NRK Meny
Normal

Varmen sette halvparten av viftene ut av spel

Femten minutt etter eksplosjonen og brannen i Skatestraumtunnelen slutta fire av åtte vifter å fungere. Dette førte til at ein ikkje fekk blåst ut røyken på nordsida av tunnelen.

Brann i Skatestraumtunnelen

FEKK UT RØYKEN: Vifteanlegget fungerte då røyken skulle ut av tunnelen på sørsida, men når ein skulle snu viftene fekk ein problem.

Foto: Linda Christin Lilleskare / NRK

Ei tankvogn med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger. Sjåføren og 14 andre personar var berga ut av tunnelen.

– I starten av aksjonen gjekk røyken i retning Rugsund og alt fungerte greitt. Vi fekk lufta ut røyken og vi sende mannskap mot brannstaden, seier dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Avhengige av at røyken blir fjerna

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

AVHENGIGE AV VIFTENE: Dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy seier at for at røykdykkarar skal ta seg inn i tunnelen må viftene fungere.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Men når mannskapet skulle ta seg inn på nordsida av tunnelen, der tankbilen hadde køyrt ut, for å sjå om det var folk i tunnelen, fungerte ikkje viftesystemet.

– Når vi seinare skulle sjekke nordsida av tunnelen og forsøkte å snu ventilasjonen, så fekk vi problem, fortel Brandsøy.

Han fortel at for at redningsmannskapet skal kunne gjere jobben sin er dei avhengige av at vifteanlegget fungerer.

– Skal vi ha moglegheit til sjekke ut tunnelen må vi få vekk røyken. Det er store avstandar og det er avgrensa kor langt du kan kome inn i tunnelen med røykdykkarar utan sikt, seier Brandsøy.

Trur viftene vart påverka av eksplosjonen

Brandsøy veit ikkje kvifor viftene ikkje fungerte, men trur det heng saman med eksplosjonen.

– Sannsynlegvis så er dei påverka av eksplosjonen slik at viftekapasiteten i tunnelen brøyt saman, seier han.

Margot Aase Åsebø

FLEIRE VIFTER SLUTTA Å VERKE: Margot Åsebø i Statens vegvesen seier at varmen sette fire av åtte vifter ut av spel.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fungerande avdelingsdirektør Margot Åsebø i Statens vegvesen stadfestar at brannen sette fire av åtte vifter ut av spel. Dei virka i 15 minutt etter ulukka.

– Det er ein konsekvens av så høg temperatur, seier ho.

Alarmsentralen vil no vite kva som verkeleg har skjedd i den 1,9 kilometer lange undersjøiske tunnelen.

– Vi må finne ut av kva som vart påverka av brannen. Sannsynlegvis kan vi dra lærdom av det. Heldigvis er det veldig langt mellom denne typen hendingar, difor blir det desto viktigare å lære av det som har skjedd, seier Brandsøy.

I dag føremiddag ramla hengjaren på ein tankbil av i Skatestraum-tunnelen. Hengjaren med 16 000 liter bensin kolliderte i tunnellveggen og eksploderte.
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen