Hopp til innhold

– Ei påminning om kor sårbare vi er

SKEI I JØLSTER (NRK): Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen forsikrar at regjeringa tek branntryggleik på alvor. I natt var han berre kilometer unna den dramatiske brannen i Fjærlandstunnelen.

Solvik-Olsen på Skei

– ALVORLEG: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen var berre nokre kilometer frå Fjærlandstunnelen då det tok til å brenne.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Statsråden er på rundreise til alle flyplassane i landet. I dag er han på Sandane lufthamn Anda, og difor overnatta han på Skei. Han seier brannen er ei påminning om kor sårbare vi er når det oppstår brann i tunnel.

– Sjølv om dette var ein situasjon der fagfolk var til stades, det skjedde jo i ein spylebil, så ser vi kor fort ting kan utvikle seg. Folk har jo hamna på sjukehus med lettare skade. Det viser alvoret i saka, meiner Solvik-Olsen.

Sjukehus

MANGE TIL SJUKEHUS: I alt 13 menneske blei frakta til sjukehuset i Førde med røykskader etter brannen i går kveld og natt.

Foto: ODDLEIF LØSET / NRK

På 2000-talet har det vore fleire alvorlege brannar i vegtunnelar i Norge:

Utbrend bussvrak etter brannen i Gudvangatunnelen

UTBREND: Vraket av bussen som tok fyr inne i Gudvangatunnelen 11. august 2015.

Foto: Jens Olav Flekke

– Fordi det er viktig

Samferdselsministeren seier at det blir gjort mykje for å gjere dei lange vegtunnelane sikrare.

– Vi jobbar iherdig med å syte for at tunnelane blir oppgraderte. Vi skal bruke rundt 2,5 milliardar kroner berre i 2017 på å sikre tunnelar. Dette er eit arbeid som vi har firedobla etter regjeringsskiftet fordi det er viktig. Det er vel ingen stad ein kjenner seg meir sårbar enn i ein tunnel med sterk røykutvikling og få stader å flykte, seier Solvik-Olsen.

Bilbrann i tunnel

SKREMMANDE: Svart røyk veltar ut av Magnhildskartunnelen etter brannen 17. juni 2016.

Foto: Amalie Terdal Igland/tipser