Gøran Johansen bygger minihus

BYGGESETT: Huset til Gøran Johanson er lafta, og har tak i tre delar. Det kan tømmast for innhald og plukkast frå kvarandre som eit byggesett, om han finn ut at han vil bu ein annan stad.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Store tankar om små hus

Minihus frå USA og norske stølar har inspirert dei to naboane. Dei bur i kvart sitt hus på mindre enn 20 kvadratmeter.

Frå utkikkspunktet som strekker seg over ut åtte hundre meter over den vesle bygda Aurland i Sogn, ser alle husa ut som dokkehus. Til og med den store, kvite kyrkja er i legostorleik her oppe ifrå.

Elva deler dalen i to. På den eine sida av elva ser du kyrkja, rådhuset, nærbutikken og bakeriet. Når du følger over brua med auga dine, ser du nokre gardar og eit lite bustadfelt.

Der ligg det også nokre hus som er så små at du ikkje klarer å sjå dei her oppe frå.

I USA kallar ein dei «tiny houses». I Norge kallar vi dei minihus, og det er akkurat det det høyrest ut som: skikkeleg små hus.

To på plassen til eitt

Det eine huset er ei ombygd anleggsbrakke. Huset er kvitmåla, med ein liten kjøkkenhage nedanfor trappa.

Ut av den blå døra kjem Snædis Laufey Bjarnadóttir. Det ryk frå kaffikoppen ho har i handa, der ho småspring over plenen til det lafta nabohuset.

– Vi ser kvarandre omtrent kvar dag. Husa er så små, og ytterdørene er så nære. Vi deler utegrill og låner grasklipparen av kvarandre. Det blir ein litt anna sosial setting rundt det å bu, fortel Gøran Johansen som opnar døra for naboen Snædis når ho kjem med kaffikoppen sin.

Kaffiselskap i minihuset

NABOAR: Snædis Laufey Bjarnadóttir og Gøran Johanson har kvart sitt hus på same tomt. Men dei deler på både eplehage, grasklippar og grill.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Gøran Johansen er arkitekt, og har teikna minihuset sitt sjølv. Han kom til bygda frå jobb i Lofoten, der han budde i eit hus på 200 kvadratmeter.

– Det neste huset skal vere litt mindre, tenkte han.

I Aurland møtte han landskapsarkitekten Snædis, som hadde tenkt den same tanken.

Treng eg eigentleg så stor plass for å trivst?

Nokre år seinare kan arkitekten invitere landskapsarkitekten til å drikke kaffi i opphaldsrommet på huset sitt som er 19 kvadratmeter stort. Eller 19 kvadratmeter lite.

– «Tiny house» finst over alt og har alltid eksistert. I Norge har vi små stølar og sel for eksempel. Eigentleg held vi berre fram med tradisjonane, seier Snædis Laufey Bjarnadóttir.

Tomta kunne romma eit bustadhus på eit par hundre kvadratmeter. No rommar den i staden for to minihus på rundt tjue kvadratmeter kvar.

Fugleperspektiv på stova

Berekraftig bustad

– Nei, kvar har du tinga dine Snædis?

Dei sit godt tilbakelent i dei to stolane ved kjøkenbordet til Gøran Johansen. I handa har Snædis kaffikoppen heimanfrå. Ho veit at naboen berre drikk te.

Gjennom dei doble terrassedørene ser dei rett bort på Snædis sitt kvite hus, med kjøkenhagen og sandkassa til dottera Solrunn utanfor.

– Eg har flytta ein del gjennom livet, og då gjer ein prioriteringar. Kva kan eg kaste vekk, kva treng eg ikkje. No har eg nok sortert meir. Når eg står i butikken og ser noko fint, så tenker eg: nei, eg har ikkje plass. Så må eg berre gå vidare.

– Ein blir meir bevisst på ting ein har. Både klede, møblar og ting. Treng ein verkeleg 20 koppar, seier Gøran, og peiker opp på hylla der vinglas, kjøkenglas og koppar står fint sortert. Fire av kvar.

– Kor mange venner har eg eigentleg, held Snædis fram med ein latter.

I hyllene på soverommet i Snædis sitt hus er det er det Solrunn på tre år sine klede og bøker som får plass.

