Hopp til innhold

«Eg håpar vi aldri rykkjer opp til Premier League»

Det er ikkje berre sigrar, pokalar og store stjerner som lokkar tusenvis av norske fotballentusiastar til England.

Engelsk fotball er ikkje «berre» engelsk fotball. Kvart einaste år reiser tusenvis av nordmenn til fotballøya for å følgje sine lag.

Ein knapp månad ut i sesongen 2011/2012 har dei første entusiastane allereie vitja «fotballens heimland». Og langt fleire står for tur.

Det finnast eit utal årsaker til å følgje med eit fotballag. For Eirik Laberg frå Årdal og Per-Helge Berg frå Nesoddtangen, handlar det om tilfelle. For dei er engelsk fotball langt meir enn sigrar, pokalar og store stjerner.

Og begge håpar dei aldri får sjå sine favorittlag i Premier League.

  • KVA ER DITT FAVORITTLAG I ENGLAND? OG KVIFOR? FORTEL NEDST I SAKA.
Torquay

NØGD: Torquay-supporter Eirik Laberg håpar ikkje på Premier League-spel for sin favorittklubb.

Foto: Privat

– Ein vil ikkje at klubben skal bli øydelagd. Det er altfor mykje pengejag. League One, eller Championship, er på mange måtar det høgaste eg håpar Torquay hamnar, fortel Laberg.

På nivå fire

For fleire ti tusen fotballinteresserte nordmenn er ventetida endeleg over. Etter vel to månadars pause, rullar endeleg fotballen att i England. Slik er det også for den 34 år gamle årdølen.

Favorittlaget heiter ikkje Manchester United, Manchester City, Chelsea eller Arsenal, men Torquay. Konkurransearenaen er ikkje Champions League, Premier League, Championship, men League 2 - fjerde nivå i engelsk fotball.

Det er flott å vere på Anfield, men då blir du berre ein person i mengda.

Eirik Laberg

– Med Torquay har det blitt fleire nedturar enn oppturar. Vi har hatt mange nestenuhell opp gjennom historia. Eg er blitt vand med at det ikkje går så bra, men det går aldri så gale at eg vurderer å skifte klubb, fortel Laberg.

Likte namnet

Interessa for engelsk fotball starta i dei tidlege barneår for Laberg.

I England var det først Liverpool han følgde. I Norge var det Rosenborg som vann fotballhjartet til den unge årdølen. Interessa for engelsk fotball tok ei underleg vending med eit Stiga-fotballspel i 1993.

– Ein kamerat som hadde det med seg og vi spelte i friminutta. På lista mellom lag vi kunne velje, stod Torquay. Eg visste ingenting om klubben, men vart fascinert av namnet, seier Laberg.

Beste oppleving

Dermed var frøet sådd. Klubben sleit med å halde seg i divisjonssystemet, samstundes vaks interessa for klubben seg større og større. I 2002 vitja han for første gang Devon-klubben for første gong. Då var han allereie blitt medlem i den norske supporterklubben.

– Det må nok vere den beste opplevinga. Torquay vann kampen, og spelte med tidlegare landslagsspelar Roy McFarland under ei supporterturnering, fortel Laberg.

I 2007 måtte laget for første gong ta steget ut av proffligaen. Laberg var sjølv på tribunen då Torquay vann kvalifiseringsfinalen og returnerte til League 2 i 2009.

Mange ser nedover

Historia om Laberg si interesse for lag langt frå ”øvste hylle” er ikkje unik. Sosialantropolog Hans Kristian Hognestad fortel årdølen høyrer til ei aukande gruppe fotballsupporterar.

Samstundes som dei store klubbane held fram med å auke, blir det stadig fleire fotballinteresserte som følgjer klubbar nedover i seriesystemet.

(Artikkelen held fram under grafen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– I dag er engelsk fotball globalisert på ein slik måte at tilhengarane blir konsentrert kring store klubbar. Samstundes har vi fått ein motreaksjon frå ein del miljø med oppblomstring av folk som heiar på mindre lag, fortel han.

Sosial plattform

Hans K. Hognestad

FORSKAR: Hans Kristian Hognestad har forska på nordmenn si interesse for engelsk fotball.

Foto: Høgskolen i Telemark

Hognestad er førsteamanuensis i idrettsvitenskap ved Institutt for idrett og friluftsliv ved Høgskolen i Telemark. Han har forska på engelsk fotball og identitet. Sjølv følgjer han Arsenal.

Han fortel det er tusen årsaker til at ein byrjar å halde med lag. Alt frå historiske hendingar, fotballkort, merittar til klubben, klubbfargar, drakter og emblem, til ferieturar.

– Ein kan kalle det eit særnorsk fenomen. Du finn United- og Liverpool-supporterar over heile verda, men Billericay og Torquay er det ikkje så mange tilhengarar av. Dei er ikkje like «tilgjengelege» og ofte er det slik at ein snublar over klubben, seier han og fortel at det har klangbotn i den norske folkesjela å ha sympati for dei svake.

– For mange handlar fotball om ein sosial plattform som er meir enn berre suksess i Champions League eller kva det måtte vere. Sosial nettverksbygging på små stadar er ein dimensjon av fotballinteressa ein ikkje kan undervurdere, legg Hognestad til.

(Artikkelen held fram under grafen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Over 100 000 supporterar

Supporterunionen for Britisk Fotball starta opp i 1986 og har sidan vakse jamt og trutt. Totalt har 70 klubbar på eit eller anna tidspunkt vore knytt til unionen. I dag tel dei 48 medlemsklubbar med totalt 103 957 enkeltmedlemer.

Av desse er Manchester United og Liverpool desidert størst med totalt 80 000 medlemer.

Billericay

UREALISTISK: Billericay-general i Norge, Per-Helge Berg, håpar favorittklubben hans aldri når proffsystemet.

Foto: Privat

Med sine 12 medlemer er supporterklubben til Billericay Town den tredje minste i Supporterunionen for Britisk Fotball. Laget spelar i Isthmian League, på nivå sju i det engelske fotballhierakiet.

– Eg håpar dei aldri rykkjer opp til proffligaen. Dei har verken økonomi, anlegg eller spelarar til å klare det, meir eller mindre humrar Per-Helge Berg om klubben som dei siste 16 åra har vippa Queens Park Rangers av trona som favorittklubb.

(Artikkelen held fram under Youtube-klippet)

KJENSLER: Sterke kjensler i sving på tribuna då Adam Flanagan scorar for Billericay i bortekamp mot Aveley i Essex Senior Cup-finalen.

Ville sjå «Enga-drakt»

Berg var på fotballtur saman med fleire Vålerenga-fans tilbake på midten av 90-talet, då han regelrett snubla over det som skulle bli hans store lidenskap i fotballsamanheng.

– Vi såg Queens Park Rangers fredag, og ville sjå ein kamp til laurdag i Championship eller League One. Kriteriet var at laget måtte ha mest mogleg lik drakt som Vålerenga. Etter litt søk var Billericay det næraste vi kom, fortel han.

(Artikkelen held fram under grafen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nordmennene vakte oppsikt i den vesle landsbyen, kring halvtimen med tog utanfor London. Både manager og styreformann kom for å helse på.

– Vi vart så godt tekne i mot at vi fann ut at dette var noko vi måtte gjere oftare, fortel han og legg til at han sidan har sett nær 30 A-lagskampar, fem damekampar og fleire kampar med U18-laget.

Nærleik

Både Berg og Laberg nemner nærleiken til klubb og miljøet rundt som ei av dei viktigaste årsakene til at banda til Torquay og Billericay har vakse seg sterkare og sterkare med åra.

– Du får ei heilt anna oppleving av fotball, og kva fotball betyr for vanlege engelskmenn, seier Berg og legg til:

– Det handlar om kjensler, og det er vanskeleg å sette ord på. Det er lett å kjenne seg heime når eg kjem over. Det er hyggelege folk, du har stemninga og humoren på tribunen, seier Berg og fortel han har fått mange personlege vener i den vesle landsbyen.

Blir heltar

Bent Uvaag Johansen, nestleiar i Supporterunionen for Britisk fotball, fortel om førespurnader frå supporterar som ynskjer å skipe supporterklubb for eit lag i lågare divisjonar, eller som spør om klubben deira har supporterklubb.

Bent Uvaag Johansen

NESTLEIAR: Bent Uvaag Johansen er Celtic-supporter, og nestleiar i Supporterunionen for Britisk Fotball.

Foto: Supporterunionen for Britisk Fotball

I unionen finn ein fleire mindre kjende klubbar som Macclesfield, Aldershot og Rochdale. Fem klubbar utanfor seriesystemet tel til saman 220 medlemer. Til samanlikning har Manchester United åleine 43 500 medlemer.

Siste tilskudd av supporterklubbar i Norge er Chippenham som vart grunnlagd 5. august i år. Klubben med 16 medlemer er førebels ikkje med i oversikta til Supporterunionen.

– Det er lettare å identifisere seg med ein klubb der det er kortare line frå mannen i gata til klubbleiinga. I småklubbar som til dømes Torquay eller Billericay blir du motteken som ein helt om du kjem frå Norge, fortel nestleiar i Supporterunionen, og Celtic-supporter, Bent Uvaag Johansen.

Sjarmen forsvinn

Det stadfestar både Laberg og Berg. Førstnemnde har sjølv vore på Anfield, men fortel at interessa for Premier League-fotballen er avtakande.

På sine årlege turar, prøver han også å få med seg flest mogleg kampar – i lågare divisjonar.

– Du blir teken i mot av lokale supporterar og klubbleiing på ein heilt annan måte. Det er flott å vere på Anfield, men då blir ein berre ein person i mengda, seier han.

– Eg føler også at pengejaget har byrja å ta sjarmen vekk frå heile spelet. Du ser tendensar også nedover i divisjonane, men det er heldigvis ikkje like sterkt, seier han.

– Spelarar går etter pengar. Klubbtilhøyrigheit betyr ikkje så mykje lenger, meiner Laberg.

Vel i protest

Moderne fotball har røter frå arbeidsklassa i England på 1800-talet. Gjennom sosiale reformer og kortare arbeidstid fekk arbeidarane høve til å delta i spelet etter at arbeidsdagen var slutt. Då dei også fekk fri halve laurdagen, auka publikumsinteressa.

I Norge byrja interessa for den engelske nasjonalsporten å ta av i 1969 då NRK introduserte tippekampen for det norske TV-publikumet. Frå gamalt av har også Norge og England hatt eit tett forhold.

Med pengane som rår i engelsk fotball i dag, har sporten teke eit stort steg vekk frå utgangspunktet. Hognestad seier det kan vere ei årsak til at enkelte plukkar seg ut ein favorittklubb nedover i divisjonssystemet.

– Ein skal ikkje sjå vekk frå at det er ein reaksjon på det kommersielle sirkuset som Premier League har blitt. Ein ser at verdiar som lojalitet og solidaritet har blitt ofra for kommersialisering som er så ekstrem at ein gjerne opplever det som å kjøpe garantert suksess. Det er ikkje merittert på same måte som ein gjerne ser i høve til sportsleg framgang, seier han.

Dobla medlemstal

Det finnast også meir enn eitt døme på dei som ikkje ynskjer å halde med lag, som mange andre, spesielt i eigen vennekrins, følgjer.

– Det er heilt sikkert. Det er nokon som likar å stikke seg ut og finn anna lag enn det ”alle andre held med”. Men dei fleste som gjer det, finn ein klubb som er rimeleg gode. Du ser Chelsea, som har dobla medlemstalet sitt siste åra, frå kring 1 000 til nær 2 500 i dag, fortel Uvaag Johansen.

(Artikkelen held fram under grafen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sidan 90-talet har Manchester United dominert som den største og mest suksessfulle klubben i England. Dei seinare åra er dei blitt utfordra av Chelsea og no erkerival Manchester City.

Vil flytte til Billericay

Hos Laberg i Årdal er gleda over supporterklubben sin faste hausttur byrja å ta seg opp. Det skjer i september. I tillegg prøver han å få til ein vårtur til fotballøya.

Berg var nyleg i Billericay for å sjå klubben sin. Når borna veks til, håpar han å kunne flytte over for å følgje klubben gjennom eit heilt år.

– Om du hadde fått valet mellom å sjå Queens Park Rangers – Liverpool, eller Billericay – Woking. Kva hadde du valt?

– Billericay. Det er så mykje meir morosamt. Det kjennest ekte ut å vere der. Du kjem så mykje nærare spelarane, manageren. Du blir nærare knytt til ein så liten klubb, enn til ein stor klubb. Eg føler at du på mange måtar kjem nærare utgangspunktet til engelsk fotball, avsluttar han.