå at det blir dårleg stemning i bilen.

Ho meiner fleire bør ta inn over seg at det er ferie og at også bilturen er ein del av denne.

Les også Slik skal stavkyrkja sjå ut når ho er ferdig

Modell Setesdal stavkirke

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %