NRK Meny
Normal

– Betenkeleg at det har teke så lang tid

Stortingsrepresentant Janne Sjelmo Nordås (Sp) vil ha full gjennomgang av økonomiske støtteordningar etter ekstremvêr og naturkatastrofar.

vei rast ut

Slik ser E39 på Kvinesheia i Kvinesdal ut fire månader etter at ekstremvêret «Synne» herja.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Ho reagerer på at skadane på E39 i Kvinesdal framleis ikkje er reparert fire månader etter ekstremvêret «Synne» i desember i fjor. Dette er hovudfartsåra mellom Kristiansand og Stavanger.

Janne Sjelmo Nordås, Senterpartiet

Stortingsrepresentant Janne Sjelmo Nordås (Sp).

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Det er betenkeleg at det har teke så lang tid på ei strekning med så mykje trafikk, seier Nordås.

No tek politikaren frå Nordland saka til samferdsleministeren der ho ber om svar på kvifor det har teke så lang tid.

– Han må og svare på kva planar som er for å ruste opp strekninga som er skada, og kva som er akseptabel tid til gjenoppbygging, seier ho.

25 000 skademeldingar i fjor

Det er varsla meir ekstremvêr i framtida. Berre i fjor vart det meldt inn 25 000 skadar etter skred, storm og flaum i Norge, viser tal frå Norsk Naturskadepool.

Nordås vil også ha ein gjennomgang av dei økonomiske støtteordningane etter vêrskadar.

– Det kan vere at vi ikkje har gode nok ordningar. Dette er noko som vert meir og meir aktuelt. Eg trur det er lurt å gå gjennom ordningane, seier ho.

– Dette er noko vi må ta på alvor. Både når det gjeld planlegging av veg- og jernbanetrasear, bruer, bustader og næringsbygg. Vi må ha ordningar som gjer at ein raskt kan rydde opp, og bygge opp igjen der det er behov for det, seier Norås.

Laster innhold, vennligst vent..

Ventar at staten betalar

Kvinesdal kommune har søkt NVE om pengestøtte mellom anna til opprydding og reparasjon av vegar og opprydding og flaumsikringstiltak i Fedaelva.

Per Sverre Kvinlaug

Kvinesdalordførar Per Sverre Kvinlaug.

Foto: Sundsdal, Svein / NRK

– Vi har klare forventningar om at storsamfunnet vil bidra til at vi kan rydde opp og vere betre rusta dersom det skulle oppstå ein liknande situasjon seinare, seier ordførar Per Sverre Kvinlaug (KrF).

– Det er snakk om store beløp som kommunen ikkje klarer aleine, seier han.

Brønnøysund i Nordland er utan vegsamband til E6 etter at det gjekk fleire ras i førre veke. Entreprenørar trur det vil ta fleire månader å få opna vegen att.

– Det er ein forferdeleg situasjon. Brønnøysund er no nærast som ei øy å rekne og er avhengig av ferjetransport, seier ordførar Johnny Hanssen.

– Bør ikkje vere snakk om økonomi

Ordfører i Brønnøy, Johnny Hanssen, med ordførerkjedet der kommunevåpenet er hovedmotivet

Brønnøy-ordførar Johnny Hanssen.

Foto: Bjørn Tore Pedersen / NRK

Ekstra ferjer, geologiske undersøkingar, opprydding og gjenoppbygging kostar mange millionar.

– Det må ekstra midlar på plass. Vi har høge forventningar til at det vert gitt ekstrabevilgningar frå staten, seier han.

– Når slike ting skjer bør det ikkje vere snakk om økonomi, men å få på plass trygge og sikre samband så raskt som mogleg. Då meiner eg heilt klart at regjering og stat har eit ansvar. Det må settast av pengar til slike spesielle situasjonar, seier Hanssen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..