Hopp til innhold

I dag opnar kyrkja etter omfattande hærverk

NORDFJORDEID (NRK): Eidarane frykta for julestemninga i kyrkja då den for to veker vart dekt av eit lag med kvitt brannsløkkingspulver. Men etter iherdig innsats opnar kyrkja i kveld.

Eid kyrkje to veker etter hærverket

KLART: Torsdag kveld opnar dørene i Eid kyrkje for publikum, og folk er inviterte på konsert. Dei omfattande skadane på orgelet og kunstverk i bygget er framleis ikkje gjort noko med.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Vi har støvsoge heile kyrkja så godt vi kan, og vaska og reinsa alt vi har lov til å vere bort i. No held vi på bakarst i kyrkja, og alt skal vere klart til konserten i kveld, seier Terese Leira.

Marta Elvebakke er sekretær i Eid kyrkje.

OMFATTANDE ARBEID: Marta Elvebakke i Eid kyrkje er glad for at publikum kan få kome inn i kyrkja snarare enn det mange frykta.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Ho arbeider i firmaet som har fått ansvar for å rydde opp etter hærverket for to veker sidan. Heile innsida av kyrkja var dekt av eit kvitt lag med brannsløkkingspulver, mengder glasbrot låg rundt i kring og det nyrestaurerte orgelet var øydelagt. Når NRK er på besøk i kyrkja står luftavfuktaren og durar jamt og trutt.

– No ser det ut til at alt blir klart, seier Marta Elvebakke, sekretær for kyrkja i Eid.

Må ha hjelp av spesialistar

For mange i bygda var uroa ikkje berre over hærverket som ein Sunnmøring i 20-åra har vedgått å stå bak, men også for om kyrkja kunne takast i bruk i tide til alle julearrangementa. Skadeverket er kostnadsrekna til kring opp mot to millionar kroner.

Skader på Eid kyrkje

HÆRVERK: Slik såg det ut i orgelet etter det omfattande skadeverket. Ein orgelbyggar frå England kjem for å undersøkje skadane i løpet av dei næraste vekene.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– I kveld er det konsert og søndag skal den tradisjonsrike julekonserten med kor, korps og spelemannslag vere.

Julegudstenestene og andre arrangement før og i jula går som planlagt, men det står likevel att arbeid før alt er tilbake til normalen i kyrkja. Kunsten som dekorerer veggane og orgelet treng pleie og reparasjon.

– Det som må gjerast med rosemåleria og kunsten må godkjennast før ein kan reingjere det. Orgelet står att også, men det kjem ein orgelbyggar frå England før jul, seier Elvebakke.