Mannen som tidlegare i dag vart arrestert og sikta for hærverk, har no tilstått ugjerningane. Sunnmørsposten skriv at mannen i 20-åra er busett på Søre Sunnmøre.
Kyrkjeverje Kristen Hundeide vart møtt av store mengder glasbrot, eit tømt brannsløkkingsapparat og eit øydelagt orgel då han kom for å inspisere skadeverket i Eid kyrkje i natt.
USIKKER: Kristen Hundeide seier dei framleis er usikre på om skadeverket vil ha innverknad på kunsten i kyrkja.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK– Det er vanskeleg for meg å vere sikker. Men samla sett trur eg vi snakkar om skadeverk til ein verdi mellom ein og to millionar, seier Hundeide.
- Les også:
Får store følgjer
Det var i 06:30 tida torsdag morgon at politiet melde at dei hadde arrestert ein rusa 20-åring på Nordfjordeid. Mannen er sikta for å ha utført skadeverk inne i Eid kyrkje natt til torsdag.
Hundeide seier at skadeverket får store følgjer.
– Eg har no stengt kyrkja fram til forsikringsselskapet kjem for å taksere skadane. Vi må og ha spesialistar for å reinske kyrkja for pulver. Akkurat no veit eg ikkje når kyrkja kan opne att, men det blir ikkje til første søndag i advent på søndag. Fredag skal det vere ei gravferd her, den blir flytta til Stårheim kyrkje.
KNUST: 20-åringen skal ha knust dette vindauget for å kome seg inn i kyrkja.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK– Tragisk
I tillegg til skadane, er kyrkjerommet dekt med kvitt støv frå to brannsløkkingsapparat. Hundeide tykkjer nattas hendingar er tragiske.
– At nokon bryt seg inn i eit hus for å sjå etter verdisaker kan eg til ein viss grad skjønne, men at det skal vere naudsynt å utføre slike skadeverk som dette er heilt uforståeleg. Eg synest det er tragisk og foreløpig veit vi heller ikkje om dette har innverknad på kunsten og måleria i kyrkja.