– Det er greitt at hans lidenskap syner att i namna til ungane. Eg likar jo Liverpool eg også, byen og laget også sjølvsagt. Eg synest det er fine namn, seier mamma Kamilla Herstad til NRK.
Tia Louise er nemleg kalla opp etter «This is Anfield», eit slagord som står på eit stort skilt i spelartunnelen på Liverpool si heimebane. William er kalla opp etter William "Bill" Shankly som var manager for laget frå 1959 til 1974.
Fann namna i fotballbyen
– Eg er jo glad i Liverpool, men det er ikkje eg som har bestemt namna. Det er faren, det er han som er den store entusiasten, ler mamma Kamilla.
Då NRK var på besøk var pappa Tage i nettopp Liverpool. I mange år har han vore ein av dei fremste entusiastane for det britiske fotballaget, og tek svært ofte turen frå kystbyen Florø til England.
I episode to av NRK sin nye serie om namn, Nomino, kan du møte nokon av dei som har blitt kalla opp etter foreldra sine store heltar.
Fekk namn etter fotballhymne
– Vi kan jo ikkje tvinge ho til å like fotball, men ho får jo masse fotball med no i oppveksten, fortel pappa Benny Rivedal.
Den tidlegare fotballspelaren og sambuar Liselotte Norman tykkjer Ynwa er eit flott namn på ei lita jente, som truleg må bli Liverpool-supporter sjølv.
Men Ynwa, Tia Louise og William er langt frå dei einaste som har fått namn frå fotballverda.
Kalla opp etter farmor og Leeds
I Stavanger bur Morten Eia og sonen Elland. Og ja, sistnemnde er kalla opp etter Leeds United si heimebane Elland Road.
– Han er kalla opp etter farmora Eldrid først og fremst, men også Elland Road, sidan eg er lidenskapleg Leeds United-supporter, seier Morten.
Elland sjølv er godt nøgd med namnet sitt, og forsikrar at han i alle fall er litt interessert i fotball.
– Eg synest namnet er fint i seg sjølv, sjeldan og samstundes enkelt. Vi tenkjer jo ikkje så mykje på det, men når vi snakkar om det så synest jo folk det er fascinerande, seier pappa Morten og smiler.