Hopp til innhold

Har gjort det godt på Fjord1-oppkjøp

Sunnmørsmilliardæren Per Sævik vedgår at han gjorde ein god handel då han kjøpte Fjord1.

Per Sævik

GOD HANDEL: Havila-eigar Per Sævik kan smile breitt etter at verdien på Fjord1 har stige med over ein milliard kroner.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– I eit kort perspektiv er det nok eit brukbart kjøp. Men det er klart at vi såg at Fjord1 ville vere eit godt kjøp, seier Sævik.

I fjor kjøpte Sævik Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i ferjeselskapet for ein milliard kroner i fjor. Sidan den gong har verdien på ferjeselskapet stige med over ein milliard kroner.

No tar Sævik Fjord1 på børs.

– Grunnen til at vi gjer det no er at kapitalmarknaden no er bra for å gjere ein slik transaksjon, seier Sævik.

Såg moglegheiter i ferjemarknaden

No kan det sjå ut til at Sævik skaut gullfuglen då han for eit halvt år sidan kjøpte 59 prosent av aksjane som Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde i Fjord1.

– I fylkestinget så sa eg at vi vurderer børs, men at vi ikkje kom til å selje oss ned under 51 prosent for vi vil ha kontroll i selskapet, seier Sævik.

Det er ei avgjerd han står fast på.

– Vi har forplikta oss på å ha hovudkontor i Florø. Det vi lovar det skal folk kunne stole på seier Sævik.

Samstundes som 76-åringen jobbar med å få Fjord1 på børs, takkar han for seg som styreleiar i Havila, skriv nettavisa Sysla.no.

Ikkje aktuelt å selje seg ut

Etter at det vart kjent at verdien på Fjord1 nær var dobla på eitt halvt år, var det fleire som meinte at Sævik hadde fått selskapet på billegsal. Det var også dei som no frykta at Sævik ville selje seg heilt ut. Det avviser Sævik.

– Offshorereiarlaga som trong pengar har vi fått refinansiert, og det er ikkje slike vurderingar som ligg bak at vi no vil ta Fjord1 på børs, seier Sævik.

Rask utvikling

Selskapet har hatt ei rivande utvikling etter at Sævik kom inn på eigarsida, og målet er vidare vekst seier Sævik.

– No har vi vunne 11 samband og 14 ferjer i Hordaland og Sulapakken i Møre og Romsdal. Så ingen skal skulde oss for å ikkje prøve å vinne kontraktar, og slik sett styrke selskapet og arbeidsplassane, seier Sævik.

Fredag er fylkesutvalet kalla inn til ekstraordinært møte om Fjord1-salet og avtalen med Sævik.