Hopp til innhold

Uro og misnøye i Fjord1

Frustrasjonen boblar i Fjord1-systemet etter at fylkespolitikarane vende tommelen ned for fusjonsplanane med Norled.

Stavangerfjord i Arsvågen

MISNØYE: Det er misnøye i Fjord1 systemet med å ikkje få greie ut fusjon med Norled.

Foto: Jan Kåre Ness

Selskapet har klokkartru på at ein fusjon med ferjeselskapet Norled er den rette vegen å gå, men fylkespolitikarane vil køyre eit anna løp enn styret i selskapet.

Ei sentral kjelde i Fjord1 seier fylkespolitikarane sitt vedtak er «heilt bak mål».

Usemje mellom styre og politikarane

Fredag før palmehelga, dagen etter at Fjord1 og Norled med brask og bram lanserte intensjonsavtalen om å fusjonere selskapa til ein vestlandsk ferjegigant, enda opplegget med eit mageplask.

To prosessar har kollidert som det svir. Fylkeskommunen som hadde hyra inn eksterne konsulentar hadde tenkt å ta stilling til sal av aksjeposten i Fjord1. Ei såkalla indikativ bodrunde, der ein kartlegg interessa for å kjøpe selskapet, har alt blitt gjennomført får NRK stadfesta frå fleire kjelder.

Fleire viste si interesse, mellom anna medeigaren i Fjord1, Havilafjord.

Oppheva intensjonsavtale

Men då styret i Fjord1 uventa la fram sin prosess, ein intensjonsavtale om fusjon med Norled, vart fleire av politikarane i fylkesutvalet totalt tekne på senga, får NRK fortalt frå politisk hald.

Konklusjonen vart, etter å ha rådført seg med konsulentar, eit vedtak der ein oppmoda om at den styregodkjente intensjonsavtalen vart oppheva. Vedtaket vart gjort mot Ap sine to røyster.

Samstundes som ein vil ha avtalen oppheva, ynskjer fylkesutvalet at Norled-fusjon blir med vidare innanfor den breiare prosessen som alt er sett i gong gjennom eksterne konsulentar.

– Fjord1 einaste rette

Det er særleg dette siste punktet som vekkjer hovudrysting i Fjord1, får NRK fortalt frå ei kjelde i selskapet. I Fjord1 meinast det at selskapet sitt eige styre og leiing er dei einaste rette til å gjere det kompliserte arbeidet med å vurdere fusjon med eit anna selskap, og ikkje utanforståande konsulentar.

Korleis ein skal greie ut fusjon utan at styret og leiinga får ha handa på rattet, er ei gåte får NRK fortalt frå ei kjelde som kjenner prosessane.

Ein fusjon med Norled har i Fjord1 blitt sett på som det beste valet, og noko som vil gi eigarane stor verdiauke. Vurderinga i styret og leiinga er at Norled og Fjord1 i dag er konkurrentar på Vestlandet. Ferjene trafikkerer i dei same fjordsystema, mannskap frå begge selskapa blir frakta på kryss og tvers på Vestlandet, stand by-ferjer frå begge selskap ligg langs etter vestlandskysten.

Samanslåingsvinstane blir sett på som langt større enn å fusjonere med dei to andre store transportselskapa, Torghatten og Boreal, som har aktiviteten sin konsentrert i Nord-Norge.

Rådførte seg ikkje med styret

Då fylkesutvalet behandla intensjonsavtalen om fusjon, sat dei i ei lang møteøkt torsdag kveld før palmehelga, og hadde ytterlegare diskusjonar føremiddagen etter. Ikkje éin gong skal dei ha konferert med sitt eige styre i Fjord1. Dette har falle fleire tungt for brystet, noko som også styreleiar Reidar Sandal kritiserte kraftig før påske.

Eit underliggande problem med prosessane som no går føre seg er at dialogen med majoritetseigaren fylkeskommunen blir sett på som tungvint. Eit døme skal vere at då noverande konsernsjef Dagfinn Neteland tok over roret i Fjord1 var det eit sterkt ynskje om å få snakke med eigarane om framtida. Minoritetseigar Per Sævik i Havilafjord trengde tre dagar på å få i stand eit møte, fylkeskommunen brukte tre månader.

Styret i Fjord1 skal ein av dei komande dagane handsame utspelet frå fylkespolitikarane om å seie nei til fusjonsplanane.