Hopp til innhold

– Om dei endar opp med å ikkje vinne noko, så blir det tøft uansett

Han fyller snart 50. Før det vil Terje Rognsø sjå Liverpool vinne Meisterligaen. Han er allereie på plass i Madrid.

På plass i Madrid

PÅ PLASS I MADRID: Terje Rognsø har med seg ein heil gjeng til Madrid. Dei er der for å sjå europacupfinalen.

Foto: Privat

– Me må berre håpe det går greitt i morgon.

Det seier Terje Rognsø, fotballelskar og Liverpool-supporter. Florøværingen trekte seg som dagleg leiar i Sogndal for ein månad sidan. No er han på plass i Madrid, og håpar på ein fotballopptur for hans del.

Liverpool og Tottenham møter kvarandre for første gong i ein europacupfinale. Det er også første gongen sidan 2014 at det ikkje blir spansk siger i Meisterligaen.

Rognsø var på plass i Marseille i 1998 og såg Noreg mot Brasil. Dette er første gongen han er på plass og ser ein meisterliga-finale. Dersom Liverpool vinn i morgon, så kjem han til å hugse det like godt.

– Det er lidenskap heilt fram. Dette Liverpool-laget har eg følgt i opp- og nedturar, men denne sesongen er noko av det beste eg har sett av dei. Så viss dei skal ende opp med å ikkje vinne noko, så vil det verte tøft uansett, seier han.

Fekk billettane

– Det var litt på impuls. Eg fyller jo heile 50 år om ein liten månad, så eg fekk ein billett til kampen av Tage Herstad. Eg hadde eigentleg sleppt det frå meg, og eg trudde det var umogleg å få tak i billettar, seier Rognsø.

Herstad bur i Liverpool, og har følgt fotballdraumen fullt ut. Han og Terje Rognsø er to blant mange nordmenn som er på plass i Madrid.

– Vi veit om mange, og det er fleire som er på veg. Også frå Florø, seier Rognsø.

I forkant av kampen blir det meldt om sterk auke i prisar, både på svartebørsbillettar og andre ting i Madrid. Det merkar også Rognsø.

– Ja, vi har merka det på taxiprisane. Og på svartebørsen så går billettane for det folk vil betale. Det er heilt galimatias, seier han.