Hopp til innhold

Tok bilete i stormen: – Dette er livsfarleg

Medan myndigheitene åtvarar om at det er livsfarleg, tok ein fotograf sjansen på å gå ut på eit skjær i stormen og uvêret som no er på veg inn over Vestlandet.

Fotograf i stormen på Kråkenes

FARLEGE FOTO: Ein person gjekk i dag på eit skjær ved Kråkenes fyr for å sikre seg stormbilete.

Foto: DNT Ytre Nordfjord

Kråkenes fyr i Vågsøy ligg heilt ute med storhavet og er ein av dei mest vêrutsette stadane langs norskekysten. Når meteorologane melder om vind frå sørvest og store nedbørsmengder, så treff det Kråkenes kvar gong.

Den Norske Turistforening, som driftar fyret, er rysta over at ein person i dag valde å gå heilt ut i havgapet for å fotografere uvêret.

– Ein av våre representantar var ute på fyret og då blei det observert ein fotograf som stod på eit skjær som ofte er eksponert for vêr og vind når det er storm slik som i dag. Det utgjer definitivt ein fare for personar som oppheld seg for nært sjøen, seier Tor Magne Gangsøy i Ytre Nordfjord DNT til NRK.

Det er venta opp mot 150 millimeter nedbør og kraftig pålandsvind på heile Vestlandet utover laurdagen og søndagen. Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) gjekk ut nettopp mot denne formen for risikabel fotografering tidlegare i dag.

– Du må ha respekt

– Når det slår inn så er det ikkje så mykje ein kan gjere med det. Du må følgje med og trekke deg unna dersom det oppstår ein situasjon. Unngå å nærme deg for å ta spektakulære bilete og selfiar. Du må ha respekt for dei naturkreftene som kjem, sa Brigt Samdal i NVE til NRK.

– Det er fare for liv og helse om ein går for nær, seier Samdal.

For turistvertane på Kråkenes fyr kan gjere lite anna enn å åtvare dei som kjem ut til området for å fange dårleg vêr på bilete.

– Vi har oppslag om at folk må vise varsemd når det kjem til storm. Det er ingen bølger som er like og når vêret står på så er det veldig vanskeleg å bevege seg i fjæra. Det er vanskeleg å vite når neste bølge kjem og slår over ein plass der du for eit minutt sidan var trygg, seier Gangsøy i DNT.

Værsituasjonen på Vestlandet 14. september

HEFTIG VÊR: Eit solid uvêr er på veg inn over Vestlandet laurdag. Utover søndagen vil det også føre til sterke vindar i Agder og Telemark.

Foto: met.no / @meteorologene

Stenger vegar på Vestlandet

Kven fotografen er vitast ikkje. Representantane frå DNT som var på Kråkenes i dag tok ikkje sjansen på å gå ut på skjæret og hente personen inn igjen.

– Dette er livsfarleg. Du kan vere heilt sikker på at folk også går ned der når bølgene er verre enn i dag, meiner Gangsøy.

Fleire vegar er stengde på Vestkabdet og det blir meldt om mykje vatn i vegbana mange stadar. Blant anna er E16 mellom Voss og Bergen stengd.

– Ein kan jo vurdera om ein verkeleg treng å legga ut på vegen i kveld, seier han mellom anna og oppfordrar til å køyra etter forholda sidan det er mykje vatn i vegbana, seier Kristian Fauskan, trafikkoperatør i Statens vegvesen.