Hopp til innhold

60 barn skal testast for tuberkulose

Foreldre og føresette fekk måndag føremiddag informasjon om situasjonen etter at ein tilsett ved Sentrum barnehage i Kvinesdal fekk påvist tuberkulose.

Sentrum barnehage i Kvinesdal

Ein tilsett ved Sentrum barnehage i Kvinesdal har fått påvist tuberkulose.

Foto: Hilde Skarvøy Gjestland / NRK

Johan Unhammer

Kommunelege Johan Unhammer.

Foto: Lars Eie/NRK

Helsesyster og kommunelege Johan Unhammer var tilstades på møtet.

– Vi har understreka at det er veldig liten smittefare. Truleg ingen. Dette er eit føre var-prinsipp, seier Unhammer til NRK.

I eit skriv som vart sendt til foreldre og føresette fredag gjekk det fram at sjukdommen ikkje er smittsam. Det vert likevel gjennomført testar av barna for å vere 100 prosent sikre.

Vert testa denne veka

Fredag i førre veke vart det kjent at ein tilsett i barnehagen er smitta av sjukdommen. Kring 60 barn skal no undersøkast ved sjukehuset i Kristiansand for å sjå om dei er smitta.

– Det skjer denne veka. Nokon få startar i dag. I løpet av tre dagar er alle testa. Dei får tilbod om blodprøver og røntgen, seier han.

Ifølgje Unhammer er det ingen grunn til å uroe seg for foreldre og føresette.

Skremde av medieoppslag

– Dei stilte relevante spørsmål på møtet vi hadde. Eg trur medieoppslaga fredag skremde dei meir enn informasjonsskrivet som vart sendt ut, seier han.

Ifølgje kommunelegen er det ikkje naudsynt at dei tilsette ved barnehagen vert testa for sjukdommen.

– Men etterkvart som vi veit litt meir kan det bli at dei tek ein test etter åtte til ti veker, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %