Hopp til innhold

SV seier nei til ferjefri E39

SV i Sogn og Fjordane meiner at utbygging av eksisterande vegnett, hyppige avgangar og gul midtstripe er langt viktigare enn ein framtidig ferjefri E39.

Gigantbruer på E39

GIGANTBRUER: Vegdirektoratet meiner at det er fullt mogleg med ein ferjefri E39. SV seier nei.

Fylkesleiar Hege Lothe og 1. kandidat til SV si stortingsliste, Vibeke Johnsen, flaggar no eit klart syn i E39-striden. Dei meiner at ferjefri stamveg er feil fokus i debatten.

– Vi brukar mest tid på vegen fram til ferja eller brua, difor må den vegen vere trygg. SV har tidvis fått kritikk for å vere partiet som har «råd til alt». Vi ser at med store oppgåver i samferdslesektoren landet rundt må vi prioritere, seier Johnsen og Lothe.

Hevdar Følling tek feil

– Vi må velje, og valet vårt er fokus på vegen fram til ferjeleiet, der ferjane skal gå oftare, vere mest mogleg miljøvenlege og vere billegare enn i dag, seier SV-toppane.

Dei peikar på at også dei meiner at trygge og effektive vegar er viktige for busetnad og utvikling i fylket.

– Jenny Følling tek feil når ho seier at SV berre vil bruke samferdslemidlane i bystrøk. Fjordkryssingsprosjekta, anten det er bru eller tunnel, er store, kostnadskrevjande og teknologitunge prosjekt, med mange engasjerte forkjemparar, seier dei.

Vibeke Johnsen

NEI TIL FERJEFRITT: 1. kandidat for Sogn og Fjordane SV til Stortinget, Vibeke Johnsen, meiner at mykje anna er viktigare enn ferjefri E39.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Satsing på trygge vegar

SV i Sogn og Fjordane ser dette og i samanheng med å løyse miljøutfordringane i samfunnet.

– Vi vil differensiere og prioritere, tog og bane i tettbygde område og trygge vegar med raske, miljøvenlege ferjer i distrikta. Vi lever i ei tid med store klimautfordringar. Våtare og villare vær krev ei kraftig satsing på trygge vegar, sler Johnsen og Lothe fast.

Vil korte ned køyretida

Denne veka la Vegdirektoratet fram ein samla statusrapport, der dei mellom anna sler fast at ferjefri E39 kan korte ned køyretida mellom Kristiansand og Trondheim med sju timar. Det kan spare trafikantane for tids- og køyrekostnader på fire til seks millardar kroner årleg.

I rapporten vert det understreka at dei samfunnsmessige effektane er vanskelege å talfeste.

– Det er difor noko prosjektet vil jobbe vidare med i år. Utrekningar syner likevel så langt at dei regionale verknadane av å byggje ut og gjere E39 ferjefri kan bli enda større enn verknaden som er rekna for bilistane, skriv Vegdirektoratet.