NRK Meny
Normal

Studentar meiner dei kan for lite om vanskane i skulen

Allmennlærarstudentar føler seg ikkje godt nok rusta til å møte elevane sine behov i skulen. Fleire meiner det kan vere behov for å styrke den spesialpedagogiske undervisninga i utdanninga.

Berdal og Steig

VIL HA MEIR: Studentane (f.v.) Linn Tove Berdal og Stine Steig skulle gjerne hatt endå meir ballast med seg når dei er ferdig utdanna almennlærarar.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Tidlegare i veka melde NRK at om lag 20 prosent av elevane i ei klasse vil ha behov for spesiell tilrettelegging av undervisninga.

Student Linn Tove Berdal i Sogndal meiner det er behov for å styrke studentane sin kompetanse.

– Lærarutdanninga rustar oss til å møte ei normal klasse, altså ein A4-elev som ikkje har nokon særlege behov eller diagnosar. Dette er nok noko lærarutdanninga må ta konsekvensen av, seier Liv Tove Berdal.

Veit litt, men ikkje nok

Ho er i innspurten på lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Om nokre månadar skal ho stå bak kateteret og møte si første skuleklasse som lærar. Då er ho glad for å ha fordjuping i spesialpedagogikk med i sekken.

– Berre det å skrive ein individuell opplæringsplan. Korleis skal eg gjere det når eg ikkje har lært det på den ordinære lærarutdanninga? Vi får litt innføring i det på spesialpedagogisk utdanning, men utan den hadde vi stått på berr bakke, seier Berdal.

Også studievenninna Stine Steig er glad for at ho har teke fordjuping.

– Dei som ikkje tek spesialpedagogikk, dei hadde ikkje hatt peiling på kva det handlar om. Eg føler eg er meir budd på det enn dei, men eg føler ikkje eg er heilt sikker på kva tiltak eg skal setje inn når eg møter elevar med dei vanskane, seier Steig.

Kan vere behov for endringar

Dei to studentane undersøkte saman med fire andre på spesialpedagogikkstudiet kva vanskar elevar i ungdomsskulen har.

NRK fortalde tidlegare at dei mellom anna fann 184 ulike diagnosar blant 800 ungdomsskuleelevar, som til dømes dysleksi, språkvanskar, migrasjonsrelaterte språkvanskar, psykisk utviklingshemming, ADHD, dyskalkuli, angst og diabetes.

Lærarstudentar skal gjennom utdanninga bli kjende med dei mest vanlege vanskane elevane har.

Førstelektor Kirsten Flaten, ved høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner det likevel kan vere behov for å gjere endringar slik at studentane er betre rusta når dei kjem ut i skulekvardagen.

– Det er godt mogleg at spesialpedagogikk burde vore obligatorisk. Eg ser at når kvar einaste klasse i snitt har 4,3 elevar med diagnosar, så må dei som møter dette ha ein kvardag slik at dei veit kva dei skal gjere med det, så studentane treng å få litt kunnskap om det, seier Flaten.

– For få har spesialpedagogikk

Professor i pedagogikk i Volda, Peder Haug, meiner det kan vere andre tiltak enn meir spesialundervisning som er løysinga.

– Dess betre den ordinære opplæringa er, dess mindre er trongen for spesielle tiltak. Det gjeld også denne store gruppa elevar som desse lærarane har funne, og som utfordrar dei, seier Haug.

Peder Haug

KUNNSKAP: Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, meiner kunnskap om elevar med spesielle behov er viktig.

Foto: Høgskulen i Volda

Han meiner likevel at det må bli fleire lærarar som har kunnskap om elevar sine spesielle behov.

– Det som er akilleshælen på dette området er at det er for få lærarar med spesialpedagogisk kompetanse som har ansvaret for dei elevane som skal ha spesialundervisning, seier Haug.

Handlar om å vite kva du skal gjere

Leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, Trond Giske, meiner den siste reforma i lærarutdanninga, med spesialisering på undervisingstrinna, er eit steg i rett retning, men at det kanskje bør gjerast endå meir.

– Det er godt mogleg at vi må gå endå lengre og ha endå meir spesialisering og fordjuping i det å hjelpe elevar med lese- og skrivevanskar, og liknande, for å kunne hjelpe endå fleire elevar i ein normalsituasjon, seier Giske.

Trond Giske

GÅ LENGER? Leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, Trond Giske ser ikkje vekk frå at ein må ta ytterlegare grep når det gjeld spesialisering og fordjuping.

Foto: Gorm Kallestad

Førstelektor Flaten er klar på at konkrete tiltak er noko av det viktigaste.

– Kvar einaste lærar kjem til å få utfordringar på dette feltet. Det handlar ikkje om å vere snill, det handlar om tiltak og å vite kva du skal gjere. Ingenting er meir handlingslammande enn å mangle kunnskap om noko, og ikkje vite kva du skal gjere med det, seier Flaten.

Linn Tove Berdal har også eit forslag til kva som kan hjelpe lærarstudentar som kjem etter ho.

– Legg til rette og tilpass det slik at det vert meir praksisnært, seier Berdal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser