Hopp til innhold

Cruise-floken nær løysing

Staten tilrår å godta fleire drivstofftypar for å sikra framleis cruisetrafikk i verdsarvfjordane.

Nærøyfjorden

NÆRØYFJORDEN: Eit einstemmig storting ønskjer å innføra nullutsleppskrav for turistskip og ferjar i verdsarvfjordane frå 2026. Både Geirangerfjorden i Stranda kommune i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Aurland kommune i Sogn i Vestland er på verdsarvlista til Unesco.

Foto: Sverre Hjørnevik

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Konflikten mellom regjeringa og fleire norske kommunar toppa seg i november då Aurland og andre cruisedestinasjonar klaga staten inn til det europeiske overvakingsorganet ESA.

Bakgrunnen er vedtak i Stortinget om at regjeringa skal foreslå tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026, når regelverket blir strengare.

Ifølgje klagarane har staten skygd banen og berre lansert eit «håplaust forslag» om at skipa kan drivast på biogass i ein overgangsperiode.

I potten ligg ein eksistensiell angst hos fleire av cruisedestinasjonane om at livs- og næringsgrunnlaget deira kan forsvinne.

Det grunnleggjande spørsmålet er kor rigid eller fleksibelt nullutsleppskravet skal vera i ein overgangsperiode, innan ny teknologi er plass.

Og sist veke vart cruisedestinasjonane «bønnhøyrde» då staten presenterte eit smidigare og meir imøtekommande regelverk.

Etter ein omfattande høyringsrunde går Sjøfartsdirektoratet inn for å godta fleire drivstofftypar frå cruiseskip i verdsarvfjordane heilt fram til 31. desember 2035.

Knut Arild Hareide

– Vår tilråding gir best balanse mellom omsynet til nullutslepp og framleis cruisetrafikk i verdsarvfjordane, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.

Foto: NTB

Dei har lytta til innspela våre

I Anbefalingsbrevet som er sendt til Klima- og miljødepartementet (KLD) skriv Sjøfartsdirektoratet at dei vurderer konsekvensen av overgangsordninga til å vera «tilnærma lik den opphavlege ordninga, både når det gjeld å driva innovasjon og kutta utslepp.»

NRK har vore i kontakt med fleire av hamnesjefane og ordførarane i verdsarvfjordane. Alle gler seg over den siste omdreiinga, med visse atterhald.

Framlegget til overgangsordning er svært positivt. Dei har lytta til innspela våre, seier Aurland-ordførar Kjell Bjørgum (Ap).

I april kasta han korta og sa at cruise-bygda ville vere best tent med å miste verdsarvstatusen om prisen var at det lokale handlingsrommet vart borte.

– Det er eit drastisk steg å gå til. Men vi må bli høyrde, sa han.

MA7dG4dukic

– Regjeringa er oppteken av at vi kuttar klimagassutslepp og bevarer verdsarvfjordane våre, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Foto: NTB

David Underdal er styreleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Han kallar tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet «ei stor forbetring».

Dette vil ikkje lenger bety kroken på døra for cruise i Flåm. No må vi jobbe med ytterlegare klima- og miljøtiltak, som realisering av landstraumanlegget.

Håvard Tvedte

– Det er svært skuffande. Innovasjons- og investeringsvilje i grøne teknologiar må ikkje straffast slik på overtid, seier Håvard Tvedte, direktør i Maritime Cleantech.

Foto: Marius Knutsen

Klimaministeren: – Vi vil setja oss grundig inn i forslaget

Miljøkrava for skip i verdsarvfjordane er allereie blant dei strengaste i verda. Nullutsleppskravet kjem i tillegg.

Vi har no motteke tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet om korleis dette kan gjerast, og vil setja oss grundig inn i forslaget, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Han legg til:

Det er viktig for oss å ha ein god prosess, og dialog med ramma partar.

Les også Strid i cruisebygda om dei skal ut av verdsarvlista

Nærøyfjorden

Nå står det berre éin ting att: Nå må regjeringa følgje opp tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet, og seie ja til denne, seier Høgre-representant Olve Grotle frå Sogn og Fjordane.

Aurland-ordførar Kjell Bjørgum presiserer at konflikten ikkje er over, og at det enno er ein veg att å gå.

Det er framleis ting her som ikkje er bra, samstundes som det hastar veldig å få avklart 2026. Eg har difor beda statsråden om eit møte i saka, og håpar det kan lata seg gjennomføra så fort som råd.

Stranda-ordførar Einar Arve Nordang (H).

– Om biogass skulle vere det einaste lovlege drivstoffet for cruiseskip i verdsarvfjordane, så ville det vore ein katastrofe for turistnæringa. No ser det ut til at staten vil leggje seg på same lina som EU, og det er bra, seier Stranda-ordførar Einar Arve Nordang (H).