Hopp til innhold

Ho sel vaflar til cruiseturistar for millionar av kroner

Ved Vatnahalsen høgfjellshotell sel dei vaflar for millionar. – No må hotellnæringa starte å tene pengar på cruise, i staden for å klage, meiner Innovasjon Norge.

Dagleg leiar ved Vatnahalsen hotell, Janett Aksnes

SUKSESS: Janett Aksnes har grunn til å smile. Ved Vatnahalsen høgfjellshotell har dei snudd den negative trenden og tener gode pengar på cruiseturistar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vatnahalsen høgfjellshotell ved toppen av Flåmsbana var truga av konkurs. Men det var før dei bestemte seg for å tene pengar på cruise og tog-gjestar. I dag sel dei vaflar, kaffi og syltetøy for fleire millionar kroner.

Dagleg leiar Janett Aksnes driv hotellet som vanlegvis er retta mot skigåarar og sykkelturistar.

– Vi hadde ein topp i fjor på 41.000 menneske på kaffi og vaflar. Då går det unna. Det er mi kjære mor som lagar vaffelrøre og steiker vaflane til alle desse menneska, fortel Aksnes.

Tanken bak var at dei måtte greie å halde ope, og tene meir pengar.

– Vi har gjestar på hotellet i dag som er ute heile dagen, som går på tur på fjellet eller syklar. Medan dei er vekke strøymer turistane på. No kan vi halde ope også om vinteren, seier Aksnes.

Hotella slit, turistane seglar forbi

Fleire hotelleigarar på Vestlandet opplever at det blir færre gjestar, samstundes som hundretusenvis av passasjerar seglar forbi på fjordane.

Det har vekt debatt om det er rett å satse på forureinande cruiseskip, og kor mange jobbar masseturismen eigentleg skapar. På same tid vurderer fleire kommunar å bygge nye kaier.

Tor Johan Pedersen

MOGLEGHEITER: Seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Tor Johan Pedersen, meiner hotella må sjå moglegheitene som finst til å tene pengar på cruiseturistar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Under ein reiselivskonferanse i Gloppen for hotellnæringa tysdag, sa seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Tor Johan Pedersen, at hotella må slutte å klage og bli flinkare til å tene pengar på cruise.

Næringa er internasjonal og kjem ikkje til å bli avvikla om enkelte set seg på bakbeina. I staden vil båtane reise til andre hamner var bodskapen.

Pedersen meiner hotelleigarane må vere kreative og finne ut korleis dei kan tene pengar på cruise.

– Det er tallause moglegheiter. Det handlar om å vere kreative, tenke nytt og sjå kva ein kan gjere kring om på dei ulike hotella, seier Pedersen.

Vaflar, kaffi snop og lunsj skal berge hotella

Han meiner enkle tilpassingar kan gi store inntekter.

– De har mange hotell som jobbar med cruisegjestar alt no. Til dømes vaflar, kaffi, snop og lunsj. Det finst fleire moglegheiter. Det er ofte enkle tilpassingar som skal til. Hotellgjestane er ofte ute på tur på dagtid, cruisegjestane er inne på dagtid. Det betyr at hotella ofte har fasilitetar som kan nyttast mot desse kundegruppene, meiner Pedersen.

Vatnahalsen høgfjellshotell i Flåm var i ein paradoksal situasjon. Hotellet var innretta mot vandrarar, fjellfolk og syklistar.

På same tid bygde Flåmsbana seg opp til å bli ein av landets største attraksjonar, med endestasjon nærast inne i hotellbygget. Hotellet tok kontakt med cruiseoperatørane og ville tilby turistane vaflar med bringebærsyltetøy og kaffi.

Målet er å få ein hundrelapp ut av kvar og ein av dei 41.000 menneska som var innom i fjor.

