Hopp til innhold

– Mjelde kan føre Start mot toppen

NRKs fotballkommentator Arne Scheie trur Start har gjort eit lurt val når dei henta Mons Ivar Mjelde som ny trenar.

Mons Ivar Mjelde

START-TRENAR: Arne Scheie har trua på at Mons Ivar Mjelde kan løfte Start til å bli eit topplag i norsk fotball.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Arne Scheie

Arne Scheie

Foto: Åserud, Lise / Scanpix
Sveinung Hovstad

Sveinung Hovstad

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Det skulle ikkje forundre meg om Start ganske raskt er med og kjempar med dei aller beste i Norge om seriemeisterskapet, seier Scheie til NRK.no.

– Eg trur klubben har gjort eit veldig godt val. Han har gode resultat å vise til i Brann. Han er ein fantastisk fyr, som eg er sikker på at alle på Sørlandet kjem til å bli glad i, seier fotballkommentatoren.

Vil gi Mjelde tid

Mons Ivar Mjelde har skrive under ei 4,5 års kontrakt med sørlendingane. Mjelde tek over trenarjobben etter Knut Tørum, som sa opp for kort tid sidan.

– Ut ifrå kontraktslengda verkar det som om Start-leiinga vil gi Mjelde tid til å byggje eit nytt stort Start-lag, seier han.

Administrerande direktør stadfestar at klubben ser fleire år framover med Mjelde ved roret.

– Vi tenkjer langsiktig. Han tek med seg heile familien, og at han kan tenkje langsiktig trur eg er veldig viktig, seier han.

Turbulent tid

Arne Scheie trur også at Start vil spele attraktiv fotball under Mjelde.

– Det er vanskeleg å seie korleis han kjem til å leggje dette opp, men det er jo berre å peike på dei fine åra han hadde i Brann, som til slutt vart krona med seriegull. Eg er sikker på at det kjem til å bli offensiv, attraktiv og morosam fotball å sjå på Sørlandet og elles i landet under Mjelde, seier NRK-kommentatoren.

Etter fleire turbulente år i Start med både hyppige trenaravgangar, internt bråk og store økonomiske problem, trur Scheie at Mjelde kan vere rett mann for å skape stabilitet.

– Som person er Mons Ivar Mjelde ein veldig fin type. Han er guttas venn, samstundes som han greier å halde avstand. Det såg vi i Brann med mange sterke personlegheiter. Det enda som kjent med gull der, seier han.

Mons Ivar Mjelde

GULL: Mons Ivar Mjelde førte Brann til både cup- og seriegull.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Cupfinale

– Eg håpar og trur at dei har landa på eit veldig godt val, ein veldig god trenar for Start. Ein veit jo aldri noko om framtida, men Mjelde har iallefall ein fin ballast og vi få berre ynskje at Mjelde får det ut av Start, som han fortenar, seier Scheie.

Mjelde si oppgåve blir blant anna å redde plassen. Men Start er framleis med i cupen der dei møter Alta i kvartfinalen. Sørlendingane har aldri før spelt ein cupfinale.

– Vi får jo sjå utover hausten om Mjelde blir den første trenaren som tek Start til ein cupfinale på Ullevaal, seier Scheie.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %