Hopp til innhold

Løysingane for Sognefjord-bru kan vere klart om tre år

Dei teknisk svært kompliserte løysingane for ei hengebru over den 3,7 kilometer breie Sognefjorden ved Lavik kan vere klar alt om tre år.

ANIMASJON: Sjå filmen som syner korleis E39 og ferjefri fjordkryssing kan bli.

Dette går fram i Statens vegvesen sin hovudrapport om ferjefri E 39. Hengebrua vil i så fall bli dobbelt så lang som verdas nest lengste.

Det er ikkje avgjort kva type bru som blir valt, men det kan bli hengebru, seier Olav Ellevset, prosjektleiar for ferjefri E39.

– Den enkleste brua er jo hengebru og den har jo på lang sikt også mindre drift- og vedlikehaldskostnadar, seier Ellevset til NRK.

Blir verdas lengste

Politikarane si klare målsetting er ferjefri stamveg frå Kristiansand til Trondheim. Den samla prislappen kan kome på nærare 130 milliardar kroner og reisetida vil bli redusert frå 20 til 11 timar.

Men for å få dette til må ein krysse den breie og svært djupe Sognefjorden. Utfordringane er store, men Statens vegvesen har kome så langt at ei hengebruløysing med eit spenn på 3,7 kilometer, dobbelt så langt som det nest lengste i verda, kan leggast ut for prosjektering allereie i 2016.

– Det tekniske er vi kome ganske langt med og vi meiner vi har klart å verifisere at det er byggbart, sjølv med ei bru i eitt spenn, seier prosjektleiaren.

– Uvurderleg viktig

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er glad for signala frå Ellevset.

– Ferjefri E39 er uvurderleg viktig også for Sogn og Fjordane. Opprusting, gul midtstripe, det må kome kjapt. Deretter må bruene kome ei for ei, sler fylkesordføraren fast.

På same tid som Kjelsnes ønskjer fjordkryssingane på plass så snart som råd, må det eksisterande vegnetter prioriterast først, seier ho.

– Kan gå ganske fort

Avhengig av kva løysing som blir valt, vil prislappen for å krysse Sognefjorden kome på mellom fem og sju milliardar kroner.

Dei tekniske løysingane for ei 4 kilometer lang flytebru vil vere klar i 2017 og røyrbru i 2018. Dersom det er politisk vilje til å løyve dei midlar som skal til, kan brua over Sognefjorden stå ferdig før mange har trudd, seier Ellevset.

– Det vil kunne gå ganske fort dersom ein satsar på det, meiner han.