– Vi har ei unik plassering på toppen av Flåmsbana, så vi har moglegheit til det. Tanken er at gjestane skal bruke ein time på kaffi og vaflar på Vatnahalsen før dei snur ned att, og neste gruppe kan kome. Så enkelt og greitt kan det gjerast. Vi starta med mat, no går vi også for suvenirar, seier Aksnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hotel Vatnahalsen

PÅ TOPPEN: Vatnahalsen høgfjellshotell ligg på toppen av Flåmsbana.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil ha meir satsing, men talet reisande går nedover

Men på same tid som Innovasjon Norge prøvar å gi reiselivet på land større tru på å tene pengar på cruise, viser dei tørre tala at det blir færre og færre cruisepassasjerar som kjem til fylket.

I fjor var det ein halv million dags-reisande på cruise her i fylket. Neste år er talet venta å vere ned mot 326.000 passasjerar.

Innovasjon Norge meiner den store nedgangen berre er mellombels.

– Det som skjer no er at det har vekse veldig raskt, kanskje vel raskt. No har vi ei stabilisering i marknaden. I tillegg skal næringa tilpasse seg nye utsleppskrav sør for 62 breiddegrad, omtrent sør for Ålesund, seier Pedersen.

Nye miljøkrav gjer at båtane treng nye typar drivstoff eller reinseutstyr. Det gjer at næringa treng tid på å omstille seg.

– Vi trur at det tek seg opp igjen, men om det skjer i 2016 eller 2020 er vi meir usikre på, men vi er rimeleg trygge på at veksten kjem, Pedersen.

Fleire vil ha cruisekai

I Gloppen vurderer kommunen å bygge cruisekai på Sandane. Slike planar finn ein og mange andre stadar i Nordfjord og elles i fylket.

Men litt høgare oppe i sentrum ligg Gloppen hotell. Her driv hotelldirektør Preben Moen eit hotell som dei siste åra har vekt oppsikt for satsinga på lokal mat og drikke, og som dei siste ti åra har dobla omsetninga si gjennom store investeringar, dermed er det òg skapt fleire faste arbeidsplassar.

Administrerande direktør ved Gloppen hotell, Preben Moen

USIKKER: Preben Moen, ved Gloppen hotell, er avventande til om det er er rett å investere mykje pengar i cruisekai på Sandane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Moen er avventande til om det er rett å investere fleire titals millionar i cruisekai, når kommunen fyrst skal bruke så mykje pengar på å utvikle reiseliv.

– Det går kanskje fint å kombinere masseturisme, med anna reiseliv, men om det er rett for Gloppen må vi sjå meir nøye på, seier Moen.

Han legg til at det er fleire spørsmål ein må ha svar på.

– Kva skal vi tilby? Kva er moglegheitene her? Kva båtar skal vi ta i mot? Skal vi satse på båtar med 300 passasjer eller 3000? Kva infrastruktur har vi. Har vi dette på plass går det fint an å tene pengar på cruise, men alt må ligge til rette før kaia blir bygd, seier Moen, som ikkje kan garantere at Gloppen Hotel stiller med vaflar på cruisekaia, men som heller ikkje avfeiar tanken.

Cruisegjestane skal sikre vinterturisme

Men øvst i Flåmsbana veit Janett Aksnes at utan cruise hadde det neppe vore hotell heile året.

– Eg tenkjer jo at for vår del, som ei lita familiebedrift, så har vi klart å skaffe så mykje kundar i dag at vi kan ha tilsette heile året, ha vinterturisme og ha heilårsope. Det hadde vi ikkje klart utan at vi om sommaren selde vaflar til cruiseturistane, seier Aksnes.

Eit anna spørsmål er kor mange turistar den vesle staden kan klare å ta i mot.

– Vi har nok nådd ei grense med dei 41000 cruisegjestane vi hadde i fjor. Jobben vår no er å selje meir til kvar enkelt som kjem, til dømes suvenirar eller at turistane kjem tilbake for å og bur hjå oss seinare, seier Aksnes.