Tore Andre Flo

NØGD: Tore André Flo har funne plassen sin i akademiet til Premier League-klubben Chelsea. – Det er utruleg tøft og vanskeleg å slutte med det ein tykkjer er det kjekkaste i livet, seier han. No er han ein av fleire tidlegare Chelsea-stjerner som formar klubben sine framtidige spelarar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Her har «Brasil-dødaren» funne sitt nye fotballiv

Cobham (NRK): Tore André Flo (42) trengde tre forsøk før han klarte å leggje opp. Berre månader seinare var Brasil-dødaren godt i gang med sin nye kvardag.

14. august 2012. Eit av fotball-Noregs største ikon har for tredje gang på fire år varsla lagkameratar, og media, om at han legg fotballskoa på hylla.

– Mitt største idol er Bernt, han fyren i «Nissene på låven» som alltid kjem att, lo Tore André Flo då.

Men den då 39 år gamle stryningen gjorde alvor av å avslutte karrieren som fotballspelar. Berre månader seinare er han trenar i gamleklubben Chelsea.

Florø-Sogndal - Tore andre Flo og Runar Hove

KJENT STIL: Tore André Flo fekk det perfekte punktum på karrieren då han scora i sin siste kamp for Sogndal 2, mot Kaupanger.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det er tøft å leggje opp som spelar. Det er ein spesiell livsstil. Du står opp om morgonen, trenar, møter gutane, det er sosialt og ein jobbar målretta. Du får kick når du har suksess, du blir tent om du ikkje får til ting. Slikt saknar du veldig fort når du har vore med i mange år, seier Flo i dag.

Historia er full av døme på spelarar som ikkje taklar saknet. Som George Best og Paul «Gazza» Gascoigne. Og Claus Lundekvam, som openhjartig har fortalt om rusmiddelbruk.

Flo var bevisst og budd på saknet som kunne dukke opp. Og som dukka opp. Han fann vegen rundt.

– Det var difor eg starta opp at eit par gonger etter at eg la opp. Eg sakna livsstilen første gang, men det hjelpte meg på vegen å få spele litt att før eg gjorde nytt forsøk på å slutte. Det tok tid, men etter Sogndal så var eg klar, seier Flo.

– Men eg er veldig glad for at eg fekk avslutte heime i Sogndal, Det var der eg starta den profesjonelle delen av karrieren. Då følte eg at eg kunne slå meg til ro med at det var ferdig. Då var eg mentalt klar for det, legg han til.

2. februar 2016. NRK har tatt den kring timelange togturen sørvest frå sentrale London, til Cobham & Stoke D'Abernon i Surrey. I den rolege landsbyen med vel 10 000 innbyggjarar, har Premier League-klubben Chelsea hatt sitt treningssenter sidan 2005. Tre år seinare opna akademiet.

Cobham & Stoke D'Abarnon

LITE: På andre sida av gjerdet ved togstasjonen har Chelsea FC sitt treningssenter.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Cobham

STILLE: Cobham & Stoke D'Abarnon er ein typisk liten landsby i sørvest for London.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ved innkøyrsla til det lukka treningssenteret ventar tre japanske Chelsea-supporterar på å få glimt, og helst autograf og bilete, av stjernene. Rett nok for unge til å hugse den lange, hengslete, men tekniske, norske spissen som var i klubben frå 1997 til 2000.

– Men eg kjenner namnet godt, gliser den eine.

Det gjer også Øystein Vinje, leiar og arrangementsansvarleg i Chelsea Supporters Norway.

Tore Andre Flo

JUBEL: Tore André Flo jublar for ei av sine mange scoringar i Chelsea-trøya.

Foto: DYLAN MARTINEZ / REUTERS

På 149 kampar vart det 50 mål i den blå trøya. Flo har framleis høg status blant Chelsea-supporterar.

– Mykje av grunnen til at han har så høg status, er at han, i tillegg til å score mykje mål for Chelsea, er ein utruleg hyggeleg mann. At han no er tilbake i klubben som trenar, gjer ikkje statusen mindre, held Vinje fram og legg til at han meir enn ein gang har sunge Flo-songen på pub med andre supporterar.

10 er tal arbeidsgjevarar Flo har hatt sidan han reiste frå Stryn i 1992 og la opp i 2012. Landslagsdrakta trekte han over hovudet ikkje mindre enn 76 gonger. Eitt av dei 23 måla rangerer han høgast av alle opplevingar på fotballbana.

– Den kvelden i Marseille, seier han bastant og siktar mot VM 1998.

Med to scoringar i sluttminutta vann Norge 2–1 over sjølvaste Brasil. Utlikninga var det Flo som stod for. Kort tid seinare vart han riven i bakken innanfor 16-meteren. Kjetil Rekdal sette straffa kontant i mål. Norge gjekk vidare til sluttspelet.

Norge slo Brasil i VM i Frankrike i 1998. Tore André Flo og Kjetil Rekdal scoret hvert sitt mål etter at Bebeto hadde sendt Brasil i ledelsen.

SJÅ VIDEO: .«Bønda ifrå nord» står for Norges største fotballbragd med å slå Brasil 2–1 i VM 1998.

Av klubblaga er det Chelsea som betyr mest for han.

– Tida i Chelsea er veldig stor for meg. Spesielt det året vi kom til kvartfinale i Champions League, eg scora to mål heime mot Barcelona. Så hjelpte eit hat trick borte mot Tottenham meg veldig i gang då eg kom. Dei var erkerivalar og klubben og supporterane trykte meg veldig til brystet då, mimrar han.

Autografjegerar og supporterar

TOLMODIGE: Autografjegerane og dei tre japanske supporterane venta i timevis for å få glimt av Chelsea-stjernene.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er også her han skulle ynskt at ting vart annleis.

– Eg angrar nok på at eg spelte for så mange klubbar. Eg er av typen som ynskjer å slå meg til ro, så aller helst skulle eg ynskt at eg spelte fleire år her. Men som fotballspelar er det ikkje alt du rår over, seier han.

22. november 2000. Etter fire år i London, legg skotske Glasgow Rangers 161 millionar kroner på bordet. 27-år gamle Flo blir tidenes dyraste norske spelar, og tidenes dyraste i skotsk fotball.

Med kjøpesummen følgjer også eit stort press og krav om å levere mål på løpande band.

Tore Andre Flo oppsummerer karrieren med lynspørsmål.

SJÅ VIDEO: Det eine lynspørsmålet set Tore André Flo litt ut av spel. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Det var ein spennande klubb å gå til, men personleg skulle eg sett at prislappen var ein tredjedel. Med høg pris følgjer det veldig høge forventingar. Kanskje det hadde blitt litt lettare å spele der om prisen var lågare, seier han.

Chelsea sitt treningssenter

TRENINGSSENTER: Supporterar blir oppmoda om å ikkje opphalde seg ved innkøyrsla til treningssenteret.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eit hælspark vart hans første av 38 mål i Skottland. Han får med seg to cuptrofe og to andreplassar i serien. Så kjem Sunderland med kring 90 millionar kroner på bordet. Etter fire mål på 29 kampar hamnar Flo på The Times si liste over sesongens største floppar.

Etter ein sesong i Nord-England går turen til Toscana og italiensk toppfotball med Siena.

– Etter nokre år i England vart eg mentalt sliten. Sunderland sleit veldig, det var krav om å levere scoringar, du har spelt på landslaget, på eit europeisk storlag og har prislappen med deg. Men eg lærte veldig mykje av det og kom meg vidare. Det gjorde meg sterkare, seier han.

Chelsea-spelar stoggar og skriv autograf

ENDELEG: Ein ung Chelsea-spelar blir den første som stoggar hos supporterane og signerer

Foto: Oddleif Løset / NRK

I løpet av tida i Siena spelar Flo sin siste landskamp. Turen går heim til Norge, England og Norge att. Forsøka på å leggje opp kjem på rekke og rad. Tanken om ei karriere som trenar er byrja å spire.

– Den tanken kom meir og meir mot slutten. Eg har vore med på så pass mykje, og føler eg veit ein god del om gamet. Altså, eg kunne godt ha tatt ein vanleg jobb også. Men det er dette eg vil, seier stryningen.

Trofea til laga på akademiet

TROFÉ: Akademiet har eit fyldig premieskap i resepsjonen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I førre månad fullførte han trenarutdanninga UEFA Pro-lisens. No kan han som trenar ha hovudansvar på høgste nivå. Han kan bli manager. Han får også betre tid med kona og dei fem borna deira. I tillegg er han ein av fem ambassadørar i klubben.

– Før gjorde eg alt med tanke på å vere best mogleg budd til trening og kamp. Men det går med minst like mykje tid på fotballen likevel. Ikkje på treningsfeltet, men det går mykje tid på planlegging og diskusjon rundt utvikling av spelarar, seier han.

I Chelsea er Flo ein av fleire tidlegare spelarar, som no skal forme framtidas spelarar. Stryningen har hovudansvar for 14-årslaget, og trivast med det.

– Det er eit viktig år for spelargruppa. I slutten av året skal vi bestemme oss for kven som skal inn på fulltid frå neste år. Då ventar det full skule og alt skjer her på akademiet, seier han.

– Det er tøffe avgjerder å ta for unge håpefulle fotballspelarar?

– Det er det, og du merkar no på denne tida at foreldre og spelarar er ekstra nervøse. Dei slår av ein ekstra prat for å fiske ut kva som skjer vidare. Heldigvis er det ikkje eg som tek den endelege avgjerda.

Utsilinga er berre ei av fleire nålauge som spelarane må igjennom på akademiet. Slik som hos mange andre Premier League-klubbar.

Chelsea sitt fotballakademi

AKADEMI: Som dei fleste andre store fotballklubbar i England, har også Chelsea sitt eige akademi der dei formar sine eigne fotballspelarar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi byrjar i åtteårsalderen, eller enkelte før det også, å sjå på spelarar. Så skriv dei si første offisielle kontrakt i Under 9. Mange blir med heile vegen, så blir det sjølvsagt ein del utskiftingar undervegs, seier han.

– Nålauget er så ufatteleg trongt på dette nivået, at ein må verkeleg vere i topp verdsklasse for å lukkast. Vi føler vi har potensielle i akademiet, og kvart år kjem spelarar veldig nærme og får debutere. Men steget frå ungdomsfotballen til den store tøffe verda på toppnivå i Premier League er eit stort steg, held han fram.

Og Flo har ikkje dårleg tid før han søkjer nye utfordringar. Han stortrivast som trenar på akademiet til Chelsea.

– Det beste var sjølvsagt å spele sjølv. Det var det som var draumen, men når eg no ikkje kan spele så har eg funne det nest beste, som trenar for dei aller største talenta i landet.

– Men når du ser kor stort press som er på managerar i Premier League, og i for så vidt nedover i divisjonane, kor freistande er det å vere med på noko slikt?

– Nei, av og til tenkjer eg berre at «det er heilt vilt». Managerar har kort levetid i klubbane. Ein kjem i ein heilt annan livssituasjon når ein hoppar på noko slikt, så det er kanskje veldig greitt å vere godt budd før den tid.

– Og då kunne eg ikkje tenkt meg ei betre utdanning enn å gå gjennom systemet her i Chelsea. Vi har fasilitetar i verdsklasse, vi får trene talent som vil bli spelarar i verdsklasse, pluss at klubben er veldig opptekne av å utvikle trenarar, legg Flo til.

– Kva med Norge?

– Akkurat no er eg kjempenøgd med å vere der eg er, og likar ikkje å planlegge så lang tid i førevegen. Men det er ikkje uaktuelt.