Hopp til innhold

Venstre-ordførar forsvarer cruise med landstraum, men veit ikkje om det kjem

Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Eid forsvarer cruisetrafikk i heimkommunen med at det vil bli landstraum. Men han kan ikkje svare på kva landstraum vil koste eller om det i heile tatt kjem.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) på Nordfjordeid

FORSVARER CRUISE: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid forsvarer å ta imot forureinande cruiseskip medan ein ventar på at eit eventuelt landstraumanlegg skal kome på plass. Bak ser vi MS «Aidaperla» som har 18 dekk, har plass til 4350 passasjerar og eit mannskap på 900.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein bunadskledd Alfred Bjørlo smilte frå øyre til øyre tysdag sist veke då cruiseskipet MS «Aidaperla» la til kai. Saman med musikarar tok han imot det aller første cruiseskipet i Eid med å spele på lur. Det var stor fest i sentrumsgatene og alle verka fornøgde.

Men besøket av MS «Aidaperla» har også ei alvorleg skuggeside, meiner miljøvernarar. Det er venta 21 cruiseskip til Eid i år.

– Alfred Bjørlo har ingen grunn til å juble over at det no blir cruisetrafikk også i Eid. Når cruiseskip ligg til kai brukar dei kvart døgn like mykje drivstoff som tusenvis av dieselbilar, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom. Han legg til at cruiseskipa også slepper ut kloakk og kjemikaliar.

Gaute Eiterjord er nestleder i Natur og Ungdom

PROVOSERT: Eid pøser på med meir av det som øydelegg miljøet. Det er trist at Venstre-ordføraren i Eid går god for dette, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom.

Foto: Natur og Ungdom

Profilerer seg på miljøvern

Alfred Bjørlo har i fleire år vore ein av dei mest kjende Venstre-ordførarane i landet. Han har profilert seg som ein aktiv miljøforkjempar, og har forsvart oppstart av cruisetrafikk i heimkommunen med at det vil kome landstraumanlegg.

– Vi skal sjølvsagt ha landstraum, sa Bjørlo til NRK dagen før det første cruiseskipet kom til Eid.

Men etter å ha stilt Venstre-ordføraren ei rekkje spørsmål om landstraum, kan han ikkje svare på når eit eventuelt landstraumanlegg kan vere på plass. Han kan heller ikkje svare på kva det vil koste.

– Vi er i gang med eit forprosjekt om landstraum, og vi jobbar med å få det på plass så raskt som mogleg. Men det er sjølvsagt også avhengig av at me får statleg draghjelp, slik andre anlegg som har installert landstraum har fått, seier Bjørlo.

Mykje skal til for å få Enova-støtte

Det er det statlege selskapet Enova som gjev støtte til landstraumanlegg, men av cruisehamnene i Noreg er det berre Bergen som så langt har fått slik støtte. Enova viser til at landstraum for cruiseskip ofte er veldig kostbart, og at det ofte er ei ulønsam investering for hamnene og samfunnet.

– Anlegg som er reindyrka for cruise taper oftast i konkurransen om å få støtte frå Enova for anlegg som også blir brukte til andre føremål. Dei som får dei største reduksjonane i CO₂-utslepp per krone står først i køen, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Nakstad viser til at landstraumanlegg berre vil gje marginale reduksjonar i forureininga, og at det er når skipa er på havet dei forureinar klart mest. Han vil ikkje kommentere om eit landstraumanlegg i Eid kan få støtte.

Nils Kristian Nakstad

Å rydde opp i utsleppa frå dagens cruiseflåte gjennom landstraum bør ikkje vere hovudstrategien, meiner administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova. Han viser til at cruiseskipa forureinar klart mest når dei er på havet.

Foto: Rune Karlsen / NRK

Avviser at planane er luftige

Alfred Bjørlo fortel at kommunen tidlegare har fått avslag frå Enova på eit forprosjekt om landstraumanlegg.

– Eg beklagar at Enova sa nei til dette, seier Bjørlo.

Signala frå Enova er at mykje skal til for å få støtte til landstraumanlegg for cruiseskip. Korleis kan du tru at Eid kan få støtte?

– Fordi det er ny teknologi på desse anlegga og at prisen vil gå ned etter kvart. Kostnadene vil bli mykje lågare enn i Bergen. Dette skal vi få til, seier Bjørlo.

I Bergen kostar landstraumanlegget 150 millionar kroner. Av dette får dei 50 millionar kroner frå Enova.

– Natur og ungdom er svært kritisk til at Eid har byrja å ta imot nye cruiseskip før ein veit om eit landstraumanlegg i det heile let seg realisere. Kva seier du til den kritikken?

– All transport må over på nullutslepp i framtida, også cruisetrafikken. Vi må omstille næringa i grøn retning, ikkje berre seie nei, seier Bjørlo.

Han avviser at planane om landstraum i Eid er luftige, og trur ikkje at miljøtruverdet hans blir skada av at han seier ja til cruiseanløp i heimkommunen.