– Dei har kanskje den beste førsteseksaren i ligaen. Det er eit lag beståande av svenskar og danskar. Dei har god fysikk, er gode taktisk og har mykje fart i laget, seier Gautestad til NRK.
– Det blir ei utfordring av dimensjonar, men ambisjonen er å slå dei, seier trenaren.
Høge skuldrer
I helga slo ØIF Arendal Drammen for første gang på bortebane. Arendalittane har komme seg gjennom ein tung periode, der dei har bomma mykje på mål.
– Litt av årsaka til at vi vann er at vi senka skuldrene. Det å senke skuldrene og leike litt med ballen har vore viktig. Vi har nok vore litt anstrengte med høge skuldrer. Det er mange som vil mykje, seier han.
Runar ligg på 3. plass før onsdagens kamp. Laget har kjempa i toppen heile sesongen, og må vinne for å ikkje falle av i gullkampen.
Trur på siger
– Optimismen er stor etter kampen i Drammen der vi var barrierebrytande og gjekk litt bananas, smiler Gautestad.
– Trua på siger er der og vi håpar på å vere gode nok til å utfordre eit veldig sterkt lag, seier han.
Med ØIF-siger er laget for alvor med i medaljekampen igjen. Truleg må dei vinne også dei to siste kampane mot Bodø og Follo for å ta medalje.
Blir det tap mot Runar er medaljedraumen knust allereie før dei to siste kampane.