Hopp til innhold

– Det kom fleire eksplosjonar etter kvarandre

Tore Myrestrand fekk stoppa bilen som kom imot og hindra at ingen andre kom inn i tunnelen då han oppdaga at hengaren på bilen losna og small i veggen.

Tore Myrestrand forteller om de dramatiske minuttene da han oppdaget at hengeren med bensin hadde løsna fra lastebilen og truffet tunnelveggen i Skatestraumtunnelen.

VIDEO: Tore Myrestrand fortel om dramatikken han opplevde inne i tunnelen. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen. Reporter: Stian Sjursen Takle, NRK

– På veg opp av tunnelen høyrde eg eit smell bak og såg i spegelen at det hadde skjedd eit eller anna med hengaren. Så eg stoppa, hoppa ut og såg at hengaren hadde slite seg frå bilen og gått i fjellveggen og det spruta ut bensin på hjørnet framme, seier Tore Myrestrand som køyrde bilen frå Måløy havneservice som køyrde i veggen i Skatestraumtunnelen.

Det kom ein bil imot som Myrestrand fekk stoppa.

– Eg sende han ut for å stoppe trafikken. Deretter tok eg den næraste nødtelefonen og fekk ringt alarmsentralen og dei sperra tunnelen og varsla brann og redning og politi.

(Artikkelen hald fram under biletet)

Her kjem røyken ut av tunnelen

Måtte kome seg ut då han høyrde første eksplosjonen

Han omtalar situasjonen som skremmande.

– Medan eg stod i telefonen kom første smellet, frå første rommet på hengaren. Då måtte eg berre sleppe telefonen og springe. Eg tok med meg bilen, kom meg ut av tunnelen og fekk sikra at det ikkje kom fleire inn.

Han veit ikkje om det er fleire i tunnelen.

– Det er i alle fall ingen på denne sida, og om dei klarte å stenge raskt nok i andre enden så var det forhåpentlegvis ingen som kom etter meg. Eg slepte forbi meg alle bilar som var bak meg på ferjekaia, så eg hadde i alle fall ikkje bilar bak meg når eg for inn i tunnelen. Eg var den siste frå Oldeide-ferja.

Mye røyk etter tunnelbrann ved Bremanger.

Teknisk svikt

Kor stor vil du seie at eksplosjonen var?

– Den var kraftig. Det var 16.000 liter med bensin, det smell godt. Bensinen var fordelt på fire rom, så det kom fleire eksplosjonar etter kvarandre.

– Har du nokre tankar om korleis dette kan ha skjedd?

– Det er nok eit teknisk brot i hengardraget. Halve draget til hengaren heng igjen bakpå bilen. Så det er ein teknisk svikt.

– Eg er litt skjelven. Eg berre håpar at det ikkje har kome bilar etter meg, det er det eg tenker mest på no. Men det høyres ut som brann og politi har kontroll.

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen
Foto: NRK.no-tipsar