Senga kan spennast opp på veggen for å gi meir leikeplass på golvet. Under senga ligg ski og pulk i ein sjølvbygd kasse, og leikene til Solrunn er sortert i boksar.

– Det viktigaste for meg er at Solrunn skal ha boltreplassen sin, og føler at ho kan ta med venner heim på besøk, seier Snædis.

Landskapsarkitekten sitt husprosjekt er ei ombygd anleggsbrakke. Den vart køyrd inn på hengaren til ein trailer, og etter i overkant av eit år med snikring, frustrasjon og kreativ tenking enda prislappen på 175 000 kroner.

Gøran ville vise den litt dyrare versjonen. Han teikna huset sjølv, og har følgt bygginga frå første tømmerstokk til siste lag måling på dei blå vindaugskarmane.

– Huset mitt enda på 650 000 kroner. Det var bevisst at vi ville vise heile prosessen, at alle kostnadane er reelle. Kvadratmeterprisen i eit slikt hus blir jo relativt sett dyrare enn om du bygger større. Men du får eit eiget hus med mindre enn ein million i lån. Det er ein eigen fridom.

Dei små husa krev mindre materiale, altså er det mindre materiale som må fraktast. Det krev mindre energi å varme opp eit lite hus og det er plass til færre ting. Og ikkje minst, husa tek mindre plass slik at det er mogleg å bygge tettare.

Fortetting er sjølve «ordet av framtida» for dei som planlegg samfunna våre.

Les meir om minihus:

Kan lære av byane

– Kanskje må vi også begynne med kolonihagar her i distrikta i framtida, seier Lisbeth Dahle.

Det blir fleire menneske på kloden, større press på matjorda og eit våtare og villare klima. Det gjer at vi må legge om tankegangen vår når vi skal hus, seier høgskulelektoren. Vi må tilpasse oss endringane vi ser i naturen.

– Samstundes må vi oppføre oss på ein måte som reduserer utsleppa, slik at vi kan minske effektane av dei,

Om minihus ikkje er løysinga for alle, er det i alle fall tankar i riktig retning, meiner Dahle.

– Eg trur vi treng folk som viser veg og viser moglegheitene. Samstundes trur eg det blir litt for drastisk for mange, så mykje er vi ikkje villige til å gi avkall på. Men det er viktig at nokon går framom.

Høge fjell, men lite byggeareal

I Norge bur vi rundt 16 menneske per kvadratkilometer. I Danmark bur der rundt 130

Sylvarnes ved Sognefjorden

SOGNEFJORDEN: Mange fjellsider og dalar gjer det utfordrande å finne passande byggeareal på Vestlandet. I tillegg kjem hensyn til matjord, flaumsoner, kulturminne og andre ting. (Bilete frå Sylvarnes).

Foto: Torje Bjellaas / NRK

menneske per kvadratkilometer.

Men Danmark er flatt, og i Norge er det mange motbakkar.

Her på berget er det første du må gjere å kartlegge at det er trygg byggegrunn, og at området ikkje er utsett for farar frå naturen når du vil byggje hus, fortel Lisbeth Dahle som er lektor i landskap ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Naturfarar finn du overalt, og bygdene og grendene på Vestlandet har fått ein rikeleg del.

Det gjer at det ikkje alltid er så lett å finne plass til å bygge og bu, sjølv om det i teorien er mykje ledig areal.

– Vi har hatt oppgåver med studentar der dei skal kartlegge alle naturfarar i til dømes Fjærland i Sogn. Når dei har lagt alle karta over skredfare, flaumfare, kvikkleire og havnivåstigning oppå kvarandre, er det berre små flekkar med ledig byggeområde att, forklarer lektoren.

Sikkerheita er ikkje det einaste omsynet som må takast.

Når du har funne dei brukbare byggeområda, skal du i neste omgang vurdere om utbygginga er i konflikt med andre interesser. Kanskje er det der den beste dyrka marka er, eller det kjem i konflikt med naturreservat eller kulturminne.

Tun med minihus

MINI-TUN: I eit tun som vender ut mot vegen bur Snædis Laufey Bjarnadóttir med dottera Solrunn, og Gøran Johansen i kvart sitt minihus. Felles grill står i midten, og manglar dei noko er det kort veg til naboen.

