Valdtektstiltalt på rømmen er arrestert

Den tredje av dei tiltalte i gruppevaldtektssaka i Sogndal er arrestert og varetektsfengsla i åtte veker. Firebarnsfaren vert rekna for å vere hovudmannen.

Politiadvokat Rudolf Christoffersen i retten i Førde

ROSAR POLITIET: Statsadvokat Rudolf Christoffersen seier politiet har gjort ein kjempejobb for å få tak mannen som har vore på rømmen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den austeuropeiske mannen rømte frå Noreg då han slapp ut frå varetekt i fjor. Då rettssaka mot dei tre mennene starta i Sogn og Fjordane tingrett i februar møtte han ikkje opp.

Dei to andre tiltalte, som er brør, vart dømde til fengsel i fem år og tre månader og fire år og seks månader.

Begge har anka dommane.

Det var natt til 6. februar i fjor at dei tre austeuropeiske mennene skal ha valdteke ei kvinne i Sogndal etter tur. Den eine pressa ei pute mot hovudet hennar då han valdtok ho, meiner påtalemakta.

Arrestert i Nordland

Mannen som har vore etterlyst både i Noreg og utlandet vart arrestert i Sortland onsdag 27. mars. Verken forsvararen hans, advokat Stig Nybø, eller aktor i saka, statsadvokat Rudolf Christoffersen, kan seie noko om omstenda rundt pågripinga.

Men Christoffersen meiner det er grunn til å tru at tiltalte har vore i utlandet i lengre periodar.

– Vi er veldig godt fornøgde med politiet sin innsats. Dei har brukt mykje ressursar og gjort ein kjempejobb med å få tak i han, seier Christoffersen.

Mannen var sjølv ikkje til stades då Sogn og Fjordane tingrett i dag avgjorde at han kan varetektsfengslast i åtte veker. Retten meiner det er fare for at han vil rømme igjen om han vert fengsla for ein kortare periode. Dei har heller ikkje fått inn nye opplysningar som svekker mistanken mot han.

– Viktig å ta omsyn til fornærma

No er målet til statsadvokaten å få saka behandla så raskt som mogeleg i tingretten.

– Vi ønskjer ei felles behandling av saka til alle tre i lagmannsretten etter sommaren, seier Christoffersen.

Og han er tydeleg på kvifor det er målet:

– Grunnen er omsynet til fornærma. Viss vi ikkje lukkast med å få til ei felles behandling i lagmannsretten risikerer ho å måtte forklare seg ein fjerde gong. Å måtte forklare seg tre gonger er ille nok. Vi ønskjer at ho skal sleppe belastninga med å måtte forklare seg fleire gonger enn naudsynt.

Advokat Stig Nybø

FORSVARAR: Advokat Stig Nybø seier klienten hans er redd for ikkje å verte trudd.

Foto: Kristine Folland / NRK

– Redd for ikkje å verte trudd

Forsvarar Stig Nybø seier at klienten hans framleis meiner at han er uskuldig.

– Han er redd for at han ikkje skal verte trudd fordi han er utlending. Difor møtte han ikkje i retten då saka var oppe, seier Nybø.