Hopp til innhold

El-cruisebåt gjekk rett i kaia

Den hypermoderne el-cruisebåten "Future of the Fjords" gjekk i ettermiddag rett i kaia i Undredal i Sogn. Ingen av dei 95 passasjerane blei skadde.

Future of the fjords gjekk i kaia i Undredal

GRØNT CRUISE: "Future of the fjords" er eit av to el-cruiseskip som går i fast ruten på Nærøyfjorden i Sogn.

Foto: Arne Veum

– Skipet skulle legge frå kai, men blei tatt av kraftig vind og akterenden traff ein stolpe på kaia, opplyser Vest politidistrikt.

Dei 95 passasjerane blei køyrde tilbake til Flåm. Ingen skal vere fysisk skadde. Mannskapet på fem blei igjen om bord og har no fått båten tilbake til hamna i Flåm.

– Vi rykte ut og har avhøyrd mannskapet som var om bord. Vi har også tatt blåseprøve på kaptein og styrmann. Det er ingen mistanke om promille, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Skilt på kaia i Flåm
Foto: Arne Veum

Politiet har varsla Havarikommisjonen for sjø og Sjøfartsdirektoratet etter hendinga.

Dagleg leiar John Vonli i The Fjords, som eig cruisebåten, meiner det heile er udramatisk.

– Båten traff i kaia i Undredal i samband med at han skulle gå derfrå. Det seier kapteinen var fordi at det var ein overraskande kraftig vind, så båten vrei seg litt og traff i kaien når den skulle gå, seier dagleg leiar John Vonli i The Fjords til NRK.

Han seier båten har fått ein materiell skade, men at det aldri var fare for at personar ombord skulle bli skadde av trefningen.

Dei 95 passasjerane vart køyrde tilbake til første stopp, som var Flåm, og sett av der.

Future of the Fjords
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rederi: Båtane er trygge

– Reglane våre er sånn at når du har ein skade på båten så avsluttar vi seglasen. Då valde kapteinen å behalde passasjerane ombord, køyre dei til Flåm, og setje dei av, seier Vonli.

Han seier det er for tidleg å seie kor stor skaden på båten er, og når den er reiseklar igjen.

Han meiner òg det er for tidleg å seie noko om årsaka til skaden, men seier det vart observert eit sterkt vindkast i det båten skulle gå.

– Båten køyrde jo tilbake med alle passasjerane til Flåm så det er ikkje verre enn det. Det er som når du får ein bulk i ein bil. Du kan køyre han for det, men du veit jo ikkje om det er gjort strukturelle skadar, seier Vonli.

– Er disse båtane trygge?

– Alltid, seier Vonli.

Future of the fjords fekk hol i skroget i kollisjon med ein stolpe på kaia i Undredal
Foto: Arne Veum

Han understrekar at The Fjords tek omsyn til vêr og vind, og ikkje køyrer dersom det ikkje er trygt. I dette tilfellet var det ei plutseleg endring, understrekar Vonli.

– Toler båtane vêr og vind?

– Ja, sjølvsagt. Dette er jo ei større sak, det med godkjenning av fartøy, sertifisering og inspeksjonar er stort og pågåande heile tida for alle som driv med persontrafikk. Alle sertifikat og alle krav er fylt og godkjent og inspisert opptil fleire gonger, så det er på plass, seier Vonli.