Foto: Sigrid skjerdal / NRK

Frå klyngetun til einebustadar

Ti minuttar frå minihusa i Aurland ligg klyngetunet Otternes. Det ligg som ein liten landsby oppå ei flat hylle, med mange små bustadhus, låvar og fjøs. Husa er omgitt av dyrka mark.

Otternes var ein gong lite samfunn, der konene samlast kring vasspumpa, og ein samarbeida om styre og stell.

Går vi tilbake til før midten av 1800-talet her i landet var det vanleg å bu i slike tun. Vi finn dei rundt på haugar og i dalar frå Lindesnes til Romsdalen, men også lengre nord.

– Først og fremst har vi fått eit heilt anna forhold til personleg rom enn dei hadde før. No er det sjølvsagt at vi skal ha vårt eige rom frå vi er små barn. Før sov dei gjerne fleire familiemedlemmer på eitt rom, forklarer Lisbeth Dahle.

I dag er halvparten av alle bustader i Norge einebustader. Mange av oss lever i store hus med hage, gjesterom og fleire bad.

Vi skal heller ikkje mange år tilbake før det var vanleg at eit burettslag delte fellesbad i kjellaren, og kvar leilegheit hadde ein spring og eit fat med vaskevatn.

Du må følge mange reglar når du skal bygge hus. For eksempel er det reglar for tjukkleik på vegger og isolasjon, for storleik på romma for at alle skal kunne bu der, for luftkvalitet og inneklima.

Det gjer at det er utfordrande å bygge minihus i dag. Gøran Johansen valde å lafte huset sitt, for litt andre reglar gjeld for tømmerhus. Snædis sitt hus er mobilt og kan flyttast rundt på ein trailer. Då blir det ikkje rekna som eit vanleg hus.

Otternestunet

KLYNGETUN: Dei fire gardane som utgjorde Otternes bygdetun husa opptil 30 menneske på 1800-talet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Mindre plass og mindre ting

Det vesle lafta tømmerhuset til Gøran Johanssen kunne nesten glidd inn i klyngetunet på Otternes. Tømmeret er ferskt og vått, med same oransjefarge som bjørketrea i fjellsidene som omkrinsar tunet.

Når det eldast, vil det bli grått, slik som tømmerhus blir når dei blir herda av vind og vêr.

Tømmerhuset står med ansiktet mot vegen og nabohuset. Dei store glasdørene gir både utsyn og innsyn.

– Mange bustadfelt er organisert slik at det er lite naturleg å ha eit sosialt møterom. Her er vi veldig sosiale. Når husa er retta mot vegen får vi kontakt med folk på vegen som går forbi.

Tun-tanken var viktig for at prosjektet vaks fram. Om vi deler ei tomt brukar vi mindre plass, og deler vi funksjonar treng vi mindre ting, meiner folka bak minihusa i Aurland.

– Dette utfordrar litt den skandinaviske avstanden vi vil ha mellom oss, seier Snædis Laufey Bjarnadóttir.

Vi er flinkare til å utnytte plassen i byane enn i distrikta, trur høskulelektor Lisbeth Dahle.

– I byane er kvar kvadratmeter så dyr, så du må utnytte kvar meter best mogleg. Vi er vande til å vere litt meir råflotte i distrikta. Det er ein slags kompensasjon. Når vi ikkje har dei same tilboda som i byane, så skal vi i alle fall ikkje bu trongt.

Å bu trongt er ikkje for alle

For Snædis og Gøran kom ideen om å bygge nokre skikkeleg små hus har gått frå å vere nettopp det – ein rar idé, til å bli verkelegheit. Stadig ser dei sambygdingar legg turen forbi tunet for å sjå korleis påfunnet har enda opp, og med det har dei nådd mykje av målet med prosjektet sitt.

– Når vi bygger hus er det viktig at det er universelt tilgjengeleg, og passar til mange. Men vi har kanskje blitt litt låste i korleis vi bygger hus. Det er det vi prøvar å utfordre, seier arkitekten.

– Vi har gått ned på eit minimum på kor stor plass du kan bu på. Du må ikkje bu på 20 kvadratmeter, men 30–40 går jo fint?

Dei vil vise at det går an, ikkje vise korleis alle skal bu, påpeiker dei to.

– Mange seier prosjektet er spennande og veldig fint, men sjølv kunne eg ikkje budd slik. Og det er heilt greitt. Men ein einebustad på 300 kvadrat er heller ikkje for alle.