Hopp til innhold

Vil kutte reisetida med sju timar frå Trondheim til Kristiansand

Ei investering på kring 100 milliardar i eit ferjefritt E39 kan korte ned køyretida mellom Kristiansand og Trondheim med sju timar. Det kan spare trafikantane for tids- og køyrekostnader på fire til seks millardar kroner årleg.

Fjordkryssing Boknafjorden

FLEIRE KRYSSINGAR: Ei lang rekkje fjordar må kryssast. Ein av dei mest utfordrande vil bli Boknafjorden.

Foto: Statens vegvesen

Dette går fram av statusrapporten frå utgreiingsprosjektet for ferjefri E39 som no er sendt til Samferdsledepartementet, og ein endeleg rapport er venta i løpet av året.

Denne vil danne grunnlag for kva omtale dette enorme prosjekt skal få i Nasjonal transportplan når den kjem til Stortinget.

Mange stader er tankane og ideane kring eit heilt ferjefritt E39 omstridd, til dømes over Bjørnafjorden i Hordaland.

Prosjektet Ferjefritt E39

Slik ser ein for seg eit av landets mest omfattande vegprosjekt nokon gong.

Foto: Statens Vegvesen

– 100 milliardar

Men prosjektleiar Olav Ellevset er overtydd om at prosjektet kan late seg gjennomføre, med ein byggjestart innan fire til fem år.

– Dei sju timane som kan sparast inn på reisetida dreier seg om ei investering på om lag 100 milliardar. Fjordkryssingane aleine vil redusere reisetida med om lag fem timar.

– Kor realistisk er det å få dette prosjektet på plass?

– Teknisk så er dette fullt mogleg. Det krev ein del vidareføring på teknologi, forsking og kva krav ein skal stille til konstruksjonane for fjordkryssingane, men elles så skulle det meste vere klart.

– Flate samband

– Men kva blir følgjene for trafikantane på denne strekninga dersom prosjektet vert gjennomført?

– Om ein då tenkjer på bompengar, så kjem det heilt an på korleis det blir finansiert. Men reint teknisk vil det bli temmeleg flate samband, der bruene vil dominere i staden for undersjøiske tunnelar, sler Ellevset fast.

Han peikar på at det naturleg nok er store tekniske utfordringar knytta til dette gigantprosjektet, ikkje minst verdas lengste fjord, som kløyver E39 i to mellom Lavik og Oppedal i Sogn.

– Sognefjorden vil vere hakket verre enn dei andre, fordi det er så djupt som 1300 meter. Slik at der vil eventuell forankring på botnen vere veldig krevjande.

– Stor samfunnsverdi

I rapporten som no er lagt fram vert det understreka at dei samfunnsmessige effektane er vanskelege å talfeste.

– Det er difor noko prosjektet vil jobbe vidare med i år. Utrekningar syner likevel så langt at dei regionale verknadane av å byggje ut og gjere E39 ferjefri kan bli enda større enn verknaden som er rekna for bilistane, skriv Vegdirektoratet i ei pressemelding.

Dei seier at dette skuldast mellom anna at nrå ferjene blir avløyst av faste vegsamband, vil fleire felles bu- og arbeidsområde bli større.

Ein reknar at det vil ta 20 år å gjennomføre ein ferjefri E39, men då det gjennomførast som eit samla prosjekt.