– Det viser at vi ynskjer langsiktigheit. Det tek tid å byggje opp eit lag og det er ein erkjennelse vi må ta innover oss når vi jobbar med dette, seier Hovstad til NRK.no.
– Vi tenkjer langsiktig. Han tek med seg heile familien, og at han kan tenkje langsiktig trur eg er veldig viktig, seier han.
Ny eliteseriekontrakt
Fleire kandidatar har vore nemnt i samband med trenarjobben i Start. Tidlegare Molde-trenar Kjell Jonevret og Nils Arne Eggen er nokre av namna som har blitt trekt fram. Men valet fall altså på Mons Ivar Mjelde til slutt. I tillegg er det klart at Frode Fredriksen held fram som assistenttrenar i klubben.
– Vi har vore ute etter ein person med gode leiareigenskapar. Det har vore veldig viktig for oss å finne ein utprega leiartype som kan både vere med på treningsfeltet og kan bidra i klubben elles, seier Hovstad.
Tysdag møter Mjelde spelargruppa for første gang. Då startar jobben med å redde plassen i eliteserien.
– Vi har ein lang haustsesong før oss. No handlar det om å prestere der og sikre oss eliteseriekontrakt. Det er veldig viktig i det korte bilete. Så handlar det om å utvikle laget over tid.
Imponert over Mjelde
Hovstad legg ikkje skjul på at klubbleiinga har store forventningar til hordalendingen. Hovstad er imponert over CV-en til Mjelde. Den tidlegare Brann-trenaren førte bergensarane til klubben sitt første seriemeisterskap på 44 år i 2007. I tillegg sikra han ny kontrakt i 1. divisjon for eit Bryne-lag i krise i 2009.
– Det svarar for seg sjølv. Mjelde har gode resultat å i det han har holdt på med, seier Hovstad.
Mons Ivar Mjelde starta karriera si i Hausvik FK på Osterøy i Hordaland. Det skulle bli starten på ei innhaldsrik fotballkarriere der han anna var innom både Brann, Bryne, Lillestrøm, Austria Wien og Sogndal.
Tok seriegull
I 1992 scora han to mål i cupfinalen då Lillestrøm tapte 23 mot Rosenborg på Ullevaal. Året etter var han toppscorar i eliteserien med 19 mål for Lillestrøm. Tre år seinare fekk han Kniksenprisen som årets angripar.
Mons Ivar Mjelde spelte tre kampar med flagget på brystet og scora to mål. I 2001 la han opp etter å ha spelt sju kampar for Sogndal i eliteserien.
To år seinare tok Mjelde over som hovudtrenar i Brann etter at Teitur Thordarson trekte seg. Året etter førte han Brann til cupfinale der dei slo Lyn 4-1.
Høgdepunktet i Mjelde si trenarkarriere så langt skulle komme fire år seinare. I 44 år hadde heile Bergen venta på seriegull. 2007 skulle bli året då Brann igjen tok over trona - med Mons Ivar Mjelde ved roret. Same året vart også Mjelde kåra til årets trenar.
Redda Bryne frå nedrykk
Den påfølgjande sesongen vart tøff for Mjelde. Resultata uteblei og trenaren sa til slutt takk for seg.
I 2009 var han igjen tilbake som trenar då han over eit Bryne-lag i krise. Laget låg under nedrykkstreken då Mons Ivar Mjelde kom til klubben. Mjelde redda til slutt Bryne frå nedrykk.
No er Mjelde tilbake i toppfotballen etter eit og eit halvt år pause. Allereie i morgon tek han fatt på oppgåva med å sikre eliteseriekontrakt for Start også neste sesong.
NRK.no har ikkje lukkast med å få tak i Mjelde.