Hopp til innhold

Vegvesenet overrumpla av turistboomen - trudde ikkje at så mange ville bruka doane

I Sogn og Lofoten møter turistane stengde toalett på populære attraksjonar, og der flyt av skit og søppel. No vedgår Statens vegvesen at alle turistane kom overraskande på dei.

Mobiltoalett på Stegastein

EKSTRA DO: Statens vegvesen har sett opp eit mobilt toalett ved det nasjonale turistpunktet Stegastein. Dei andre arkitektdesigna toaletta har hatt store vanskar.

Foto: Noralv Distad

– Me tok ikkje høgde for at det skulle koma så mange tilreisande, seier Per Ritzler, pressekontakt for Statens vegvesen si satsing «Nasjonale turistvegar».

Per Ritzler

BER OM TOLMOD: – Mange av turistanlegga har eit enormt trykk berre nokre veker, og det er vanskeleg å ta av for desse toppane, seier Per Ritzler i Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Staten har dei siste åra brukt fleire hundretals millionar kroner på å lokka turistar til dei 18 nasjonale turistvegane i landet, men fleire plassar møter dei reisande stengde toalett og må ta naturen til hjelp.

– Det held ikkje å skulda på turistboomen, svarar reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Sogn:

– Planlegginga har vore for dårleg.

Dopapir flyt

– It's closed! It's not open.

Stengde toalettdørere – det har dei siste dagane møtt dei mange utanlandske turistane på den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet i Sogn, eit av dei mest populære reiseområda i landet med Flåmsbana og Nærøyfjorden, som er på Unesco si verdsarvliste.

Stegasteinen i Aurland, turister, turister går i stor gruppe, turister tar bilder av utsikt, stengte toalett, skilt som står stengt på, motorsykler på veien over Aurlandsfjellet, Vatnasete i Sogndalsdalen, mann frå Statens vegvesen, rørlegger som ordner toalett.

«IT'S CLOSED»: Turistane har reist langt får å sjå vestlandsfjordane, men møter stengde toalettdører. (TV-reportasje, 19. juni 2017)

For mange langvegsfarande har det spektakulære utsynet frå Stegastein over vestlandsfjorden blitt øydelagt av stinkande skit og dopapir, som har flote rundt attraksjonen.

– Kapasiteten er mangelfull nokre plassar. Det skuldast det enorme publikumstrykket på dei nasjonale turistvegane. I tillegg har Noreg dei siste tre åra òg opplevd ein eksplosiv turistvekst generelt. Dette har skapt ei bølgje som me ikkje fullt ut planla for, vedgår Ritzler.

Bos i turistmagnet

– Statens vegvesen burde ha sett dette langt tidlegare. Stegastein har vore ein attraksjon i fleire år, og Flåm og Aurland har over éin million besøkjande i året. Når me ser at doproblema gjentek seg, burde dette ha vore løyst for fleire år sidan, seier Brandshaug.

Helena Sancho Idoate, turistguide

– GIR DÅRLEG INNTRYKK: Guide Helena Sancho Idoate måtte be bussturistane halde seg til dei kom ned til Aurland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Staten har brukt store summar på å gjera dei nasjonale turistvegane forlokkande for turistane. Og dei reisande har kome i store flokkar, så store at det kvar sommar er omfattande parkeringsproblem til dømes i Trollstigen i Romsdalen, fortel Ritzler.

Også for ein annan turistmagnet har dei mange besøkjande skapt vanskar:

– Me har Lofoten, som ikkje gjeld sjølve turistvegen, men der dei har enorme problem med å ha nok toalett langs vegen, noko som har gitt seg uheldige uttrykk i naturen, seier Ritzler, som fortel at Statens vegvesen vurderer å setja opp enkle, mobile toalett.

Toalettpapir i naturen - Stegastein

BAKSIDA AV TURISTSUKSESSEN: Ved det populære utkikkspunktet Stegastein på den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet i Sogn har turistane gjort frå seg i ly av buskene siste veka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Held ikkje å skulda på turistboom

Reiselivsdirektør Brandshaug, som presiserer at han generelt tykkjer arbeidet med dei nasjonale turistvegane er viktig og godt, meiner det ikkje held å seia at turistboomen kom overraskande:

Ståle Brandshaug i Flåm

«SKIVEBOM»: - Høgsesongen er mykje meir enn eit par veker og sjølvsagt skal toaletta dimensjonerast for toppane, seier reiselivssjef Ståle Brandshaug i Sogn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Turistvegane er bygde for å bli ein suksess. Då må me kunne forventa at dei dimensjonerer toalett- og søppelhandteringa etter den turisttilstøyminga dei håpar skal koma, for det har slått til.

– Det er vanskeleg å laga prognosar langt fram i tid. Men me får heller oppgradera toaletta etter kvart der det er manglar, og det gjer me, svarar Ritzler.