Hopp til innhold

Tilrår ferjefri E39 om Stryn

Eit gruppe leia av tidlegare regionvegsjef Olav Ellevset tilrår framtidig E39 og brukryssing i Stryn.

Olav Ellevset

INDRE: Olav Ellevset er tidlegare vegsjef i Statens egvesen Region Vest.

Foto: Arild Nybø, mediebruket.no

Bruprosjektet er del av ein langsiktig strategi med flytting av E39 austover, bru over Nordfjord ved Svarstad og vidare bru over Storfjorden eller Sulafjorden, skriv Fjordingen.

Ferjesambandet Anda-Lote og Festøy-Solevåg vil då bli avløyste som delar av E39.

Usemje om line

Frå før har Statens vegvesen sagt at dei ynskjer ein indre trasé, medan fylkespolitikarane har tilrådd at E39 kryssar fjorden mellom Gloppen og Eid. I Møre og Romsdal ynskjer fylkespolitikarane ein indre trasé.

I fjor haust kom kvalitetssikringa som Finansdepartementet og Samferdsledepartementet hadde bede om. Den konkluderte også med ein midtre trasé.

(Artikkelen held fram under kartet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

ALTERNATIV: Statens vegvesen hadde åtte alternativ for korleis E39 skulle gå igjennom Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

Heller ikkje kommunane i fylket har klart å samle seg om ein trasé.

Sparer 106 minutt

Utvalet til Ellevset meiner køyretida mellom Skei og Ålesund blir redusert frå 202 minutt til 97 minutt med prosjektet fullt utbygd. Medan bruprosjekta ligg noko fram i tid, tenkjer utgreiingsprosjektet tunnel under Utvikfjellet og ny tunnel/bru i ytre Ørstafjord på kort sikt.

Ifølgje fjordingen gjer rapporten greie for usemja som har vore kring E39 frå Skei til Volda. Det er poengtert at KS1-rapporten er klar, men at regjeringa ikkje har fatta vedtak.