Hopp til innhold

To brør dømde til fengsel for gruppevaldtekt

To brør er dømde til fengsel for ei gruppevaldtekt av ei kvinne i Sogn. Den eine av dei har allereie bestemt seg for å anke dommen.

Advokat Louis Anda i retten

ANKAR: Advokat Louis Anda stadfestar at mannen som fekk den strengaste fengselsstraffa ankar avgjerda inn for Gulating lagmannsrett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bergens Tidende var først ute med nyheita.

Fengsel i høvesvis fem år og tre månader og fire år og seks månader er straffa som Sogn og Fjordane tingrett har kome fram til.

Dei to vert også dømde til å betale 175.000 kroner kvar i oppreisning til kvinna.

Louis Anda, forsvarsadvokaten til den eine av brørne, melder at klienten kjem til å anke dommen. Anda seier det er to grunnar til at ein anke kjem.

– Det eine er at det ikkje har vore noko DNA-treff på min klient som knyter han til noko som helst kontakt med den fornærma. Det andre er at fornærma sa klart og tydeleg at ho ikkje kunne kjenne att den tiltalte på ein stor TV-skjerm under straffesaka.

Robert Fonn er kvinna sin bistandsadvokat. Han hadde ikkje fått snakka med sin klient då NRK ringde han fredag, men han seier han er nøgd med dommen.

– Dette er i tråd med den påstanden som eg la ned i retten.

Forsvarsadvokaten til den andre dømde broren kan ikkje uttale seg om dommen før ho har fått snakka med klienten sin.