Hopp til innhold

Full namnestrid om Vestlandet

Nokre har kalla det for eit frekt namneran og for ein dårleg nachspiel-idé. Andre vil helst ikkje bruke ein kalori på debatten. Ingen tvil om at namnet «Vestlandet» har engasjert dei siste dagane.

Vestlandet fan

SMÅ OG STORE VESTLENDINGAR: Mange meiner det er heilt feil å bruke namnet «Vestlandet» om det nye storfylket med Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

«Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, ja der bur du. Håper du veit kor heldig du er, du bur på Vestlandet ...».

I fjor på denne tida var alle vestlendingar etter at Vilde og Anna sjarmerte ein heil nasjon med songen «Vestlandet» i Melodi Grand Prix junior.

No er stemninga litt annleis, for halvparten av Vestlandet er sure på Sogn og Fjordane og Hordaland. Ikkje berre litt sure, men ganske sure. Når Sogn og Fjordane og Hordaland slår seg saman vil dei kalle seg for «Vestlandet». Det får restvestlendingane til å gå av skaftet.

Likevel er namnestrid alt anna enn nytt her til lands.

– Då Christiania fekk namnet Oslo var det etter ein lang prosess som vekte sterke kjensler. Folk skreiv lange innlegg i avisene og hadde underskriftsaksjonar. Verre var det i diskusjonen om Trondheim og Nidaros. Det var slagsmål, ruteknusing og folk blei jaga frå byen, seier Åse Wetås, som er direktør i Språkrådet.

Ein har ikkje tatt til ruteknusing her vest, men meiningane er mange, og det er ikkje utan grunn, meiner Wetås.

Det er mange sterke kjensler knytt til namn. Vi føler eigarskap til namnet. Når nokre plukkar på det og vil ha endringar, så får vi fort meiningar om det.

Åse Wetås

VELG HELLER NOKO ANNA: Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner Sogn og Fjordane og Hordaland bør velje eit anna namn.

Foto: Svein Arne Orvik / NPK

Her finn du alt om namnevalet «Vestlandet».

Kan Sogn og Fjordane og Hordaland berre ta «Vestlandet»?

Språkrådet har sagt nei til at dei to fylka i midten kan bruke «Vestlandet» som namn på det nye storfylket, blant anna fordi namnet dekkjer eit større geografisk område enn kva det nye fylket gjer.

– Problemet kjem når ein vel det same namnet på fleire store stadar. Skulle Hedmark og Oppland kalla seg for Vestlandet når dei slår seg saman, så blir det eit problem, seier Westås.

Etter den hissige namnestriden er det mange som spør seg om kva som skjer vidare.

– Viss Stortinget seier ja til dette, så må vi berre finne ein måte å leve med det på. Eg har tillit til at det ikkje vil skje, ler Westås.