Hopp til innhold

Cruisetrafikken kan få nye restriksjonar

NHO Reiseliv har full forståing for at innbyggjarar i Flåm er leie av cruisetrafikken. Ifølgje dei er fylkeskommunane i ferd med å utarbeide ein rapport som kan føre til restriksjonar for cruisehamnene.

Cruiseskipet Costa Magica i Flåm

UØNSKT: Blant nokre i Flåm er det ikkje lenger ønskje om å ha så mange cruiseskip i bygda gjennom sommaren.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det er jo klart at det ikkje er den kjekkaste velkomsten for turistane som kjem til Flåm, men samstundes har eg forståing for innbyggjarane i Flåm sin frustrasjon over ein situasjon som har vore i fleire år. Ein må sjå begge sider.

Det seier Wenche Salthella, bransjesjef i NHO Reiseliv, etter protestaksjonane i Flåm denne veka.

Bonde Anders Fretheim er mannen som står bak ytringar som «no cruiseships» og «cruise shit» på rundballar og skilt som møter turistane. Fretheim uttalte til Bergens Tidende at det var for å få i gang ein diskusjon blant lokalpolitikarane, for han meiner at tolegrensa er nådd for cruisetrafikken i Flåm.

– Har ikkje teke diskusjonen på alvor

Salthella fortel at dette er ein diskusjon som har gått over fleire år. Ein diskusjon der mange er usamde om cruiseskipa øydelegg for plassane dei kjem til, både i høve til forureining og opphoping av gjestar.

– Dette har vore ein diskusjon lenge, som kanskje ikkje har vore teken alvorleg nok. Og no begynner folk å bli frustrerte, og spesielt dei som bur i Flåm der det er så mange som kjem inn på ein gong. Og det kan ein godt forstå. Dette er liksom livet deira heile sommaren, seier ho.

Wenche Salthella NHO

HAR FORSTÅING: Bransjesjef Wenche Salthella i NHO Reiseliv, seier det er viktig å sjå begge sider av saka.

Foto: Renold Tennyson Christopher / NRK

Men bransjesjefen forstår også at det er god butikk i cruiseturismen, for nokre.

– Det er jo fordi at mange tener på dette at ein ønskjer cruisetrafikk i så stort omfang velkomen. Men for innbyggjarane som ikkje har økonomisk interesse i dette blir det berre er eit uromoment. Og når ein då ikkje får noko igjen er det klart at synet blir farga deretter.

Lagar rapport om cruisetrafikken

Ho meiner det no er viktig at partane set seg ned og finn ei løysing på problemet. I mellomtida fortel ho at dette er ei utfordring som styresmaktene regionalt er i ferd med å sjå på.

Fylkeskommunane i fjordområda er nemleg i gang med å lage ein cruiserapport der ein ser på alle ulemper og fordelar med cruisetrafikken i Norge.

– Det er nettopp fordi at ein ser at det ikkje berre er fordelar med dette, det er ulemper også, og ein er nøydd til å sjå på om ein skal gjere noko i høve til regulering til dømes. Ein må nok endre litt på ting i framtida, etter mi meining, seier Salthella.

Spente på utfallet

Rapporten er ute til høyring no, og planen er at den skal vere klar til hausten.

– Vi er veldig spente på kva som kjem ut av det arbeidet som blir gjort der.

Sivert Bakk

FLAU: Driftssjef i Flåm utvikling, Sivert Bakk, tykkjer det er flautt at turistane skal bli møtt av ytringar som går på at dei ikkje er ønska i bygda.

Foto: Bård Siem / NRK

I mellomtida tykkjer ho det er vanskeleg å svare på kor øydeleggjande protestaksjonane i Flåm kan vere for cruiseturismen.

– No går ikkje dette her direkte på turistane, men på cruiseskip. Så det er ikkje turistane i seg sjølv som blir møtte med dette. Det er vanskeleg å seie kor øydeleggjande dette her, men som sagt er det ikkje nokon varm velkomst.

– Eit lågmål

Driftssjef i Flåm utvikling, Sivert Bakk, seier at dei allereie har takka nei til 70 cruiseskip i år, og at dei såleis har kontroll på mengda cruiseskip som kjem inn til bygda. Han meiner det er flott med debatt, men reagerer på måten den vert teken opp på.

– Det er jo flautt. Og det er eit lågmål som alle bør halde seg for god til, seier han.

Bakk trur dei fleste i Flåm ser verdien av cruisetrafikken, og korleis den er årsaka til at bygda no er i ei god utvikling.