Måndag morgon skulle den austeuropeiske mannen møte i Sogn og Fjordane tingrett. Han blir rekna som hovudmannen bak det politiet skildrar som ei svært alvorleg hending i februar i fjor.
Men då rettssaka skulle starte blei det raskt klart at mannen ikkje har planar om å møte i Sogn og Fjordane tingrett. Han oppheld seg utanlands.
Ei kvinne skal ha blitt valdteken etter tur av tre ulike menn i ein privatbustad i nærleiken av Sogndal sentrum natt til 6. februar. Der skal ho ha blitt dopa ned med bedøvande medisin før valdtektene skjedde.
Trur han vil bli dømt
Den hovudtiltalte rømte frå Noreg då han slapp ut av varetekt i fjor og verken politiet eller forsvarar Stig Nybø veit noko om kvar han er.
– Eg har berre hatt ein kort telefonsamtale med han og det eg veit er at han er livande redd for å møte fordi han er utlending, sa Nybø då rettssaka starta.
Aktor, statsadvokat Rudolf Christoffersen seier til NRK at mannen no er etterlyst over heile verda og at dei reagerer på at mannen nektar å møte i retten.
– Han vil bli arrestert og ført for retten i ei eiga sak seinare, slår Christoffersen fast.
Mannen har fire born og budde og jobba i Sogndal då den grove valdtekta skal ha skjedd.
– Heilt uforståande
Det gjorde også dei to andre som er tiltalt i saka. Dei to austeuropeiske brørne sit begge framleis i varetekt. Den eine av dei har innrømma deler av den alvorlege tiltalen, den andre nektar plent for å ha gjort noko som helst gale.
– Min klient erkjenner ikkje straffskuld, han stiller seg heilt uforståande til tiltalen. Han forklarar at han ikkje har hatt nokon seksuell kontakt med denne kvinna i det heile tatt, seier forsvarar Louis Anda til NRK.
Det er eit stort politioppbod i tingretten for å passe på at dei to brørne ikkje stikk av. Dei vil forklare seg via tolk dei komande dagane.
Dei tre tiltalte risikerer den strengaste straffa i lova, 21 år i fengsel.