Hopp til innhold

Positiv til planane om stort ferjeselskap

– Det er positivt at Fjord1 og Norled vil utvikle seg, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) om at dei to reiarlaga ynskjer å slå seg saman.

Fjord1 og Åshild Kjelsnes

POSITIVT: Åshild Kjelsnes er nøgd med at Fjord1 og Norled syner handlingskraft og ser etter moglegheiter for å utvikle selskapa.

Foto: /Guro Kvalnes / montasje

– Eg synest det er spennande med aktive selskap som vil vidareutvikle seg og viser handlingsvilje, seier Kjelsnes.

Torsdag blei det kjent Norled AS og Fjord1 AS har inngått ein intensjonsavtale om å greie ut grunnlaget for å etablere eit nytt sjøselskap med base på Vestlandet. Bakgrunnen er eit ynskje om større musklar til å møte krava i framtidige anbod.

Reidar Sandal

STYRELEIAR: Reidar Sandal.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

– Får vi til ei samanslåing skaper vi eit grunnlag for å kutte kostnadar og gjere oss meir konkurransedyktige i framtida. Sjøtransporten er ein knallhard marknad, seier styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal.

Vil selje aksjane i Fjord1

– Dette er ei kjempestor nyheit. Vi vart like overraska som alle andre, seier Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Framstegspartiet på Fylkestinget.

Sjølv om partiet hans har programfesta at fylkeskommunen skal selje aksjane sine i Fjord1, vil han ikkje meine noko om det er no dei bør gjere det.

Frank Willy Djuvik

FRP: Frank Willy Djuvik.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi meiner eit sal vil vere det beste for selskapet, dei tilsette og verdiane. Det er for tidleg å seie om denne situasjonen får noko å seie. Det må vi sjå nærmare på, seier Djuvik.

Ingen konkrete diskusjonar om fordeling

Fjord1 AS har 1300 tilsette. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig med 59 %, Havilafjord 41 %. Selskapet omsette for 2,3 milliardar kroner i 2014.

Norled AS har meir enn 1200 tilsette, og omsette for 1,6 milliardar i 2013. Selskapet er eit heileigd dotterselskap av Det Stavangerske Dampskibsselskap AS, som er eigd av familien Hermansen.

Fjord1 har hovudkontor i Florø, Norled i Stavanger. Verken fylkesordføraren eller styreleiaren i Fjord1 vil førebels meine noko om kvar hovudkontoret til det samanslegne selskapet bør ligge.

– Det vil eg ikkje spekulere i no. Vi har akkurat fått vite om intensjonsavtalen, og oppfattar at dette er på heilt overordna nivå, seier Kjelsnes.

– Vi har ein overordna avtale om å sjå på moglegheitene for å gå i lag. Konkrete spørsmål om hovudkontor og fordeling på oppdrag og oppgåver har vi ikkje diskutert i det heile tatt. Det tek vi når tida er moden, seier Sandal.