Hopp til innhold

Transportforskar skeptisk til fusjonsplanar

Transportforskar Gisle Solvoll er skeptisk planane om å slå saman Fjord1 og Norled til eitt selskap.

Gisle Solvoll

MINDRE KONKURRANSE: Transportforskar Gisle Solvoll.

Foto: Barbro Andersen / NRK

– Det er få ferjereiarlag i Norge frå før, og slik sett vil ei samanslåing av Fjord1 og Norled ikkje vere bra for dei som skal kjøpe tenester frå reiarlaga om de skulle verte endå færre enn det er i dag, seier Solvoll.

Onsdag vart det kjent at dei to ferjeselskapa hadde inngått ein intensjonsavtale om å greie ut grunnlaget for å etablere eit offensivt nytt sjøselskap med base på Vestlandet.

– Eg er vel ikkje akkurat overraska, det har vore kjent at Fjord1 har slite økonomisk og då er det kanskje naturleg å sjå seg om etter nokon å samarbeide med.

Kritiske røyster

Men ikkje før var planane kjende før dei første kritiske røystene kom på bana. Ein av dei som var betenkt var fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap). Også han peika på at ein allereie svak konkurranse no kunne verte endå svakare.

– Vi fryktar jo da at tenestene blir for dyre. Anbodskonkurransen har for at ein skal få best moglegpris. Når konkurransen forsvinn så er jo spørsmålet: får vi best mogleg pris eller får vi det ikkje, sa Jon Aasen då.

Møter seg sjølve i døra

Transportforskaren meiner det er eit dilemma for fylkeskommunen å sitte med stor aksjepost i eit transportselskap.

– Som eigar så ynskjer ein kanskje fusjon ut frå at det kan gi eit meir robust selskap. Som kjøpar av tenester så ynskjer ein konkurranse. Det syner dilemmaet, når fylkeskommunen er ein stor eigar i transportselskap så møter dei seg sjølve i døra.

Vil satse internasjonalt

Dei to selskap ynskjer å slå seg saman for å få musklar til å møte internasjonale aktørar når nye anbod bli lyste ut her i landet, men og for at dei sjølve skal kunne satse i utlandet.

– Det kan dei gjere også med den storleiken den har i dag. Det er klart at skal du bli ein større aktør som stasar i utlandet så er det fordel med større økonomiske musklar. Men eg trur ikkje dei som skal kjøpe tenester, Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune er like begeistra.