Hopp til innhold

Mjelde skal vere med på ØIF-benken

Start-trenar Mons Ivar Mjelde skal sitje på benken til ØIF Arendal i toppkampen mot Runar onsdag. Dette kan bety starten på eit samarbeid mellom dei to klubbane.

Start-trenar Mons Ivar Mjelde skal sitje på benken til ØIF Arendal i toppkampen mot Runar onsdag. Dette kan bety starten på eit samarbeid mellom dei to klubbane.

VIDEO: Start og ØIF Arendal skal samarbeide i framtida.

– Vi har eit ynskje saman med Start å sjå på moglegheitene for å samarbeide om ting. Både reint sportsleg og også andre ting. Vi har eit ynskje om å setje Sørlandet meir på kartet, seier ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad til NRK.

I onsdagens viktige kamp mot Runar skal Mons Ivar Mjelde vere med Leif Gautestad på sidelinja.

Start-spelarane på tribunen

– Han skal vere med meg i teamet frå halvannan time før kamp og følgje opplegget vårt heile denne kvelden til vi er ferdige med kampen. Det betyr også at han skal sitje på benken saman med meg, seier Gautestad.

I tillegg vil heile Start-troppen vere til stades på VIP-tribunen under kampen. Start-spelarane blir også presentert i pausen i eliteseriekampen.

Håpet er at dei to klubbane skal samarbeide i framtida.

– Vi kan heilt sikkert dra nytte av kvarandre sin kompetanse. Forhåpentlegvis er dette starten på eit samarbeid som vi kan dra nytte av framover, seier Gautestad.

– Kva trur du Mjelde kan bidra med på sidelinja?

– Han kan sport og han kan sikkert mykje om handball også. Mjelde kan lagidrett og han kan mennesket. Det å komme med eit sitat eller berre vere der og sørgje for å oppleve noko nytt og spennande trur eg kan vere positivt for gutane, seier Gautestad.

Vil lære av Start

– Kva kan klubbane lære av kvarandre?

– Eg trur vi har bruk for mange av dei same ferdigheitene i det vi held på med. Eg trur også at reint organisatorisk kan lære av kvarandre. Så handlar det ofte om korleis vi kan motivere og påverke, og korleis vi kan få maks ut av ei spelargruppe, seier ØIF-trenaren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %