– Motstanden ute i distrikta kjem til å bli enda større

Reaksjonane er sterke etter at medlemer av SV og Høgre frå Oslo i dag gjekk ut og bad staten overkøyre kommunane i vindkraftsaker. Ap-ordførar kallar dei byfolk som trur dei veit betre enn dei som bur i distrikta.

Petter Sortland og vindturbinar

KRAFTIG REAKSJON: Petter Sortland (innfelt) er ordførar for Arbeidarpartiet i kraftkommunen Høyanger. Men han vil ikkje ha nye, store vindkraft-felt.

Foto: NRK

Bård Standal (H) og Thor Egil Braadland (SV) sin kronikk i NRK Ytring søndag har sett sinna i kok i Distrikts-Noreg.

– Kommunane står i kø for å levere sine negative syn på vindkraft, skriv dei og slår fast at det bør vere staten som bestemmer om det skal byggast store vindturbinar, ikkje lokalpolitikarane, skriv Standal og Braadland.

– Heilt uakseptabelt

Desse utsegnene får blant andre Ap-ordførar i kraftkommunen Høyanger, Petter Sortland, til å steile. Eit samla kommunestyre i Høyanger har sagt nei til Fred Olsen og Zephyr sine vindkraftplanar.

– Her har du byfolk som brått skal setje seg opp på sin høge hest og vite at dei kan ting mykje betre enn oss som lever i og av naturen. Dette synest eg er heilt uakseptabelt, seier ein arg ordførar til NRK.

Han meiner at slike utsegner frå storbypolitikarar berre vil føre til at meiningsgrøfta mellom by og land berre vil bli djupare framover.

– Dei har dratt opp ein diskusjon som gjer at motstanden og fandenivoldskheita ute i distrikta kjem til å bli enda større, seier Sortland til NRK.

– Må ta statlege grep

Standal (H) og Braadland (SV) meiner derimot at det er nettopp lokalpolitiske vedtak ein må unngå når Noreg no ligg an til å bli ei stormakt, også innan satsing på vindkraft.

– Vindkraft er det aller reinaste vi kan bygge ut. Då kan ikkje kommunane sitje kvar for seg å seie nei til den reinaste energien som finst. Då må vi ta statlege grep, seier Braadland.

Han meiner også vindkraft er nettopp det politiske punktet som kan skape semje i miljøpolitikken mellom høgresida og venstresida.

– Akkurat no er vindkraft den perfekte alliansen mellom høgresida og den klimavenlege venstresida. Det dreier seg blant anna om at vindkraft er ein lønsam teknologi som ikkje tar lang tid å setje opp, meiner SV-politikaren.

NVE fastslo nyleg at det finst ei rekkje område på det norske fastlandet som er svært eigna til utnytting av vind til kraftproduksjon.

Også Høgre reagerer

Men det er ikkje berre Ap-ordførarar som reagerer sterkt på utspelet om at kommunane si makt i vindkraftsaker skal fjernast. Også i Høgre vekkjer utspelet oppsikt.

– Eg har forstått det slik at kommunar i dag kan seie nei til bygging av vindturbinar, og at staten har respektert dette. Det er ein praksis eg meiner må halde fram. Vindkraftverk har i seg så mange sider at lokaldemokratiet må ha rett til å seie nei, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H).

Grotle blir frå nyttår ordførar i den nye storkommunen Sunnfjord. Ein av stadane som er mest aktuell for ei storutbygging er fjellområda mellom Sunnfjord og Høyanger.

Seinast denne helga har det vore store underskriftskampanjar mot utbygging i dei to kommunane. At dei to Oslo-politikarane då går ut og krev at det er staten som skal bestemme fell ikkje i god jord.

– Det er vel heilt typisk. Eg ser at den eine har tilhaldsstad på Frogner. Dei meiner vel dette og synest sikkert at kommunen er noko herk og er styrt av folk som ikkje veit sitt eige beste, slår Høyanger-ordførar Petter Sortland fast.