Hopp til innhold

Politiet: – Vurder om du verkeleg må ut og køyre i kveld

Myndigheitene ber folk på Vestlandet om å vurdere om dei treng å bevege seg utandørs i kveld og i natt.

Værsituasjonen på Vestlandet 14. september

VÅTT: Mykje vind og vêr i Sør-Noreg i helga, og særleg Vestlandet vil merke nedbøren som no kjem.

Foto: met.no / @meteorologene

I helga kan det kome opp mot 150 millimeter med regn i løpet av 24 timar, og Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for Vestlandet. Myndigheitene fryktar farlege situasjonar og fare for liv og helse.

Fleire vegar er stengde og det blir meldt om mykje vatn i vegbana mange stadar. Blant anna er E16 mellom Voss og Bergen stengd. Frå klokka 07 søndag morgon blir det også stengd på fylkesveg 63, Trollstigen. Fleire andre fylkesvegar er også stengde.

– Ein kan jo vurdera om ein verkeleg treng å legga ut på vegen i kveld, seier han mellom anna og oppfordrar til å køyra etter forholda sidan det er mykje vatn i vegbana, seier Kristian Fauskan, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Dei store nedbørsmengdene som er i vente gjorde at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) fredag oppjusterte farevarselet for jord- og flaumskred til oransje nivå på store deler av Vestlandet. Nedbøren byrjar laurdag ettermiddag og vil styrke seg utover kvelden og natt til søndag.

– Når det slår inn så er det ikkje så mykje ein kan gjere med det. Du må følgje med og trekke deg unna dersom det oppstår ein situasjon. Unngå å nærme deg for å ta spektakulære bilete og selfiar. Du må ha respekt for dei naturkreftene som kjem, seier Brigt Samdal i NVE til NRK.

Fryktar jordskred

– Er det fare for liv og helse?

– Det er alltid slik at med så mykje nedbør og krefter som blir satt i sving, så kan det vere fare for liv og helse. Difor er vi også ute og gir melding om dette, at ein skal ha respekt for det. Det er bratte fjellsider der vatnet kjem ned. Då veit vi at den krafta vatnet har kan ha ein dødeleg karakter ved at det tek med seg så mykje lausmassar ned i vassdraga.

Myndigheitene fryktar at nedbør og pålandsvind skal føre til jordskred som igjen tettar bekkar og vassdrag. Det vil kunne skape farlege situasjonar, og det blir vått, veldig vått.

NVE skildrar oransje nivå som ein alvorleg situasjon som sjeldan skjer, og at det krev førebuingar i beredskapen, og at det kan kome alvorlege skadar som følge av jordskred og flaum.

Råkar Austlandet søndag

Frå klokka 15 har politiet også auka beredskapen sin i dei områda som kan bli hardast råka av det venta uvêret.

Fleire stader i landet kjem til å merke uvêret som no er på veg.

I Agder, Buskerud, Oppland og Telemark er det søndag venta kraftige vind. I Agder og Telemark er det venta vindkast på 20 meter per sekund, og Meteorologisk Institutt har difor sendt ut oransje farevarsel. Gjenstandar kan bli tatt av vinden. Vinden vil i all hovudsak kome frå vestleg retning.

Laurdag kveld blir det også meldt om bygningar som har tatt inn vatn.

UVÊR PÅ VEG: Statsmeteorolog Kristian Gislefoss om vêrsituasjonen på Vestlandet.

Brigt Samdal og Årsetelva

FØLG MED: Brigt Samdal i NVE håpar folk er ekstra forsiktig om dei har tenkt seg utandørs i helga. På bildet er Årsetelva i Jølster, tatt laurdag ettermiddag. Her fryktar dei ny flaum.

Foto: Linda Olin Reite / NRK