Kråkenes fyr

DRAUMEN: Med ein felles draum, tusenvis av arbeidstimar og kjærleik, gav Thomas Bickhardt og Bettina Vick nytt liv til eit av landets mest ikoniske fyr.

Foto: Arne Stubhaug

Fyret, fyren og frua ved havet

KRÅKENES FYR (NRK): Kor mange bølgjer skal slå inn over land før ein blir lei av saltspruten i auga? Mange, veldig mange.

Sommaren, 1986: 22 år gamle Thomas Bickhardt frå Hamburg er på ferie i Noreg for å besøka ein kamerat. Denne sommardagen sit han på murkanten utanfor Kråkenes fyr i Vågsøy kommune, langt nordvest i Sogn og Fjordane.

Fyret ligg 45 meter over havoverflata og har Stadhavet som næraste nabo. Utsikta er spektakulær. Thomas vert umiddelbart forelska i plassen og drøymer om å bu på Kråkenes. Men han ser på det som urealistisk.

Kråkenes fyr

UTSIKT: Slik ser det ut frå Kråkenes fyr, utsikta Thomas Bickhardt forelska seg i tilbake i 1986.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg tenkte, wow! Er det mogleg? Finst det ein slik plass i verda, mimrar han tilbake, over 30 år seinare.

Dette er historia om korleis tysk idealisme og kjærleik bygde eit livsverk og levebrød på landets mest vindfulle plass. Og kva er det som gjer at nokon legg ned arbeid og pengar tilsvarande 6,5 millionar kroner i eit bygg som er eigd av staten?

Sjokket

Frå det første fyret vart sett opp på midten av 1600-talet og fram til i dag, har fyrlykter gitt skip og båtar langs heile kysten signal om farar.

Men mot slutten av det førre hundreåret skjedde det ei endring. Over 200 fyrbygg har blitt bygd, men etter kvart vart fleire automatiserte og familiane som budde der flytta. Med avfolkinga vart bygningane ståande tomme og då stoppa også vedlikehaldet.

Det same skjedde på Kråkenes fyr. I Vågsøy kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane er det fire fyr, og på starten av 90-talet stod fleire av dei til forfall.

For å ta vare på fyrhistoria, søkte kommunen etter leigetakarar som skulle få leige fyra mot at dei utførte nødvendig vedlikehaldsarbeid.

Kråkenes Fyr

ASSISTENTHUSET: Slik såg assistenthuset ved Kråkenes fyr ut før det vart rehabilitert. Bygget er det andre på eigedomen, utanom fyrbygget. Der budde assistenten til fyrfamilien, og då Thomas Bickhardt tok over i 1993 hadde ingen gjort vedlikehald på 30 år.

Foto: Thomas Bickhardt

Samstundes som kommunen heldt på å søke etter leigetakarar leita Tholærmas etter ein plass i Vågsøy der han kunne bygge eit kurssenter med overnatting. Han sende ein søknad til kommune om å få bygge dette på øya Silda som ligg aust for Vågsøy.

Men kommunen hadde eit anna forslag.

– Eg fekk heilt sjokk. Eg drøymde om å bu på Kråkenes fyr frå eg var her første gong i 1986. At dei utfordra meg på å laga eit kurssenter på Kråkenes fyr hadde eg ikkje våga å drøyme om ein gong, seier Thomas Bickhardt.

Avtalen med kommunen vart inngått i 1993. Året etter byrja han å bygge det som skulle bli starten på ei nesten 25 år lang kjærleikshistorie.

«Utlendingen»

Thomas var nyutdanna psykolog og flytta frå venner og kjende i millionbyen Hamburg. Men sjølv om han var nyforelska i starten var det ikkje berre solskinsdagar.

Mange av medstudentane heva augebryna då han fortalde at han skulle flytta frå Tyskland. Til Kråkenes. Og eit nedlagt fyr. Han hugsar godt at fleire av medstudentane kom med forslag til ein diagnose, men ikkje kva den var.

Utdanninga si skulle han bruka til å driva med kurs og seminar, kombinert med overnatting på fyret. Det gav litt inntekter, men ikkje nok til å leva av.

For i starten var det verken innlagt vatn eller straum. Eit lynnedslag hadde smelta det elektriske anlegget.

Og restaurering av hus hadde tyskaren lite erfaring med.

Kråkenes fyr

PRAKTISK: Måling var berre nokre av arbeidsoppgåvene Thomas Bickhardt måtte gjera på Kråkenes. Det var nye tider for den tidlegare sjømannen og nyutdanna psykologen.

Foto: Thomas Bickhardt

Ei anna utfordring kom frå lokalbefolkninga. Ikkje alle var like fornøgde med at det var ein frå utlandet som hadde fått leigeavtalen på naturperla i kommunen.

– Det var tungt i starten. Folk fokuserte på det negative, og det var ein overgang for mange at det kom framande folk frå utlandet og tok over fyret, seier Eystein Drønnesund som var næringssjef i Vågsøy kommune frå 1993 til 1996.

Dei første åra var utgiftene høge. Inntektene var små, og lokalbefolkninga var skeptisk. Likevel jobba Thomas vidare med kjærleiken og draumen som drivkraft.

– Dei første åra var harde. Eg var utlendingen som kom inn og «tok» perla i kommunen. Sjølv om ingen her hadde brydd seg på mange år, seier Thomas.

Likevel var kjærleiken til fyret, soloppgangane, solnedgangane, kysten og plassen like stor. Og draumen om sette fyret i ein stand som kunne delast med gjestar frå heile verda.

Både den flotte utsikta mot det frykta Stadhavet, men også ville stormopplevingar.

Foto: Reidar Nesje

For ingen plass i Noreg er det målt kraftigare vind enn på Kråkenes fyr. 29. januar 2016 vart det mål 48,9 meter i sekundet samanhengande i minst ti minutt. Til samanlikning er orkan 32,6 m/s. Tilbake i 1989 var det heile 233 døgn med stiv kuling i middelvind.

Drømmere & Drankere er meint for fire forblåste bakfulle menn i ei sjøbu

VANLEG: Sjølv om Kråkenes fyr ligg 45 meter over havoverflata står ofte bølgene over heile bygget. I terrenget rundt bygget er all jord og gras vaska vekk så langt opp som 60 meter over havnivå.

Foto: Bickhardt, Thomas / SCANPIX

Bildet som endra alt

For å få inntekter måtte fleire gjester kome til. For gjennom bedrifta og kontaktane sine heime i Tyskland fekk Thomas nokre gjester alt den første sesongen på Kråkenes, men det var ikkje mange. I ein tidsalder før internett brukte han seg sjølv og eit bilde av Kråkenes i lommeboka som reklameplakat.

Denne marknadsføringsstrategien skulle også visa seg å skaffa ein «gjest» som kom utan ein plan om å reisa heim att.

Kråkenes fyr

HER LIGG FYRET: Kråkenes fyr ligg i Vågsøy kommune, nordvest i Sogn og Fjordane.

For Thomas var på Kråkenes i sommarsesongen dei første åra. Om vinteren reiste han heim att til Hamburg for å marknadsføra plassen og kurstilbodet sitt.

På ein irsk pub i Hamburg trefte han Bettina. Ho var nokre år yngre, jobba som bioingeniør i Tyskland og hadde også ei tiltrekking til kystlandskap.

– Då eg trefte Thomas viste han fram bilete frå Kråkenes. Han fortalde med stort engasjement, og vi snakka saman heile kvelden, mimra Bettina Bickhardt.

Men så var kvelden over, og i dagane etter var ho tilbake i jobben sin på laboratoriumet. Då kom spørsmåla.

– Eg tenkte, kva skal eg med ein fyr som har eit fyr i Noreg, seier Bettina lattermildt.

For sjølv hadde ho ein draum om å flytta til Skottland eller Irland.

– Men gjennom vinteren vart vi betre kjend, og det gjekk ikkje lang tid før vi vart eit par. Men eg visste heile tida at Thomas skulle tilbake til Kråkenes til våren, seier Bettina.

Sommaren i 1996 besøkte Bettina fyret for første gong. Året etter forlét ho trygge Hamburg og vart med Thomas til Noreg.

Kråkenes fyr

MIMRING: Stemninga var god då Thomas Bickhardt og Bettina Vick mimra tilbake om dei 25 åra dei har brukt på å laga eit livsverk på Kråkenes fyr.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Alvorsstunda

22 år etter hugsar ho framleis godt alvoret då dei for første gong reiste til Kråkenes saman.

– Eg visste kva fyret betydde for han. Så anten var det eg, Thomas og fyret, eller så vart det ingen felles framtid. Eg forelska meg først i Thomas, men så også i plassen, fortel ho.

Også for Bettina var overgangen frå Hamburg til Kråkenes uvand. Det fekk ho merke alt den første sommaren.

– Eg sette i gang med å planta ein grønnsakshage utanfor. Men akkurat i det eg var ferdig kom det ein sommarstorm som vaska vekk heile greia. Då lærte eg kor røft havet kan vera, seier Bettina.

At dei vart to som no delte på prosjektet var det behov for. Sidan Thomas tok over nokre år i førevegen, hadde han brukt opp det meste av sparepengane sine.

Boring etter vatn var ein stor kostnad, og diverse rekningar hopa seg opp, blant anna for straum.

– Det var dagar der det var null på konto. Men vi hadde ikkje noko val. Vi måtte investere for å kunne ta i mot gjestar og få inntekter, seier Thomas.

– Men korleis fekk ein mat på bordet med null kroner på konto?

Fisk. Vi levde ut av ingenting.

I starten hadde dei kontraktar på eitt og to år med kommunen, som leigde fyret av Kystverket. Det gjorde det vanskeleg å legge langsiktige planar. Men kjærleiken til kvarandre og plassen heldt draumen ved like.

– Vi vurderte å gi opp sikkert tusen gonger. Delvis var det eit mareritt, men ein vert vande med det meste over tid. Mange gonger har eg tenkte at plassen er fantastisk, men det er ikkje verdt det, seier Thomas.

Men som elles i livet kan små tilfelle endre ting fort. Mot slutten av 1990-talet kom det tyske reisemagasinet Geo Saison til Kråkenes. Reportasjen om utvandrarane frå Hamburg auka merksemda globalt, og stadig fleire gjester tok turen.

Det var det behov for. For gjennom åra har dei brukt millionar på å vedlikehalde fyret. Leiga vart betalt gjennom vedlikehaldsarbeid, men innkjøp av måling, nye vindauge og andre material måtte dei ta frå eiga lomme.

Kråkenes fyr

NORDLYS: Dagar som denne er delar av grunnen til at Thomas Bickhardt og Bettina Vick forelska seg i Kråkenes fyr.

Foto: Eystein Drønnesund

Sett på verdskartet

Etter fleire år med oppussing og minimalt med inntekter vart, nye inntektskjelder etablert rett etter overgangen til eit nytt tusenår. Det vart opna kafé, Thomas og Bettina gifta seg, og dei fekk ei dotter i 2002.

Kafédrifta gav inntekter, men for å drifta ein kafé måtte dei ha fem tilsette. Det gav fleire besøkande, men også større slitasje på bygningen. Begge tok seg jobbar utanom arbeidet på fyret, og dei flytta frå Kråkenes til Selje som ligg ein dryg times køyretur unna.

Då dei gifta seg måtte sjølvsagt også det skje ved fyret. Og i eitt av romma i fyrbygget laga dei til ein brudesuite som dei sjølv brukte. I etterkant har suiten blitt tilgjengeleg for utleige.

Kråkenes fyr

HEILE VERDA: Gjester frå alle verdas kontinent har besøkt Kråkenes fyr og overnatta i brudesuiten som ligg i andre etasje i fyrbygget. I tillegg til soverommet er det kjøkken, bad og utsikt mot havet.

Foto: Thomas Bickhardt

– Det var Bettina sin idé, og den brudesuiten sette oss verkeleg på verdskartet. Eg har samla på utklipp frå aviser og magasin frå heile verda som har skrive om suiten, seier Thomas.

Då dei hadde bryllaupsnatta der var det verken kjøkken eller bad, men etter ein vinter med intens arbeid var det på plass til neste sesong.

Ideen om fyrferie og overnatting var dei tidleg ute med, og Thomas dreiv alt med det før han og Bettina flytta saman i 1996. Men aller først med overnatting på fyr var dei ikkje.

Det var Grønningen fyr utanfor Kristiansand som starta med overnatting og utleige så tidleg som i 1987.

I dag er det over 60 fyr i landet som tilbyr overnatting.

– Jobben dei har gjort på Kråkenes har vore viktig. Å bruka fyr på ein ny måte som dei har gjort, har spelt ein stor rolle i bevaringa av norsk kysthistorie, seier leiar i Norsk Fyrhistorisk Forening, Ola Sendstad.

Modellen med lokale initiativ til bevaring og vedlikehald av fyrbygga var bakgrunnen for at Norsk Fyrhistorisk Forening i 2017 fekk tildelt EU sin kulturminnepris, Europa Nostra.

Rollebytet

Vi skrur tida fram til 2005/2006, vinteren dei tok fatt på sitt største prosjekt. Kafédrifta gjekk sin gang og mange overnatta. For å få på plass fleire rom til utleige jobba Thomas dag og natt med å restaurere det som tidlegare var assistenthuset på Kråkenes.

Dei første åra gjekk mesteparten av tida med til hovudbygget, men med i leigeavtalen var det totalt to bygningar.

Assistenthuset var knapt vedlikehalde på 30 år og alt måtte skiftast. På fire-fem månadar jobba han opp mot 2000 timar for å bli ferdig til turistsesongen sette inn. Det kosta halvannan million kroner. 500.000 i material og ein million i arbeidsinnsats.

Kråkenes fyr

KAMPEN: Å bygge eit livsverk på Kråkenes fyr har vore tøffe tak.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Heilt sidan starten hadde dei jobba med å utvikla bedrifta. Først frå småskala overnatting og kursopphald med få rom. Seinare kafé og så brudesuiten.

Etter over eit tiår med låge inntekter tok dei no i mot opp mot 10.000 gjestar i året. Men det hadde si bakside.

Fyrbygget vart sett opp i 1906 og då var det bygd for at ein familie skulle bu der.

På eit tidspunkt gjekk også septiktanken, som han hadde grave ned for hand, full og det fløymde over. Også for Thomas nærma det seg maks kapasitet. Alt arbeidet med å sette i stand assistenthuset og mange år med hardt arbeid gjorde at han hadde fått nok.

Det som starta som hans draum og seinare vart ein felles draum var no blitt meir Bettina sin draum.

– Etter kvart var det Bettina som stod for drifta. Eg tok meg av vedlikehaldet. I starten var det min draum og mitt prosjekt, så kom ho inn. Kven gjer det? Flyttar frå Tyskland til Kråkenes. Ho flytta inn i min draum og mitt prosjekt, men alle endringane undervegs var hennar idé. Rollene endra seg, seier Thomas.

Kråkenes fyr

STOR SKADE: Natt til første juledag i 2011 herja ekstremvêret «Dagmar» norskekysten. På Kråkenes fyr vart vindauga i andre etasje slått inn og bygget vart fylt med sjøvatn. – Etter det var første gong eg følte meg utrygg i huset. Det tok fleire månadar før alt var tilbake til normalen, seier Bettina Vick.

Foto: Thomas Bickhardt

Slutten – del 1

I 2008 gjekk avtalen dei hadde hatt i mange år med Kystverket om leige av fyret ut. Dei kunne få ti år til, men det var usikkerheit.

Men det er ikkje utan grunn at denne historia vert fortalt i 2018 og ikkje i 2008. I siste liten bestemte dei seg for at dei ikkje ville gje slepp.

Dei tok ti nye år.

Frå eit bedriftsøkonomisk synspunkt var dei siste ti åra dei beste. Men likevel var inntektene berre høge nok til at ein person kunne ha eit levebrød. Thomas gjekk ut av drifta i 2009 og jobba med psykologutdanninga si. Men likevel bidrog han med vedlikehaldsarbeid på Kråkenes.

Frå å ha drive fullt køyr med både kafé og overnatting, var den nye satsinga noko ho kalla SlowTur.

SlowTur er eit tilbod til gjestar som kjem og blir over minst to dagar. Som ein del av opphaldet kan dei også få med massasje og det er med vilje ikkje lagt inn internett eller TV.

Dei starta prosjektet på Kråkenes som idealistar. Pengar og materielle ting betydde lite. Dei hadde kjærleiken. For kvarandre og fyret.

– Kjærleiken og idealismen berga oss. Det var vår draum, koste kva det koste vil, seier Thomas.

– Men etter kvart vart vi også forretningsfolk. Vi måtte berre. Sparepengane var brukt opp og vi måtte tenke lønsemd, seier Bettina.

Økonomien i livsverket vart stadig betre. Men det hadde ein pris. Kjærleiken var på hell.

Kråkenes fyr

KREVJANDE: Det har ikkje berre vore ein dans på roser å laga ei bedrift som går rundt på Kråkenes fyr.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Slutten – del 2

Thomas og Bettina har lagt ned tallause timar for å bevara eit norsk kulturminne som dei heile vegen har visst at dei aldri ville eige. Hardt arbeid og dei tøffe utfordringar prega også forholdet mellom dei.

– Det er ingen tvil om at utfordringane vi har hatt med fyret vart tatt med inn i ekteskapet. Det var gjensidig semje og vi hadde utvikla oss forskjellig, men eg valde å halde på vidare. For Thomas har framleis kjærleiken til fyret og han stiller opp om eg treng hjelp til noko, seier Bettina.

Dei gjekk frå kvarandre i 2012 og vart skilt i 2013. Bettina heiter ikkje lengre Bickhardt til etternamn. No heiter ho Vick, det same som ho gjorde då ho kom til Kråkenes første gong på 1990-talet. Men sjølv om kjærleiken til kvarandre forsvann, har dei to ting som likevel heldt dei saman.

– Fyret og dottera vår har vore limet. Vi har gått kvar vår veg og passa ikkje saman over tid. Men dette er eit livsverk vi har skapt saman. Punktum, supplerer Thomas.

Nyttårsaftan 2018 er den siste dagen i leigeavtalen. Frå første januar står Ytre Nordfjord Turlag klar til å ta over. For Bettina, som har drive bedrifta dei siste åra, var det rett å gi seg no.

– Eg føler at eg gir meg på topp. Litt som ein toppidrettsutøvar, seier Bettina med eit stort smil.

Gjennom eit kvart hundreår viser rekneskapen at investeringane og arbeidstimane dei har lagt ned svarar til om lag 6,5 millionar kroner. Gjennom 25 år svarar til over 21.000 kroner i månaden.

Når turlaget tar over leigeavtalen, skal dei betale vidare vedlikehald.

– Turlaget har også sagt seg villig til å kjøpe inventar, nettsida, kundar og sponsoravtalar. Det set vi pris på, seier Thomas.

Trass i dette har det kosta langt meir enn dei får tilbake rein økonomisk.

Likevel er dei samstemt på spørsmålet om dei ville gjort det same igjen.

– Eg angrar ikkje eitt sekund. Vi kan snakka mykje om lønsemd, men det har vore ei erfaring som har vore heilt eineståande. Eg har kanskje jobba for hardt i periodar, men no gler eg meg til å kunne besøke Kråkenes utan å måtte tenka på om det er noko eg skulle ha ordna på, seier Thomas.

Etter nyttår skal Bettina jobba vidare med reiseliv i Selje og halda fram med SlowTur-konseptet. Dottera har blitt 16 år og har flytta for å gå på vidaregåande skule på Nordfjordeid.

Thomas har fått seg ny kjæraste, som bur i Hamburg. Planen er å jobba vidare med organisasjonsutvikling i Noreg, men turane til Tyskland vert kanskje hyppigare.

Kråkenes fyr

OVER OG UT: Til nyttår går Thomas og Bettina tilbake i «vanlege» jobbar, etter 25 år som leigetakarar og drivarar på Kråkenes fyr.

Foto: Arne Stubhaug / NRK