Hopp til innhold

SISTE: Valdtektsdømd ankar dom for gruppevaldtekt

Også den andre av brørne ankar dom for gruppevaldtekt i Sogn.

Anette Stegegjerdet Norberg

ANKAR: Anette Stegegjerdet Norberg har anka dommen ein mann i 30-åra fekk for gruppevaldtekt i Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mannen var den yngste av to brør som vart dømde for gruppevaldtekt av ei kvinne i fjor vinter.

Den tredje tiltalte møtte ikkje til hovudforhandlinga, og er etterlyst internasjonalt. Alle dei tre er utanlandske statsborgarar.

– Ut frå ei heilskapsvurdering er det bestemt å anke valdtektssaka, stadfestar advokat Anette Stegegjerde Norberg.

Mannen erkjende straffskuld for valdtekt, men vart dømd for gruppevaldtekt til fengsel i fire år og seks månader. Den medtiltalte broren vart dømd til fengsel i fem år og tre månader.

Om lagmannsretten kjem fram til at mannen skal dømmast for valdtekt, og ikkje gruppevaldtekt, vil det få betydning både for straffutmåling og erstatningsspørsmålet.

– Han står ved tilståinga si og han motset seg ikkje erstatningssumen om han blir dømd for gruppevaldtekt, seier Stegegjerdet.

Dermed har begge brørne anka dommen.

Stegegjerdet Norberg seier at mannen uansett meiner at straffa er sett for høg, og er usamd i momenta som Sogn og Fjordane tingrett la til grunn ved straffutmålinga.

– Av omsyn til alle partar ynskte han ikkje ei ny runde i lagmannsretten, og har derfor vore i veldig tvil om han skulle anke, seier ho.