Hopp til innhold

Skadde sydenturistar flyg åleine heim til Noreg

Krav til grønare luftfart aukar presset på å få ned talet på nordmenn som flyg åleine heim frå utlandet.

ambulanseflyene

EG REISER ALEINE: Fleire forsikringsselskap seier til NRK at dei i lys av berekraftsspørsmålet legg vinn på å få til meir samkøyring av skadde nordmenn.

Foto: AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kvar einaste vinter reiser titusenvis av nordmenn på skiferie til alpane, og like sikkert vil meir enn hundre av dei brekke beinet eller skade seg på andre måtar.

Fordi det ikkje er plass til gipsa bein, krykkjer og bårer i vanlege rutefly blir haltande og liggjande pasientar sendt heim med «knokkelekspressen», som er kallenamnet på ambulanseflya som norske forsikringsselskap går saman om å booke på førehand.

Slik oppnår dei ein kindereggeffekt:

  • Reduserte kostnader
  • Redusert klimaavtrykk
  • Det medisinske personalet kan ta seg av fleire pasientar samtidig

Men på denne tida av året er det ingen «knokkelekspress».

Konsekvensen er det som blir omtalt som eit økonomisk og berekraftig paradoks: Skadde sydenturistar som flyg side om side – åleine i kvar sine kabinar – heim frå dei same feriedestinasjonane i og rundt Middelhavet.

Tal frå Advanced Medical Support viser at det dreier seg om rundt 1000 flygingar i året.

Og tendensen berre aukar.

  • Dels fordi fleire eldre (som er meir sjukdoms- og skadeutsette) er på reise.
  • Dels fordi færre ordinære flyselskap har plass til bårepasientar.
  • Og dels fordi det ganske enkelt er billigare.

Det skal klaffe med tidspunkt og destinasjon for å frakte to–tre samtidig. Då kan det vere meir kostnadseffektivt å frakte éin framfor å betale for ekstra døgn på sjukehus for å samle opp fleire, seier Jo Bjørn Skatval i Norsk Flygerforbund.

Skiløper med brukket fot på fly

Denne skiløparen sit med brekt fot på flyet heim til Noreg. Biletet er teke ved ein tidlegare sjuketransport.

Foto: Tryg

Båretransporten er dyrare og mindre berekraftig enn han kunne vore

Økonomiske omsyn og krav til grønare luftfart aukar no presset på å få ned talet på dei «solo-reisande», og NRK har vore i kontakt med fleire som tek til orde for obligatoriske båreplassar på vanlege rutefly.

Dessverre ser vi at færre flyselskap er førebudde på båretransport, som gjer båretransporten dyrare og mindre berekraftig enn han kunne vore, seier Trond Fladvad, administrerande direktør i Storebrand Forsikring.

Les også Auka press mot bruken av privatfly 

Statsminister Jonas Gahr Støre forlater Praha i privatfly

Ole Irgens, kommunikasjonssjef i Tryg forsikring seier til NRK at dei «applauderer eit forslag om at sitjande pasientar i større grad kan vere passasjerar på ordinære rutefly».

Om til dømes seterader kan fjernast for å gi betre beinplass, vil dette kunne redusere bruken av ambulansefly, seier han.

Ei båre vil som vil som hovudregel ta ni sete i eit rutefly.

Irgens legg til at dei «i lys av berekraftsspørsmålet og kostnader generelt» legg vinn på å få til meir samkøyring, og at dei i rundt halvparten av tilfella fraktar meir enn éin pasient på heile eller deler av strekninga.

Så vil det alltid vere tilfelle der dette ikkje er medisinsk forsvarleg, og det er nødvendig med hurtig heimtransport.

Temperatur i verden siden 1880 sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Behovet for sjuketransportar vil auke

Direktør i Advanced Medical Support, Asgeir Mokastet Kvam har jobba med pasienttransportar sidan 90-talet.

Med ein aldrande reisepopulasjon og den store appetitten på utanlandsreiser vil behovet for sjuketransportar berre auke, seier han.

Som løysing foreslår han at kommersielle flyselskap blir pålagde å leggje til rette for medisinske transportar når dei byggjer opp rutenettet sitt.

Tidlegare var det mogleg å transportere dei «kjekkaste» bårepasientane på rutefly. No er det stadig færre flyselskap som tek på seg å rigge til for bårepasientar, og dette har spissa seg til etter pandemien.

Luftambulanse fra Luftransport

Kvar einaste vinter reiser mange nordmenn på skiferie til alpane, og like sikkert vil meir enn hundre av dei brekke beinet eller skade seg på andre måtar.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Ein ringjerunde røper likevel at forslaget må bu seg på motstand:

  • Jo Bjørn Skatval, Norsk Flygerforbund: Dette er eit lite gjennomtenkt forslag. Skal ein då også påleggje buss og tog å gjere det same? Kommersielle flyselskap har ein vesentleg del medisinsk transport allereie.
  • Eline Hyggen Skari, Norwegian: Det beste tilbodet for menneske som er avhengig av båretransport er med ambulansefly eller fly som er tilpassa for dette. Rutefly i trafikk er nok ikkje det optimale valet.
  • Christian Kamhaug, Flypodden: Pasienttransport med rutefly skjer jo i dag, men det er sjeldan optimalt for verken pasienten eller dei andre passasjerane. Å påleggje flyselskapa noko ansvar her trur eg vil vere lite nyttig.
  • Morten Stordalen, Frp: Så lenge det sikrar tryggleiken og rettane til pasienten er det samfunnsøkonomisk fornuftig å leggje til rette for meir samtransport. Det er likevel svært viktig at eventuelle effektiviserings- eller klimakrav ikkje går ut over rettane til pasienten.
SAS

Fordi det ikkje er plass til gipsa bein, krykkjer og bårer i vanlege rutefly, blir skiskadde nordmenn i alpane sendt heim med «knokkelekspressen» om vinteren.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK