Hopp til innhold

Lukkelege vinnarar av MGPjr 2016

OSLO (NRK): Dei sjarmerte heile Noreg i senk og tok heim den gjevaste prisen ein kan få. Dei ferske vinnarane var tomme for ord då dei vann.

Anna Naustdal og Vilde Hjelle vant MGPjr 2016

VINNARAR. Anna og Vilde er Noregs nye songstjerner.

Foto: Terje Pedersen, Scanpix

– Eg kan ikkje tru på at dette er sant! ropar Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) i kor.

Vilde og Anna gjekk heilt til topps i årets Melodi Grand Prix Junior. Vinnarane skalv på hendene då dei fekk ta i det tunge trofeet.

– Det har endå ikkje gått opp for meg, eg er heilt tom for ord, seier ei forfjamsa men lukkeleg Vilde.

Vi har aldri vore med på noko så stort, vi kjem til å hugse dette heile livet.

Vilde og Anna

Jentene er den første duoen som vinn MGPjr sidan Marcus og Martinus vann i 2012.

– Dette er det største eg har opplevd i heile mitt liv, det var ubeskriveleg å stå på scena og høyre alle som heia på oss, fortel Anna.

Begge er lukkelege over sigeren og trur ikkje det kjem til å gå opp for dei før om ei god stund.

– Då vi høyrde familie og vener frå Eid i salen som ropa og skreik med plakatar blei vi skikkeleg glade, seier dei.

God kjemi

PATRIOTAR. Vinnarjentene elskar Vestlandet og vann med melodien 'Vestlandet'

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix
Tårevått

TÅREVÅTT. Tårene strøymde både i salen og på scena då dei fekk dei gode nyheitene.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Songen deira "Vestlandet" handlar om at når ein veks opp på ein liten stad kan ein ha lyst å flytte vekk når ein blir vaksen, og at ein kanskje gjer ein stor feil ved å forlate heimstaden fordi det er så vakkert der. Dei meiner ein er heldig om ein får bu på Vestlandet.

De kjem vel ikkje til å flytte frå Vestlandet?

– Aldri!

Vil halde føtene på jorda

– Sjølv om vi vant heile greia kjem vi aldri til å bli overlegne fordi vi har vunne, vi skulle ynskje alle finalistane kunne vunne så eigentleg er vi litt triste på deira vegne, sjølv om vi er takknemlege, fortel Vilde med gledestårer i auga.

Justin Bieber er deira største førebilete og dei håpar å kunne stå i Spektrum igjen.

– Eg vil berre gjere det igjen og igjen og igjen, seier Anna.

Av tusenvis av bidrag kom 10 vidare til finalen i Oslo Spektrum. Allereie då hadde jentene kome igjennom eit lite nålauge. Då jentene fekk trofeet strøymde tårene og dei trudde knapt på at det var sant.

Trofeet

GJEVASTE PRIS. Jentene viser fram MGPjr-trofeet dei stolt kan ta med seg heim.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Eg høyrde berre at programleiarane sa "Vilde og Anna" og eg skvatt til og trudde eg skulle besvime, seier Vilde og må støtte seg til medvinnaren Anna.

Med 7400 publikummarar i salen og heile Noreg som publikum heime i sofaen vart dette noko anna enn å synge heime på Eid.

– Vi har aldri vore med på noko sånt før og vi kjem til å hugse dette heile livet, seier dei.

Dei takka alle som har stemt dei til topps og gler seg til å halde fram med si lyse musikk-karriere.