Hopp til innhold

Han er skuffa over fusjons-nei, men framleis optimist

Sjølv om fylkeskommunen i dag sette ein førebels stoppar for fusjonsplanane mellom Norled og Fjord1, har ikkje styreleiaren i Norled gitt opp håpet.

Ingvald Løyning

OPTIMIST: Fusjonsplanane fekk seg ein knekk i dag, men styreleiar i Norled Ingvald Løyning vel å håpe i det lengste.

Foto: Tommy Ellingsen

Styreleiaren i Norled tykkjer det er trist at politikarane ønskjer å stoppe avtalen.

– Men inntil det blir noko endeleg frå Fjord1-sida på det, så vil vi forhalde oss lojale til den intensjonsavtalen som vi har inngått. Vi vil starte opp prosessen som planlagt, viss det ikkje blir stopp frå den andre sida, seier Ingvald Løyning som er styreleiar i Norled.

Etter møtet i dag vart det klart at fylkespolitikarane ønskjer å stoppe ein mogleg fusjon mellom dei to ferjeselskapa.

Fylkeskommunen er majoritetseigar i Fjord1 og i ferd med å avgjere kva dei vil gjere med eigarposten i selskapet. Difor ønskjer dei ikkje å låse seg til eitt alternativ, før dei er ferdige med sitt eige utgreiingsarbeid.

– Ikkje overraska

Tidlegare i dag sa styreleiaren i Fjord1, Reidar Sandal, at han er overraska over fylkeskommunen si avgjerd. Like overraska er ikkje kollegaen i Norled.

Reidar Sandal

OVERRASKA: Styreleiar i Fjord1 hadde ikkje venta at fylkespolitikarane skulle sette foten ned for fusjonsplanane. – Eg er svært overraska over vedtaket som fylkesutvalet har gjort, seier Sandal.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

– Eg kan ikkje la meg overraska over slikt. I forretningsverda er det slik at det kan oppstå forskjellige interesser undervegs og det vil alltid vere mogleg at slike prosessar stoppar opp, både no og potensielt seinare, seier Løyning – før han raskt legg til.

– Men viss det blir stoppa, så tykkjer eg det er dumt. For eg trur dette er ei veldig god løysing for eit framtidig sunt selskap, seier han.

Håpar i det lengste

Leiaren i fylkesutvalet, Åshild Kjelsnes, sa etter møtet i dag at ein fusjon mellom Fjord1 og Norled er eitt av alternativa i prosessen fylkeskommunen har sett i gong.

I den prosessen kan det òg verte aktuelt å halde fram som før, eller å selje seg heilt eller delvis ut av selskapet.

Løyning vel i det lengste å tru at det er deira løysing, nemleg samanslåing med Fjord1, som vil vinne fram til slutt.

– Då betyr det ikkje kor mykje ein kjem fram til målet, seier han.