Hopp til innhold

Havarikommisjonen reiser til tunnelen

Statens havarikommisjon har aldri før undersøkt ulukker der ei tankvogn har losna frå bilen. Så snart tankvogna er ute av tunnelen, reiser dei til Bremanger for å starte undersøkingane sine.

William Bertheussen

GJER TRYGGINGSUNDERSØKING: William J. Bertheussen i Havarikommisjonen.

Foto: Statens Havarikommisjon

Statens havarikommisjon for transport vart varsla kort tid etter brannen i Skatestraumtunnelen i går, men treng meir informasjon før dei sender folk til staden.

Her gjeld det å skunde seg langsamt. Vi prøvar å danne oss eit best mogleg bilete over kva som har skjedd herfrå og i kva rekkefølge vi skal gjere den vidare granskinga, seier William J. Bertheussen i Havarikommisjonen.

Han seier dei i løpet av dagen vil finne ut kven og når dei reiser.

Vi har tryggleiken til dei som skal gjere undersøkingane i fokus, og la naudetatane gjere sin jobb først.

Havarikommisjonen vart varsla få minutt etter at ulukka skjedde onsdag, og starta umiddelbart å hente inn opplysningar frå redningspersonell, politi og brannkorps.

Skal finne ut kvifor dette skjedde

Statens havarikommisjon for transport er ein uavhengig kommisjon som går inn og undersøker ulukker og hendingar innanfor vegtrafikk. Tidlegare i år kom rapporten deira frå brannen i Gudvangatunnelen for to år sidan, der dei kom med sterk kritikk av både handteringa av ulukka og utrustinga av tunnelen.

Hengarfestet som sleit då hengaren losna

DETTE ER ALT SOM ER ATT AV HENGAREN: Overingeniør Svein Arne Henjesand i ulukkesgruppa til Statens vegvesen seier hengaren skal tole å trekke 30 tonn.

Foto: Quirinus Adrichem

– Formålet med tryggingsundersøkinga er ikkje å fordele skuld, men å sjå på kva som skjedde, kvifor det skjedde og kva vi saman kan gjere for å hindre at slike ting skjer igjen. Det er ein krevjande prosess som handlar om informasjon, kunnskapsauke og ikkje minst læring. Det vil sjølvsagt ta tid, seier Bertheussen.

Må vente på at hengaren vert frakta ut av tunnelen

For augeblikket ventar dei på at hengaren som losna frå bilen skal verte henta ut av tunnelen og dei kan få meir informasjon om denne, seier undersøkingsleiar i havarikommisjonen, Martin Visnes.

– Har de vore borte i eit liknande tilfelle før, at ein tilhengar losnar på denne måten?

I tunnelen

VENTAR PÅ TILHENGAREN: Martin Visnes, undersøkingsleiar, her i Gudvangatunnelen etter brannen i 2013.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Nei, vi har ikkje vore borti hendingar kor hengarar har losna og resultert i ulukker.

– Kva tankar gjer du deg foreløpig om det som har skjedd?

– Vi er jo inne og prøvar å få inn ein del faktaopplysningar. Det vart jo veldig store konsekvensar når det gjeld materielle skader, men det som er bra er jo at det ikkje vart alvorlege personskadar. No er jobben vår å kartlegge årsaka til at dette skjedde, kvifor hengaren losna frå bilen, seier Visnes.