NRK Meny
Normal

To tredjedelar av norske tunnelar manglar DAB-dekning

JØLSTER (NRK): Det kan vere farleg for trafikantane, meiner ordførar Oddmund Klakegg. Ein tunnel utan dekning før naudnett og radio i hans kommune vart råka av tunnelbrann for to månadar sidan.

Dab-dekning i tunnelar

I Jølster i Sogn og Fjordane skurrar radioen når ordførar Oddmund Klakegg (Sp) kjem inn i ein tunnel.

I april vart 13 menneske frakta til sjukehus etter ein tunnelbrann i den seks kilometer lange Fjærlandstunnelen, eit par kilometer oppe i dalen.

– Brannen er ei påminning om kor sårbare vi er, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) etter ulukka.

Denne tunnelen har ikkje dekning for FM-radio i dag, og vil difor heller ikkje få DAB- og naudnettdekning med det første.

– Mange gamle tunnelar utset trafikantane for fare. Spesielt fordi det ikkje er kommunikasjon for dei vegfarande, seier Jølster-ordførar Klakegg.

I Noreg er det 1100 tunnelar. Av dei har 335 DAB-dekning.

I løpet av året blir FM-nettet sløkt i heile landet. 21. juni forsvinn dekninga i fire fylke, blant andre Sogn og Fjordane.

Vil ha betre kommunikasjon

Mange av tunnelane som manglar dekning er så korte at dei aldri vil bli utbygd heller. *

Men alle nye tunnelar som blir bygde har både DAB- og naudnett. Også alle gamle tunnelar som har hatt FM-dekning før, skal få signal for det nye systemet etter kvart.

Der tunnelane har dekning, kan naudetatane snakke frå ein telefon rett inn på radioen til bilar som er inne i tunnelen om noko skulle skje.

– Om det blir røykutvikling i ein tunnel kan vi til dømes be folk om å ta seg ut den andre vegen, forklarer Sveinung Hovland frå Vegvesenet.

Viktig melding på dab-radio

DIREKTEMELDING: Med DAB-dekning har vegvesenet moglegheit til å sende meldingar direkte til trafikantane, uansett kva kanal dei høyrer på.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Under tunnelbrannen i Fjærlandstunnellen oppstod det kaos, og fleire gjekk i feil retning i røyken.

Det ynskjer ein å unngå med betre dekning.

– Vi bygger gjerne ut meir om vi får pengar. Hovdetunnellen som er under oppgradering no, er 1300 meter. Der kostar det 1,5 millionar kroner å bygge ut naudnett og dab-dekning, fortel Sveinung Hovland frå Vegvesenet.

Der skal nettet etter planen bli bygd ut allereie i september.

Sveinung Hovland, Vegvesenet

FOR TRYGGLEIKEN: Sveinung Hovland frå vegvesenet seier dei gjerne vil bygge ut naudnett og DAB-dekning i tunnelane fortare dersom dei får pengar til det.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Siktar mot 2025

Vegvesenet har som mål å bygge ut dekninga i riksvegtunnelane innan 2023.

Oddmund Klakegg

I MØRKET: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster vil ha fart på utbygginga av DAB og naudnett i dei gamle tunnelane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Det er ikkje raskt nok, meiner ordføraren i Jølster.

– Vi har teknologien, vi veit kva det kostar. Vi ynskjer utbygging av DAB-dekninga i mykje raskare tempo, spesielt her i dei litt farlege tunnelane bygde på 70- og 80-talet, seier Oddmund Klakegg.

Meir om beredskap i tunnelar:

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast