Tage, Kamilla, William og Tia Herstad. Og hunden Cash.

HOTELLSJEF: Kamilla blir hotellsjef når familien Herstad, saman med fleire vener, opnar Hotel Tia i Liverpool. Her er Tage og Kamilla flankert av borna William (8) og Tia (9). «Cash» poserer i framgrunnen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tage (42) tek fotball-draumen til nye høgder

LIVERPOOL (NRK): – Folk vil kanskje kalle det galskap, men personleg gjer ikkje eg det. For meg handlar det om lidenskap, seier Tage Herstad (42).

Mobiltelefonen ringer, slik han ofte gjer i 254 Anfield Road. Konvolutten Tage Herstad nett la ein kampbillett ned i, blir plassert saman med ei rekkje liknande konvoluttar. 42-åringen løftar mobiltelefonen opp frå kjøkkenbordet.

– Hey man, seier han med tonefall som ein scouser, eller Liverpudlian, som innbyggjarane i Liverpool gjerne blir kalla.

Tage Herstad

GUTEROM: Tage Herstad har eit guterom, heilt utanom det vanlege.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Denne gong er det ikkje ein nordmann som ynskjer å sjå fotballkamp på Anfield, berre eit steinkast frå huset til familien Herstad. På tråden har Herstad derimot ein av mange kameratar som familien har fått sidan dei bytte norsk vestlandskyst mot engelsk vestlandskyst.

Her blir eg buande til dei kastar meg ut frå Liverpool.

Tage Herstad om framtidsplanane

Samtalen blir kort. Det gjeld kveldens 40-årsfeiring av ein kamerat. Herstad må tenkje seg om før han held fram arbeidet med billettane. Er alle klare til levering?

– Det kokar i hovudet på kampdag og i kamphelgane, men det er berre gøy. Dette er inga gullgruve, det går bra, og folk er happy. Då klagar ikkje eg, seier Herstad.

For medan dei aller fleste seier seg nøgde med ein og annan tur til fotballøya for å sjå favorittlaget, har Herstad teke lidenskapen for Liverpool til nye høgder sidan 2002.

Her bur han saman med kona Kamilla (35), borna Tia (9) og William (8), samt hunden «Cash». Tia er kalla opp etter «This is Anfield» medan William har fått namnet sitt etter Liverpool-legenda William «Bill» Shankly. For å ha nemnt det, hunden har fått namnet etter favorittartisten Johnny Cash.

No livnærer Herstad seg på å tilby norske Liverpool-supporterar overnatting og kampbillettar. Billettane får han tilgang til gjennom kjennskap og vennskap.

Ferie og alt som vi hadde planlagt, gjekk skeis.

Tage Herstad om hotellplanane

– Ein plass må du bu, og noko må du gjere. Eg hadde heldigvis ballar til å gjere dette. Og eg angrar ikkje, seier han og legg til:

– Eg saknar Florø og sjauarjobben på sommarkveldar når eg ser kompisane heime er ute med båt. Naturen i Florø er fantastisk. Men eg vil ikkje bytte det med dette.

Utanfor Anfield Road

ANFIELD ROAD: Samtalane går på svensk, dansk, norsk, tysk og asiatisk fire-fem timar før avspark. Britane kjem seinare.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Pins, scarves and hats. Det er fire timar til avspark og gateseljarane utanfor Anfield konkurrerer om punda til fotballentusiastane som ikkje allereie har sikra seg effektar frå supporterbutikken. Statuen av William Shankly er eit populært motiv for bilete og selfies til både Facebook og Instagram.

Einar og Åshild Pettersen frå Honningsvåg

KJEMPESTEMNING: Einar Pettersen frå Honningsvåg er Tottenham-supporter, men har med seg kona Åshild på fotballkamp. – Det er andre gong eg er her, så eg veit at det er kjempestemning og ei stor oppleving, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Uansett kva lag du følgjer, så er det ei oppleving å vere her, seier Tottenham-supporter Einar Pettersen frå Honningsvåg. Han er i 40-årslag til ein kamerat, og kortar ventetida til avspark med eit besøk på puben «The Park». Det blir trongare og trongare om plassen.

Det er andre gong han er i Liverpool.

– Tage er der heile tida om du treng han. Ringer du, så kjem han med det same for å hjelpe. Tage er vegvisaren vår. Det kjennest trygt, seier Pettersen.

Torbjørn Orheim frå Florø kan på ståande fot ikkje seie kor mange gonger turar han har hatt til Liverpool.

– Eg har sett dei over 70 gonger, seier han. Det som starta med kjennskap til Herstad, har utvikla seg til nært vennskap med familien.

Eg hadde heldigvis ballar til å gjere dette. Og eg angrar ikkje.

Tage Herstad om livet i Liverpool

– Tage ordnar gode kampbillettar og inviterer mellom anna til middagar og legendetreff. Eg har vore med på mykje av det, og det er spennande og fascinerande å treffe og høyre historiene til spelarar frå stordomstida, seier Orheim.

Herstad veit å setje pris på dei mange vennskapa.

– Det kulaste er å treffe så mykje bra folk frå heile England og Norge. Det er ikkje ein stad i Norge eg ikkje har ein kamerat som held med Liverpool. Det er stas, seier Herstad og fortel at han i fjor sommar køyrde frå Liverpool til Nordkapp.

På veg oppover gamlelandet vart det meir enn ei overnatting hos «sine eigne».

Liverpool og Florø

GLEDER: Sjølv om Tage Herstad har budd mange år i Liverpool, er han framleis stolt og kry over gamlebyen, og laget, Florø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kvardagane i Liverpool går i e-post, telefonar, tekstmeldingar og middagar med Liverpool-legender. 42-åringen «pleiar», som han seier, gamle storheiter som velvillig stiller opp for han. Om det er den årvisse legendekampen i Florø eller arrangement han sjølv steller i stand for gjestande Liverpool-supporterar.

Og så er det fotballkampar, sjølvsagt. Herstad har sett favorittlaget sitt i nær 650 kampar på rad. Heime som borte, og i inn- og utland.

– Det skal mykje til for at eg ikkje reiser på kamp. Det er stort sett andre ting som må flyttast på, humrar han og vedgår at det blir mange opp- og nedturar.

– I år har det vore ganske mange nedturar. Men slik er det å vere fotballsupporter. I alle fall Liverpool-supporter, humrar han.

– Det er ikkje gøy, men det skal vere litt slik. Vinn laget ditt heile tida, så blir det fort kjedeleg, legg han til og kontant nemner «mirakelet i Istanbul» som det definitive høgdepunktet så langt.

Livebirds gjestar Herstad

PÅ BESØK: Fotball er ikkje berre for menn som likar pubkultur. Her er ein delegasjon frå Livebirds, norske kvinnelege Liverpool-supporterar, på besøk i puben til Herstad.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vi snakkar meisterligafinalen 25. mai 2005. AC Milan leiar 3–0 til pause på Atatürk Olimpiyat Stadyumu. Kvarteret ut i den andre omgangen står det 3–3. Kampen går til straffesparkkonkurranse. Jerzy Dudek reddar den siste straffa til Milan, og Liverpool kan heve det gjeve meisterligatrofeet.

– Eg har ikkje sett oss vinne ligaen endå. Det vil eg oppleve, seier Herstad.

– Du kjem ikkje til å flytte heim att med det første?

– Her blir eg buande til dei kastar meg ut frå Liverpool.

Familien bur 40 meter frå storstova til favorittlaget. I toppetasjen har Herstad sitt eige, dedikerte, guterom: ein pub. Frå tid til annan samlast gjester, vener og tidlegare Liverpool-spelarar.

Avisutklipp, skjerf, drakter og bilete prydar veggane. Treningsdressen til William Shankly, som leia Liverpool tilbake i engelsk toppfotball på 60-talet, har heidersplass bak TV-skjermen.

Noko har Herstad kjøpt, andre ting har han fått.

– Kor mykje har du brukt på Liverpool-effektar?

– Eg har ikkje peiling. Det har eg aldri rekna på.

– Men eg har meir, som eg ikkje får plass til på veggane her. Det skal opp i puben på hotellet, held Herstad fram.

Tage Herstad har eit guterom utanom det vanlege.

SJÅ VIDEO: Ein tidlegare Liverpool-spelar var ganske «skjenkt» då han signerte bjelken på guterommet til Tage Herstad.

For no skal Liverpool-familien frå Florø starte hotell.

Til no har Herstad formidla overnattingar på pub eller hotell på gamle ærverdige Albert Dock i sentrum. 1. juli i år opnar han, saman med to andre norske «Liverpool-familiar» – og ein investor frå Stord – familiehotellet «Tia» ved Stanley park i 21 Anfield Road.

Bygget tok dei over 1. mars. Medan Kamilla blir hotellsjef, titulerer Tage seg vaktmeister.

– Ferie og alt som vi hadde planlagt, gjekk skeis. Det blir mykje arbeid framover for å få det ferdig, vedgår Herstad.

Huset kjøpte dei like før jul for fem millionar av ein Everton-supporter. Ytterlegare ein million kroner skal gjere hotellet klart for fotballsesongen 2016/2017. Unødig å seie, blåfargen til erkerival Everton blir bytt ut med Liverpool sin raudfarge.

Frå baksida av huset ser ein rett Everton si heimebane, Goodison Park. Frå innkøyrsla ser ein utvidingsarbeidet på hovudtribunen til Anfield.

Allsang på Anfield Road

ALLSONG: «You'll never walk alone» ljomar over stadion, kort tid før avspark.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg har tenkt på det ei god stund, og vi brukte mykje tid og pengar på eit prosjekt i byen, «Parr Street studio», der Coldplay spelte inn tre av sine plater. Det vart for stort for oss. Pundkursen gjekk opp nesten 40 prosent. Så dukka dette opp. Kjøpet var i boks i løpet av ei veke, seier Herstad.

– Er det marknad for eit familiehotell?

Utsikta frå hotellet til Herstad

SKIMTAR: I det fjerne ser ein nybygget på Anfield Road frå innkøyrsla til det som skal bli Hotel Tia.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ja! Mange av dei 45 000 medlemene i supporterklubben i Norge reiser. I tillegg er det mange som ikkje reiser, fordi det ikkje er noko familietilbod i Liverpool.

– Tilbodet er for alle, men eg tippar det blir 70–80 prosent nordmenn i kamphelgane, legg han til.

I den store hagen blir det trampoline og ei lita fotballbane for dei yngste. Og pub.

Huset som skal bli hotell

HOTEL TIA: Blåfargen til Everton skal vekk når norske Liverpool-supporterar startar hotell i Anfield Road.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Her kan borna boltre seg i hagen, medan foreldra drikk øl i puben. Det er vel ikkje heilt norsk?

– Det kan vere, men eg skjønar ikkje problemet. Det er vel ingen som har med seg ungane og drikk seg drita fulle. Slik er det i England, og det er «happy days».

– De er ikkje redde for at dette skal gå dunken?

– Nei, huset har så stor verdi i seg sjølv at det er eg ikkje redd for i det heile. Vi har så pass godt nettverk at dette har vi stor tru på.

– Det beste er at ingen av oss gjer dette for å tene alvorleg store pengar. Går det i null, er det bra. Går det med overskot, er det «happy days», legg 42-åringen til.

Hotellet skal finne tilsette lokalt. Delar av eit overskot går til heimlause og veldedige føremål.

For kjærleiken til Liverpool gjeld ikkje berre fotballklubben som for 26 år sidan tok sitt 18. og førebels siste seriemeisterskap. Den gjeld også byen med sine kring 800 000 innbyggjarar.

Det er ei stor oppleving å vere på Anfield Road, uansett kva lag du følgjer.

SJÅ VIDEO: Det er ei stor oppleving å sjå fotballkamp på Anfield Road – uansett kva lag du følgjer i England.

Spesielt den raude delen av byen, området rundt Anfield. Eit «slite» område, som no er under oppussing.

Liverpool har ei årrekkje hatt høgast arbeidsløyse i England. Sjølv om det ikkje blir mange arbeidsplassar, tilbyr hotelletableringa sårt trengde arbeidsplassar.

– Korleis har hotellplanane dykkar blitt mottekne av lokalsamfunnet?

– Vi har fått mykje gratulasjonar og folk gler seg. Det er eit område som må pussast opp, og som det må gjerast noko med. Og det er mange som allereie har sagt at dei ynskjer å stille opp og hjelpe til.

– Heilt til slutt, Tage. Vi må jo stille spørsmålet; er dette lidenskap eller galskap?

– Det har sjølvsagt med lidenskap å gjere. Folk vil kanskje kalle det galskap, men personleg vil ikkje eg gjere det. Ein stad må vi bu, og noko må vi jobbe med. Om eg er sjauar heime i Florø eller driv hotell i Liverpool er eitt feitt så lenge eg har det gøy.