Hopp til innhold

– Eg kunne ikkje seie nei til Start

Mons Ivar Mjelde leia Start-spelarane på Sør Arena for første gang tysdag føremiddag. Den ferske Start-trenaren vedgår at han fekk eit tilbod han ikkje kunne seie nei til.

Video Mjelde på sin første Start-trening

PÅ PLASS: Mons Ivar Mjelde hadde si første Start-trening tysdag.

– Slike sjansar som dette veks ikkje på tre. Klubben kjem og vil ha deg og ynskjer at du skal bidra i mange år. Det er ei gedigen tillitserklæring at dei vil satse på meg over tid, seier Mjelde om 4,5 års kontrakta han har skrive under med klubben.

– Dette viser at klubben har lyst til å utvikle noko, seier Mjelde.

– Meir enn gode nok

Mjelde vedgår at han har sakna å vere involvert i toppfotballen. For eitt og eit halvt år sidan redda han Bryne frå nedrykk i 1. divisjon. Etter det har han jobba på ein skule heime på Osterøy.

– Eg og familien tykte det kunne vere spennande å komme inn igjen i sirkuset, seier Mjelde.

Start ligg tredjesist på tabellen etter halvspelt serie. Men Mjelde har stor tru på at laget vil komme ut av «uføret», og klarte på tabellen.

– Det beste eg har sett av dette Start-laget er meir enn godt nok. Eg trur at det kan liggje litt mentalt i at det svingar litt. Vi må prøve å stabilisere oss på eit høgare nivå. Vi må heve botnnivået vårt. Men det som allereie er bra må vi for all del byggje vidare på, seier Mjelde.

Mons Ivar Mjelde

KONSENTRERT: Mons Ivar Mjelde var konsentrert og energisk på si første trening med Start.

Foto: Øivind Eskedal/NRK

Vil ikke be om pengar

– Det handlar om å skape entusiasme og tru på dette, og få spelarane til å få fram det dei kan og dei sterke sidene. Eg vil sjå dei sterke sidene deira og håpar at vi kan frigjere energi, sjå framover og byggje oss opp saman, seier han.

Allereie onsdag får Mjelde sjå elevane sine i aksjon. Laget skal spele mot 2. divisjonslaget Fløy.

– Då får eg sjå dei i heilheit og eg får sjå dei i full bane. Vi vil ta tak i spelestilprinsippet slik at vi tenkjer mest mogleg likt. Eg håpar vi kan få nokre knaggar som gjer at vi allereie til helga kan framstå som eit godt lag, seier han.

Tidlegare Start- og Brann-spelar Claus Eftevaag har tidlegare sagt at Mjelde må ha pengar til å styrkje stallen dersom han skal lukkast. Mjelde vil ikkje be Start-leiinga om pengar til spelarkjøt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil ikkje be om pengar

– Eg håpar eg kan tilbakevise det. Eg ynskjer sjølvsagt så godt lag som mogleg, men tykkjer vi allereie har eit godt utgangspunkt. Vi har kjempegode spelarar og mitt første fokus vil vere å gjere dei spelarane vi har gode nok, seier Mjelde.

– Mitt fokus ligg ikkje på at eg må ha masse pengar til å styrkje laget. Eg har teke på meg ein jobb som eg veit er mogleg å gjere, og vi skal utvikle dette saman. Vi skal først og fremst utvikle den gjengen som er her, seier han.

Start-spelarane er positive til den nye trenaren.

– Det er eit spennande val. Han gjorde det bra i Brann, og holdt Bryne frå å rykkje ned. Vi hadde eit fint møte før trening og ei fin økt med mykje ball, seier Fredrik Strømstad.

– Vi må gjere jobben

Fredrik Strømstad

POSITIV: - Eit spennande val, seier Fredrik Strømstad om den nye Start-trenaren.

Foto: Øivind Eskedal/NRK
Ole Martin Årst

VIL HA INNSATS: Ole Martin Årst påpeikar at det er spelarane som må gjere jobben på bana.

Foto: Øivind Eskedal/NRK
Jesper Mathisen

FUTT: - Ein mann med futt i, seier Jesper Mathisen om Mons Ivar Mjelde.

Foto: Øivind Eskedal/NRK

Også Ole Martin Årst applauderer Start-leiinga for trenarvalet, men er klar på at det er spelarane som må levere.

– Han har brei erfaring både som spelar og trenar. Det er positivt. Men det er framleis vi spelarane som må gjere jobben. Han kan ikkje komme inn å trykke på nokre få knappar, seier Årst.

Jesper Mathisen er godt nøgd med å ha Mjelde på plass på Sør Arena.

– Det var veldig gøy. Det var inspirerande. Det er ein mann med futt i. Det er det vi treng no. Han er klar og tydeleg, og nyt stor respekt allereie. Det såg veldig bra ut, og vi gler oss til å samarbeide med han.

– Skal vinne cupfinalen

– Vi treng ein trenar som er tydeleg og som kan hjelpe oss ut av posisjonen vi har hamna i. Men til sjuande og sist er det opp til oss sjølve. Dette vert ikkje løyst med ein ny trenar. Vi må sjerpe oss alle mann, seier Mathisen.

– Vi skal jo også vinne cupfinalen. Det må du ikkje gløyme. Vi gler oss veldig, seier Mathisen og siktar til at sørlendingane framleis er med i cupen, der dei møter Alta i kvartfinalen på Sør Arena.

Administrerande direktør i Start, Sveinung Hovstad, likte det han såg på tysdagens trening på Sør Arena.

– Det ser bra ut. Det ser ut til at han har lyst og går inn for dette med hud og hår, seier Hovstad til NRK.no.

Vil ha stabilitet

Hovstad seier at klubben ser både kortsiktig og langsiktig med Mjelde i sjefstolen.

– Det handlar om det korte bilete og gjere ein god haustsesong slik at vi sikrar ei grei eliteseriekontrakt. Så er det cupfinalen som vi er nærare enn nokon gang. Så handlar det i tillegg om å byggje eit lag for framtida, seier Hovstad.

Hovstad fortel kvifor klubben gav Mjelde ei kontrakt over 4,5 år.

– Vi forstår at det tek tid å byggje eit lag, og ynskjer å ha stabilitet rundt det. Vi ser framover og trur det er viktig å ha gode arbeidsbetingelsar over tid,

Den nye Start-trenaren lovar Start-fansen at han skal gjere det han kan for at laget skal lukkast.

– Dei kan vere trygge på at Start skal framstå som eit publikumsvennleg lag. Dei skal framstå som eit lag som vil utvikle seg og bli betre. Dei kan vere sikre på at vi kjem til å gjere alt som står i vår makt for at dei skal bli så nøgde som mogleg, seier Mjelde.

Søndag leiar Mjelde Start i sin første seriekamp. Då er Strømsgodset motstandar på Marienlyst i Drammen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %