Hopp til innhold

– Fullt av røyk og heilt kaos

FØRDE SENTRALSJUKEHUS (NRK): Synne Storheil Stavheim (20) frå Lesja i Oppland var mellom dei som måtte gå til fots ut av den røykfylte Fjærlandstunnelen måndag kveld.

Synne Storheil Stavheim

GLAD HO OVERLEVDE: Synne Storheil Stavheim på Førde Sentralsjukehus.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Ho var på veg tilbake til Sogndal etter påskeferien og hadde stansa ved inngangen til Fjærlandstunnelen på Jølster-sida. Der måtte ho vente på ein kolonne på grunn av spyling av tunnelen.

– Leiebilen førde oss inn i tunnelen. Etter vel ein kilometer stoppa kolonnen opp, og så kom det ein mann og sa vi måtte snu fordi det brann. Så vart det fullt av røyk, og det vart heilt kaos. Ingen av bilane kom seg korkje fram eller tilbake.

Dermed måtte dei ut av bilane og gå til fots ut av tunnelen.

– Det var tjukk røyk, eg såg berre ein centimeter framfor meg. Eg visste ikkje kva som var opp eller ned, framme eller bak.

Feiebilen som bann i Fjærlandstunnelen

UTBREND: Bilen som tok fyr inne i tunnelen ser slik ut i dag.

Foto: Jo Marius Bøyum

– Kaos i hovudet

– Kva tenkte du då?

– Eg tenkte at eg måtte kome meg ut, at det var vanskeleg å puste. Det var heilt kaos i hovudet.

Så møtte dei ei gruppe folk som gjekk feil veg.

– Dei var sikkert heilt desorientert av panikk. Vi kjende at det vart varmare og varmare. Men vi kom oss i rett retning, eg veit ikkje kor lang tid det tok.

På utsida vart dei møtt av brannfolk som gav dei vatn og teppe.

– Etter ei stund kom luftambulansen og eit Sea King-helikopter og frakta oss til Førde, der vi vart sjekka og observerte gjennom natta.

– Heldig

– Kva tenkjer du i dag då?

– Eg tenkjer at eg har vore heldig som overlevde, og at eg ikkje får varig mein, håpar eg. Og så var det veldig godt at alle kom seg ut, og at alle kjem til å bli OK.

– Det skjedde så fort

Ein annan som berga seg ut er Johan Skorge frå Nordfjordeid. Tysdag var han tilbake ved Fjærlandstunnelen for å hente bilen sin.

– Ein mann sa at vi måtte rygge, men så vart det kaos. Plutseleg kom det mykje røyk, det skjedde så fort. Så var det nokon som bulka i bilen. Ein kar banka på bilruta og sa vi måtte kome oss ut og ikkje bli sittande i bilen.

Johan Skorge

HENTA BILEN SIN: Johan Skorge var tysdag tilbake ved Fjærlandstunnelen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Dei var tre som saman fylgde tunnelveggen ved hjelp av lykta på mobilen og gjekk sakte mot opninga.

– Røyken var veldig ubehageleg, men eg heldt t-skjorta framfor nasen. Det gjekk fint, vi fann vegen ut.

På parkeringsplassen utanfor Fjærlandstunnelen står bilane som vart fanga i røyken. Nesten alle har fått bulkar og knuste lykter.

– Det skjedde i panikken då alle prøvde å snu. Vi bulka i kvarandre fordi vi ikkje såg noko i røyken, fortel Johan Skorge.