Hopp til innhold

Tømte pulverapparat i kyrkje – kan måtte betale millionerstatning

Ein mann risikerer å måtte betale nesten 1,2 millionar kroner etter at han gjorde omfattande skadeverk på Eid kyrkje.

skadeverk i Eid kyrkje

KVITT PULVER: Heile Eid kyrkje var dekt av eit kvitt pulver, etter at mannen i tjueåra utløyste pulverapparat inne i kyrkja.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Mannen i 20-åra knuste ei rute for å komme seg inn i kyrkja, der han tømte eit brannsløkkingsapparat så store delar av kyrkjerommet og altartavla vart dekt av kvitt pulver. Eit nyrestaurert orgel fekk også gjennomgå. Mannen bøygde og knekte fleire av pipene på orgelet, og han sølte ei oljeliknande væske både i orgelrommet og på sjølve orgelet.

Ramponerte for over éin million kroner

– Det er veldig omfattande skadar på orgelet. Eg trur skadane er over ein million berre der, sa kyrkjeverje Kristen Hundeide til NRK.no då han hadde sett på hærverket.

– I tillegg til orgelet må vi totalreinse kyrkja, sa han.

No har politiadvokaten teke ut tiltale mot mannen frå Sunnmøre. Her blir dei totale kostnadane stipulerte til i overkant av éin million kroner. Politiadvokaten legg ned ein påstand om erstatning til Eid kyrkjelege fellesråd på 100.000 kroner, i tillegg til ei erstatning på 1.052.000 kroner til forsikringsselskapet.

Kristen Hundeide

ØYDELAGDE: Kyrkjeverje Kristen Hundeide viser fram dei bøygde pipene på det nyrestaurerte orgelet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tiltalt for fleire andre forhold

Kyrkjeorgelet var restaurert for 2,5 millionar kroner då hærverket fann stad. Eid kyrkje er dessutan pryda med om lag 100 år gamle måleri av Lars Kinsarvik. Kyrkjelyden har lagt ned eit stort arbeid for å berge den unike kyrkjekunsten. For folk i lokalsamfunnet kom nyhenda om skadeverket som eit sjokk.

– At nokon bryt seg inn i eit hus for å sjå etter verdisaker kan eg til ein viss grad skjønne, men at det skal vere naudsynt å utføre slike skadeverk som dette er heilt uforståeleg, sa Hundeide.

Sunnmøringen som har vedgått hærverket er i tillegg tiltalt for ei rekkje andre forhold. Mannen skal mellom anna ha gjort fleire innbrot, stole frå ulike butikkar, truga og sparka politi i teneste og oppbevart narkotika.